Magasinett

Utskrift

Morsmålsopplæringa svekkjer ikkje norsken

Skrive av Nynorsk pressekontor .

Undervisning på eige morsmål gjer det ikkje vanskelegare for minoritetselevar å lære norsk eller andre fag. Det viser ein rapport som forskingsinstitusjonane NOVA har gjort på oppdrag av Kunnskapsdepartementet.

Rapporten gjev eit oversyn over forsking om effektane av språkleg tilpassa opplæring av minoritetsspråklege elevar.

Kartlegginga viser at forskingsresultata er blanda når det gjeld kor viktig morsmålsopplæringa er for barnas språklege og faglege utvikling. Men felles for alle studia er likevel at ingen av dei har komme fram til negative effektar av morsmålsundervisning.

Argumentet om at morsmålsundervisning tek merksemda bort frå innlæringa av andre språk er høgst sannsynleg feil, slår rapporten fast. (©NPK)

Framsidefoto: flickr.com
14. juni 2007