Magasinett

Utskrift

Sprelske kvardagsheltinner til scena

Skrive av Johanne .

Det Norske Teateret
Få meg på, for faen!

Premiere 8. november
Av: Olaug Nilssen
Regi: Marit Moum Aune
Regi ass.: Marit Åslein
Scenografi: Arne Nøst
Kostyme: Ingrid Nylander

Skodespelarar:
Pia Tjelta som studenten Maria, Charlotte Frogner som kåte Alma og Marianne Krogh som ”Kona til Sebjørn”.
Dei øvrige medvikande er Torbjørn Eriksen, Jon Eivind Gullord, Pål Sverre Valheim Hagen , Kaia Varjord og Nina Woxholtt


Det er klart for premieren av Olaug Nilssens Få meg på, for faen! på Det norske teateret i Oslo og førehandssalet nærmar seg rekord. Historia om dei frustrerte jentene med utspring i den vesle vestlandsbygda Skoddeheimen er tydelegvis populær i hovudstaden. På scena står blant anna Pia Tjelta i rolla som den fråflytta, dagdrøymande sosiologistudenten Maria som mest av alt vil kome på Vestlandsrevyen,  Charlotte Frogner speler den sprengkåte ungjenta Alma, medan den nærast usynlege Kona til Sebjørn vert spela av Marianne Krogh. Felles for desse og dei andre karakterane, er deira inderlege ønske om ei form for deltaking: Å kome på.

Kvinneleg kåtskap
Det var slett ikkje sjølvsagt at Få meg på, for faen! skulle bli teater. Regissør Marit Moum Aune ville at forfattaren sjølv skulle dramatisere, men Nilssen var noko skeptisk i byrjinga. Ho var rett og slett litt lei heile boka.

-Eg hadde ikkje så lyst og trudde ikkje eg ville få det heilt til, forklarar Nilssen. Dramatikk har aldri vore i tankane mine og eg skriv på ein veldig litterær måte, delvis surrealistisk. Sjølv om Få meg på, for faen! har ei meir tradisjonell form, såg eg nok heller ikkje denne for meg som teater, seier Nilssen. Forfattaren var dessutan lei av å forsvare boka sine eksplisitte skildringar av ungjenta Alma si sterke kåtskap. Sjølv om boka har fått strålande kritikkar, har Nilssen fått nokre ubehagelege reaksjonar frå publikum. Blant anna under ei opplesing knytt til Noregs Mållags hundreårsjubileum.

- Eg var på toalettet og ein av tilhøyrarane venta på meg utanfor for å fortelje meg kva ho syntest om at eg forstyrra ”den vakre førestillinga”. Det må ha vore ordet ”onani” ho reagerte på, seier Olaug Nilssen som trur at ho som kvinneleg forfattar, som skriv om jenter, framleis provoserer lettare. 

- Ein kan ikkje vere så dryg som kvinne, forklarar Nilssen. Forfattarar som Lars Ramsli og Mattias Faldbakken har då nokså eksplisitte skildringar, men kvinnelege forfattarar må tole heilt andre reaksjonar enn menn, sjå berre på Vigdis Hjort, seier Nilssen og håper det snart kan bli oppfatta som mindre kontroversielt å skildre jenter og kvinner på same måte som menn og gutar har vore skildra i all tid.

Sjå oss, for faen!
Men den mykje omtala kåtskapen er ikkje det viktigaste i Få meg på, for faen!. Nilssen meiner sjølv at romanen mest av alt handlar om ønsket om å bli sett og bli deltakande.

- Maria vil for eksempel bli ein kvardardagshelt gjennom jobben og akademia, men får det ikkje heilt til. Sjølv når ho dagdrøymer strekk ho ikkje til, ho drøymer rett og slett for dårleg, seier forfattaren, som tek i bruk humor for å framstille dei ulike skjebnane.

- Det er sunt å kunne le av ein elles dyster tematikk og eg bruker humor for å ufarleggjere det eg skriv om, forklarar Nilssen og seier at særleg Alma, som i grunn er ein litt tragisk figur, er skildra med mykje humor.

Modig teater
- Eg synest Det Norske Teatret er kjempemodige, seier Olaug Nilssen. På teater blir det heile meir levande og eg hadde kanskje forventa ein viss sensur. Ein ting er å gøyme seg raudnande bak ei bok, det er noko anna å sitje blant eit publikum i ein teatersal. Samstundes er dramatiseringa fortolka av regissøren og skodespelarane, noko som skaper ein viss distanse ein ikkje har som lesar, forklarar Olaug Nilssen.

Olaug Nilssen håper teaterversjonen av Få meg på, for faen! kan opne for ein betre dialog med skoleungdommen.

- Ungdom har ein tendens til å oppleve at ein diskusjon rundt dette er for flaut. Det er kanskje enklare å lage eit undervisningsopplegg rundt romanen knytt til ein skuleframsyning av teaterstykket, seier Nilssen. Sjølv har  Olaug Nilssen eit ambivalent forhold til det ”å kome på”.

