Magasinett

Utskrift

Kvinner svikter realfag

Skrive av Magasinett .

Eit toårig forskingsprosjekt ved Universitetet i Oslo skal prøve å finne svaret på kvifor kvinner forlét matematikken, teknologien og naturvitskapen.

 


Prosjektet Kvinner i realfag skal sjå spesielt på forskarmiljøa for å prøve å finne grunnen til at realfaga ikkje greier å halde på kvinnene, melder forskning.no. Kvinnene vel seg vekk frå realfaga både i løpet av studietida og etter at dei har fått ein grad.

Brita Brenna er ein av forskarane som skal jobbe i prosjektet, og ho seier det er eit ønske i samfunnet om at kvinner deltar meir i område som teknologi og vitskap. Ho ser for seg at det kan vere store utfordringar knytt til å skulle forske på forskarmiljøa, spesielt når det handlar om kjønn. Realfaga fokuserer på det objektive, det eksakte og det universelle, seier ho.

Teknologibedrifter og akademia har lenge vore bekymra for framtidig rekruttering, og skulereforma Kunnskapsløftet har ført til ei breiare satsing på realfag i grunnskulen.
17. september 2007