Magasinett

Utskrift

Bokdag med boksjekk

Skrive av Magasinett .

(NPK): Den 23. april blir verdsbokdagen markert. I Barcelona finst det ein gammal tradisjon med å gje bort ei bok og ei rose til ein venn på denne dagen.

Her i landet får alle elevar i 6. og 7. klasse denne dagen tilbod om ein boksjekk på skulen. Med den i lomma kan dei gå til bokhandelen å få ei gratis pocketutgåve av aktuelle barne– og ungdomsbøker.

Markeringa i Noreg er eit samarbeid mellom Den norske Bokhandlerforening og Utdanningsdirektoratet. Skulen eller kontaktlæraren til elevane må melda seg på kampanjen før 6. mars. (NPK)