Magasinett

Utskrift

Lov til å gå der og gløyme?

Skrive av Marianne Magnussen .

- eit intervju i tre akter



Persongalleri:
-Magasinett-utsending
-Viktor Emanuel (19 år) frå Stavanger, yngste student i kollektivet Bjørklund, Tromsø.
-Sveinar Sandvin (24 år) frå Stokmarknes, husfar i kollektivet Bjørklund.
-Tore Andrè Antonsen (28 år) frå Harstad, student og åleinebuar i Tromsø.

Scene:
Sundagskveld i Tromsø. Viktor og Tore er på besøk hjå Sveinar. Det vesle rommet er ryddig og møblert i brunt. På veggen heng det eit teppe og eit kart. Viktor ligg på tvers over ein godstol, dei andre to sit på senga. Sveinar kveikar stearinljos. På bordet er det ei fyrstikkeske, ein kaffekopp og ein slitt filofax, attmed står ein gitar. Studentane snakkar avslappa saman og bryt stadig ut i  latter.

 

AKT 1: Personleg hugs

Magasinett: Gløymer de oftast det de likar eller ikkje likar å gjere?

Tore: (klart og konsist) Eg gløymer ofte det som er knytt til plikt; å betale rekninga, ordne skattekort, gå ut med søpla.


Sveinar gløymer først og fremst det han har lyst å gjere.

Sveinar: (tankefull) Pliktar blir for min del berre utsett. Hugnadar kan eg derimot gløyme, for det får ikkje så store konsekvensar. Eg har til dømes gått og gleda meg til mange filmar som eg aldri har sett. 
Viktor: (lågt) Eg gløymer ikkje plikter...eg berre utset dei.

Magasinett: Kva er skilnaden på å gløyme og utsetje?

Viktor: Når du utset vaskeposten din, vel du å gjere den seinare.
Sveinar: (engasjert) Men det vert gjerne kategorisert under gløyming. Me har kanskje eigenleg store mørketal her?
Tore: Gløyming er betre, av di det er ufriviljug. Utsetjing tyder nedprioritering.

Magasinett: Har de gløymt noko som var viktig for dykk?

Sveinar: Eg gløymte å gå på teater i går, og angrar veldig.
Viktor: (forsiktig) Nei...Eg har gløymt eit fotokamera til mange tusen i Tyskland og å søkje om stipend, men dette er jo ikkje så viktig... Det viktigaste for meg er å ikkje såre nokon og å ha det kjekt.
Tore: Eg gløymte å slå av kaffetraktaren ein gong. Det var svært skummelt! Men noko meir veit eg ikkje om.
Sveinar: (smilande) Kanskje du berre har gløymt resten?

Magasinett: Gjer de noko for å hugse huslege plikter som reinhald?

Sveinar: Det tek den høge moralen min seg av. Eg er så skikkeleg at eg hugsar det likevel. (gliser) Eg har enno ikkje gjort vasken for denne veka, men den nagar i bakhovudet.
Viktor: Eg vert minna på at eg må vaske toalettet kvar gong eg brukar det. Men eg synst ikkje at eg gjer det godt nok til å få ære for det, så eg set ikkje kryss på vaskelista. (Sveinar humrar høglydt)


Tore er glad han ikkje har Flink-pike-syndromet.

Tore: (byrjar å byggje fyrstikkhus, og er ikkje heilt konsentrert) Nei, gløyming går jo berre ut over meg sidan eg bur åleine.

 

Akt 2: Flink-pike eller filofax-gut?

Magasinett: Kan ein tolerere gløyming av pliktar?

Sveinar: (alvorleg) Nei, det er eit avtalebrudd.
Tore: (trøytt) Einig.
Viktor: Eg har stor toleranse for at andre gløymer, fordi eg gjer det sjølv. Men det er ikkje akseptabelt når det gjeld viktige ting og når det får store konsekvensar.
Tore: Det hender også at folk skuldar på gløyming når dei eigenleg ikkje hadde lyst å gjere noko. (tek gitaren og byrjar å klunke)
Viktor: Men kva elles kan ein seie, folk kan jo bli såra?
Tore: Ærlegdom varar alltid lengst.

