Magasinett

Utskrift

Reagerer på svensk ispinne for jenter

Skrive av Nynorsk Pressekontor .

Ein rosa is med glittersminke i pinnen får svenske forbrukarar til å reagere.

– Eg set spørsmålsteikn ved om det finst ein etterspurnad, seier generalsekretær i Sveriges Konsumenter, Jan Bertoft til Aftonbladet.

«Girlie» er varenamnet på den nye isen til produsenten GB. Det er ein stjerneforma, rosafarga is med bringebærsmak.

Og om ikkje namnet og fargen gir ein ide om kva kjønn isen rettar seg mot, så finst nok ein leietråd. Sjølve ispinnen er fylt med glittersminke.

GB meiner isen signaliserer «sommarkjensle», «stjernestatus» og discokjensle».

Bertoft meiner GB skal gjere produktet meir kjønnsnøytralt.

– Dei må gjerne kalla ein is for «Girlie», men han treng ikkje vere så utruleg innretta mot unge jenter og korleis dei skal vere, seier han.

Sveriges Konsumenter er ein partipolitisk uavhengig samarbeidsorganisasjon som jobbar for interessene til konsumentane. (NPK)

Bilde: GB.se
22. mars 2007