Magasinett

Utskrift

Yrke: Skodespelar

Skrive av Anna Kirsten Hellevang .

Yrke: Skodespelar

Guhild Aubert Opdal har gått på jobb i Sydney Operahus og spelt skodespel i USA og ikkje minst i heimkommunen Kvinnherad. I juni stod ho på scenen i Bergen med Noregspremiere på Jo Strømgren si forstilling «Orkesteret».
Gunhild Aubert Opdal
Foto: Gunhild Aubert Opdal har opptredd i operahuset i Sydney, men trivst like godt med å spele for sambygdingane i Husnes.









Gunhild Aubert Opdal
Alder: 32
Frå: Seimsfoss
Adresse: Oslo
Utdanning: Mimeskule i Frankrike,
Drama, teater og kommunikasjon ved Høgskulen i Oslo.
Yrke: Skodespelar

– Kven er Gunhild?
– Eg er ikkje kjedeleg på godt og vondt, eg bringer liv og er temperamentsfull, seier ho.
Når ho skal slappa av likar ho å vera saman med sine næraste vener. Jenta ler og kastar på krøllane i det lange mørke håret. Ho fortel at som lita var ho så heldig å få vera i ein kreativ klasse på Seglem barneskule i Kvinnherad ved Hardangerfjorden.
– Juleoppvisning var veldig stas for meg. Eg gledde meg til det kvart år, smiler ho.

Etter kvart vart ho med i Rosendal Ungdomslag, noko som skulle visa seg å bli avgjerande for hennar framtid. I ettertid takkar ho dugnadsgjengen som stod på for at unge skulle få utfolda seg på scenen. 12 år gamal stod ho på scenen i Rosendal Samfunnshus og spelte Pippi Langstrømpe. Det vart starten på mykje ablegøyer på scenen. Ho hugsa at ho hinka, hoppa og spratt då ho skulle fortelja om Pippi som reiste til Stillehavsøyane for å besøkja pappa.

Det var den første store oppsettinga.
– Eg var begeistra og gledde meg. Ho minnest avisutklipp frå lokalavisa Grenda etter forstillinga, der ho vart sitert med: «…seier Gunhild, som seier ho vil bli skodespelar når ho blir stor».

Etter at ho hadde runda 20, reiste ho utanlands.
– Eg er frankofil og reiste til Frankrike for å gå på mimeskule.
Eg fekk privatundervisning på eit loft av ein mann iført skøytedrakt og var den einaste eleven. Det var eit sjokk. Etter første dagen gjekk eg i ein park, grein og drakk øl og ringde heim, seier ho. Far svara at ho var velkomen heim – men ho blei verande. Etter tre veker kom det ei fransk jente for å studera på privatskulen. Dei øvde 4-5 timar dagleg i kondomdrakt.
– Vi lærte rigide tekniske øvingar. Det var heilt sjukt, ler ho i ettertid. Det enda med at ho blei ut skuleåret, men det hadde endra synet hennar på kva ho skulle bli. 
– Eg bestemte meg for å aldri meir driva med teater, seier ho.

Så flytta ho til Noreg att til Kristiansand for å studera fransk. Men det gjekk ikkje lenge før ho oppdaga skulen si teatergruppe, og ho klarte ikkje å dy seg.
– Eg heiv meg rundt og blei med i studentgruppa. Vi sette opp ein sommarrevy i Kristiansand. Så reiste ho til Oslo for å studera Drama, teater og kommunikasjon. Derifrå gjekk det slag i slag.


Foto: Gunhild Opdal (i midten) spela nonne som vart lurt av medsøstrene sine til å tru at eit frø vart til desse stråa på eit lite blunk. Frå Jo Strøm Kompaniet si framføring «Klosteret» på Husnes Kulturhus i februar 2007.

I 2001 kom ho attende til Rosendal og spelte stykket «Rike Per» med Teater Joker. Stykket vart ein kjempesuksess og vart vist 328 gonger her i landet.
– Eg spelte den vonde stemora, som var kåt på pengar, fortel Gunhild.
– Eg hadde til dømes ein veldig fantastisk teateroppleving på teaterbåten Innvik i 2001 med «Rike Per». Det var utruleg kjekt og ei enorm stemning.

Dei siste sju åra har ho jobba som full tids skodespelar, og sidan 2005 har ho spelt i Jo Strømgren kompani.
– Å jobba som skodespelar er veldig fint. Eg er utruleg heldig. Det eine prosjektet har avløyst det andre. Eg har aldri vore arbeidsledig. Men eg har jobba hardt for dette. I fjor hadde eg over 200 reisedagar, fortel Gunhild.

Av høgdepunkt vil ho ta fram turneen til Australia i fjor.
– Det var veldig stas å spela i Sydney Opera hus. Det er eit enormt kulturelt symbol, fortel ho. Ho seier dei framførte «Hospitalet» med Jo Strømgren Kompani, som har blitt vist i 17 land.
Gunhild har mellom anna spelt på Grønland i hovudstaden Nuuk.
– Det var utruleg spesielt. «Hospitalet» handlar om isolasjon og attgløymde menneske. Eg følte at temaet i forteljinga spegla dei som budde der.
Ho seier der finst berre ein veg på 15 km, som går til flyplassen, og det kostar ei månadsløn å ta fly ut av Grønland. Ikkje rart Gunnhild fekk ei sterk kjensle av isolasjon då ho var der.

Eit av særmerkja til Jo Strømgren er å framføra på eit språk som ikkje finst, men som har grammatikk eller uttale som liknar eit språk. Det gjer det mogleg å framføra skodespelet i fleire land. «Hospitalet» er skrive på ein tulle-islandsk, og Gunhild har også spela i Reykjavik med denne førestilinga. Ho synest det er litt tøft å seia ord som ikkje finst. Dei har ikkje manus, men øver på stykket om og om att til det sit.
– Jo har sitt eige univers. Å jobba med Jo er veldig kjekt. Det er ein mann av få ord, men han har ein klar tanke med kva han vil, seier ho. Spela «Hospitalet» og «Klosteret» har fått jamt over god mottaking. Gunhild trur det har å gjera med at publikum kan kjenna att menneskelege ting med spelet.

I fjor  var ho mellom anna til Philadelphia i USA med «Klosteret», og ho kom til heimkommunen til Kulturhuset Husnes med førestillinga. Gunhild fekk svært god mottaking hjå heimepublikummet. For henne betyr spelet ei søken etter meining.
– Vi er prisgitt kvarandre på godt og vondt. I desperasjon gjer ein vonde ting, seier ho, som i «Klosteret» der nonner som ver innestengt og er avhengige av kvarandre.

Gunhild har spelt om lag 200 forstillingar med Jo Strømgren Kompani og er no i gang med den tredje produksjonen, «Orkesteret».
– Det handlar om eit finsk band som lid av bakrus og nostalgi på grunn av dei farne tider då dei var eit band, seier ho. Bandet er tilsynelatande oppløyst. I slutten av april hadde kompaniet verdspremiere i Tallin i Estland. 
– Det gjekk kjempefint. Folk var veldig begeistra. Det kom finnar og omfamna oss og synest vi var storslagne, smiler ho.

Det var premiere på spelet i Noreg under Festspela i Bergen. Til hausten blir det råd å høyre Gunhild og «Orkesteret» i Husnes.

 


20. august 2007