Magasinett: Er det skilnad mellom kvinner og menn når det gjeld gløymefrekvens?

Sveinar: Eg trur menn har større moglegheit for å forbli gløymsk etter at dei vert foreldre.
Viktor: Kanskje dei berre oftare seier at dei gløymer noko når dei eigenleg har nedprioritert det?
Tore: (tenker lenge) Mange kvinner har Flink-pike-syndromet. Dei er oppteken av å gjere ein best mogleg jobb så ingen kan ha noko å utsetje på dei. Menn har ikkje det same.
Sveinar: (bestemt) Jau! Men eg skjøner ikkje kvifor det vert kalla eit syndrom? Det er jo positivt!
Tore: Men det er slitsamt, går ut over livskvaliteten. Eg har det iallfall ikkje.


Viktor synest det tek altfor lang tid å skrive opp det ein skal hugse.

Magasinett: Synest de at studentar burde ta ansvar for å skrive ned det dei skal hugse?

Tore: Nei. Alle treng jo ikkje bruke hjelpemiddel for å klare dette.
Viktor: Viss eg skulle byrje å skrive opp alt, blir det jo ein uvane etter kvart. Skal eg alltid ha papir og blyant med meg, liksom? (fnisar)
Sveinar: (sakte) Eg har hatt periodar der eg alltid har gått med papir og blyant.
Tore: Er det ikkje dette me har filofax til? Eg bruker filofax og mobilvarsling.
Viktor: Eg berre tenker at eg skal hugse det... og så gløymer eg det. (alle bryt ut i latter) Men det er likevel betre enn å skrive det opp, for det tek så lang tid!

 

AKT 3: Framtid og von

Magasinett: Er auka gløyming eit naturleg resultat av fleire val?

Tore: I våre dagar er det fleire ting å ta stilling til, og vanskelegare å ha oversikta. Me gløymer altså meir. Men det er også ei anna mentalitet i dag. Før hadde ein meir å tape, bleir sett meir ned på. No går det greit uansett, av di samfunnet er blitt så individualistisk.
Sveinar: Eg synest i grunn det er positivt at samfunnet er meir sympatisk i dag.
Viktor: (optimistisk) Men me hugser også mykje meir i dag, sidan me får så mykje informasjon.


Dei tre studentane ser lyst på framtida, og håpar neste generasjon blir flinkare til å hugse sine pliktar.

Magasinett: Er det skulen eller foreldra som har ansvaret for å lære den kommande studentgenerasjonen å hugse?

Sveinar: Familien er nødt til å ta ansvar for å oppdra barna.
Tore: Men familien finst jo ikkje lengre?
Sveinar: Jau! Berre vent, så skal eg vise deg... (smilar breitt)
Tore: Den finst på veg til og frå fotballtreninga.
Sveinar: (proklamerande) Fotballen. Det er den som splittar familien!
Viktor: Men du kan ikkje hindre barnet ditt i å spele fotball.
Tore: (overtydande) Eg har jobba som lærar. Me har nok ansvar. Hugsen lyt foreldra ta seg av.
Sveinar: ...på veg til og frå fotballtreninga.

Magasinett: Korleis trur de den norske studenten sitt minne vil vere om 20 år?

Viktor: (nølande) Det blir nok større fokus på at det er viktig å hugse.
Tore: Då har vi fått installert ein chip som fortel oss alle gjeremåla våre. Den sender elektriske impulsar til hjernen, så me kan bruke tida på andre ting. Og så får du støt viss du vel den bort.
Sveinar: Eit elektrisk samvit?
Tore: Eller digitalt. (spelar ein lystig song på gitaren) Og er programmet dårleg, kan du kjøpe oppgradering. Det vert pengar å tene her!
Sveinar: (høgtideleg) Eg vel heller å tru at det vert meir oppriktigheit og ansvarskjensle i framtida. Ære vil få ein ny plass i mitt fremtidige Noreg!

 

SLUTT


 


13. februar 2007