Magasinett

Utskrift

Ikkje gyldig eksamensgrunnlag

Skrive av Toyni Tobekk .


Nynorsk kultursentrum stiller seg tvilande til om norskeksamen for ungdomsskulen blir avvikla på gyldig grunnlag neste veke.


















- Manglande nynorsk i eksamensheftet skaper ein uakseptabel situasjon for dei nynorskbrukande elevane som i neste veke skal opp i eksamen.

Det seier Nynorsk kultursentrum ved direktør Ottar Grepstad  i eit brev til Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.

(Foto: Norsk Plan as)

I eit brev til Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet sendt ut i morgontimane i dag peikar Nynorsk kultursentrum på at tekstheftet til norskeksamen for ungdomsskulen berre inneheld 2 nynorsktekstar av i alt 20 tekstar.

Dette er heller ikkje nytt av året, det er berre verre enn før, seier brevskrivarane og syner til at heftet i fjor innehald 14 bokmålstekstar og 6 nynorsktekstar.

 

Inviterer til bokmål
Nynorsk kultursentrum meiner eit opplegg med så få nynorsktekstar inviterer til å skrive bokmål, uansett kva fagleg nivå elevane er på.

- Både Stortinget, regjeringa Stoltenberg og kunnskapsministeren har vore krystallklare både i synet på språkleg jamstelling generelt og på kor viktig det er å sikre grunnlaget for at nynorskbrukande elevar kan bli verande nynorskbrukarar, heiter det i brevet.

Bokmåls- og nynorskelevar har dei same rettane i høve hovudmålet sitt, men Nynorsk kultursentrum meiner dette eksamensheftet frå Utdanningsdirektoratet ikkje tyder på noko språkleg jamstelling.
 
Ikkje gyldig eksamen?
No bed Nynorsk kultursentrum om svar innan måndag førstkommande på korleis denne situasjonen har oppstått og kva direktoratet og departementet vil gjere for  å sikre reell jamstelling i framtida.

Samstundes stiller dei spørsmål ved kor vidt denne norskeksamen blir avhalden på eit formelt gyldig grunnlag.

Norskeksamen tek til tysdag 22. mai.



18. mai 2007