- Det er sjølvsagt fint om førestillinga kan bidra til å setje fokus på romanane mine, men eg er ikkje så flink til å takle ei slik merksemd, seier Nilssen, som nyleg blei mor for fyrste gong. At fødselspermisjonen no skjermar ho, er altså ikkje heilt upassande.

- Eg håper berre eg rekk premiera! Eg får satse på ein medgjerleg unge, seier Olaug Nilssen.

Teater om verdien i det ordinære
- Få meg på, for faen! er noko av det mest humanistiske eg har lest, seier teaterregissør Marit Moum Aune. Romanen syner det verdifulle i dei ordinære liva, fortel den premiereklare regissøren. Ho meiner at det er teatret si oppgåve er å syne at det ikkje finst noko slikt som eit lite liv.

- Olaug Nilssen skriv om dei som elles ikkje reknast som interessante i det offentlege, som ei anonym kvinne i førtiåra eller tenåringsjenter som ikkje utmerkjer seg på noko vis. Men alle karakterane i stykket er proppfulle av ressursar, det kjem berre ikkje fram der dei er, fortel Moum Aune. Regissøren er lukkeleg over at ho stod på sitt og at kåtskapen er ikkje dempa.

- Det er så befriande å endeleg framstille kvinneleg seksualitet og jenter som ikkje fyrst og fremst er nokon sin kjærast! I teateret er det seksuelle som regel retta mot det mannlege publikummet, seier Moum Aune, og fortel at det ikkje berre har vore enkelt å lage teater av Få meg på, for faen!

- Det har vore ei utfordring å framstille overgangane mellom dagdraum og realisme, seier regissøren. Og ho synest ikkje det er lett å avgjere kva som er mest absurd: Dagdraumane om det livet kvinnene ønskjer seg, eller livet dei faktisk lever.

Eit einsemblestykke
Få meg på, for faen! er eit einsemblestykke. Det er ingen såkalla funksjonsroller og alle karakterane er like viktige, også bifigurane. Og rolla som Den Radikale dottera til Sebjørn vert dessutan spela av ein ung mannleg skodespelar, Pål Sverre Valheim Hagen.

- Pål Sverre har eit stort talent som skodespelar og eg ville sjå han som denne eigenrådige jenta, fortel Moum Aune. Ho meiner at den maskuline Valheim Hagen vil syne at den kjempande ungjenta er annleis på ein tydeleg måte.

- Det er i teateret sin natur å hevde ein masse ting som publikum må akseptere. At ei jente blir spelt av ein mann, er berre eit døme. I dette stykket har vi også brukt uvante gjenstandar for å visualisere det seksuelle, seier regissør Marit Moum Aune og røper at blant anna ein mopp eller ein seigemann kan ha ymse tydningar på ei  teaterscene. Marit Moum Aune har dessutan ein skjult agenda med Få meg på, for faen!

- Eg prøver å bli Olaug Nilssen sin favorittregissør, kan ho avsløre. Og fryktar eit bikkjeslagsmål blant teaterregissørar om Nilssen fortsett å skrive som ho gjer.

Heddaprisvinnar  i jenterolle
Pål Sverre Valheim Hagen tek det som eit kompliment at han blir plukka ut til å spele ei ungjente. Den Radikale er femten år og har eit trass stor uvisse, eit sterkt engasjement.

- Det har vore litt befriande å fjerne seg eit stykke frå meg sjølv, men elles er tilnærminga til denne rolla ikkje så annleis enn anna eg har gjort, seier  skodespelaren, som fekk Heddaprisen i år for beste birolle. Blant anna som ein hane i Ingen skriv til obersten (Det norske teateret).

- Å framstille ei rolle med truverd handlar om å bruke eigne erfaringar, men i utforminga av Den Radikale måtte eg dessutan forstå noko heilt nytt, fortel Hagen, som blant anna hadde ein hyggeleg guida tur til Blitzhuset. Han har lært eit og anna om å vere usikker ungjente.

- Eg trur det er tøft nok å skilje seg ut i ungdomstida, men å forsøkje å overleve eller fungere i eit jentefellesskap, nei det unner eg ingen, seier Valheim Hagen, ein meter og nittisju centimeter på sokkelesten. 

- Det klart eg får mykje gratis av ved hjelp av fysikken min når eg skal framstille nokon som er utilpass i eigen kropp. Det er jo morosamt, men eg er oppteken av å framstille eit heilt menneske, ikkje berre ein komisk figur, seier Valheim Hagen. Han synes det er eit interessant grep å bytte kjønn på rollene, og trur det kan fremje at Få meg på, for faen! handlar om meir enn feminine frustrasjonar og drøymer.

- Sjølv om det er kvinner det handlar om, uttrykkjer alle karakterane noko allment, fortel Valheim Hagen. Han meiner det særeigne ved Nilssens litterære univers er at det rommar noko nært og kvardagsleg i møte med noko djupt eksistensielt gjenkjenneleg.

- Eg håper vi får fram nettopp dette. Få meg på, for faen! fortener å bli vellukka teater, meiner skodespelaren Pål Sverre Valheim Hagen. 

 

7. november 2007
Alle bilde er frå Det Norske Teatret