Magasinett

Utskrift

Vinnar av skivekonkurransen med temaet lys/mørk:

Skrive av Magasinett .

Lene Langeland er 14 år og bur i Suldal kommune. Ho går i 10. klasse på Marvik skule og har skrive historia Lys og mørk. Juryen seier dette om vinnarbidraget:

1. plass: Lys og mørk

Vinnarteksten skil seg ut med si friske og karakteristiske forteljarstemme. Forfattaren har, trass i sin unge alder, trøkk i språket, og hovudpersonen stig levande fram frå linjene. Det er på ingen måte ein perfekt tekst. Her er vel rosenraude skildringar av kjærleik, her er logiske brestar (det er vel til dømes ikkje krig i Pakistan), og det er skrive mange liknande historier om temaet (rasisme) før. Men det upolerte er også ein styrke i forteljinga. Det er ei røff uttrykkskraft her som, kombinert med ein tidleg utvikla språksans, riv lesaren med. Vi har utvilsamt med eit stort forfattartalent å gjere, og kan ikkje oppfordre forfattaren nok om å halde fram med skrivinga.
 
 2. plass går til Tina Christina Haugen (17 år frå Brummunddal). På ein delt 3. plass fekk vi Guro S. Ediassen (18 år frå Innhavet) og Kristina Sandnes (18 år frå Hamarøy). Bokpakke kjem i posten!
 
 Gratulerer alle saman! Vinnarbidraga blir presenterte her på Magasinett dei neste vekene. Takk til alle som sendte inn. De får ny sjanse når vi arrangerer skrivekonkurranse neste år. Følgj med!
 
 Takk og til Longvafondet og Samlaget. No skal de få lese Lys og mørk av Lene Langeland:

 Lys og mørk

"Ro i klassen! Eg vil ha ro i klassen, seier eg!" Skrik lærar Thorsen til han blir raud i ansiktet. Det kjem nokre fnis frå jentene bakerst i klassen, elles er det heilt stille.

At ikkje Thorsen kan skaffe seg respekt på ein annan måte enn å skrike seg frå sans og samling, tenkjer Mia. Sjølve kor mange ganger ho har tenkt på å skjelle ut Thorsen, så set alltid orda seg fast i halsen, og ho seier som vanleg ikkje eit ord. Veninna til Mia, Hanne, ser ut til å tenkje akkurat det same. Ho blir raud i fjeset, og ser sint ut, men heller ikkje ho seier noko.

Lenge er det stille i klasserommet. Thorsen ser seg rundt med det strenge "om du ikkje held kjeft no, ryk det rett opp til rektor"blikket. Dei utståande auga hans stansar på Mia. Raskt set ho auga ned i pulten. Blikket flakkar over den slitne plata utan å finne kvile.

"I morgon kjem det ein ny gut i klassen dykkar. Seier Thorsen. Han er innvandrar frå Pakistan, men har budd i Noreg i 2 år no. Så eg forventar at dykk tek godt imot han, og viser han respekt."
Det går eit sus gjennom klassen.
"Forventar du at me skal visa ein "pakkis" respekt?" ropar Ruben, og flirer sleiskt.
Dei andre i klassen flirer med.
"Han er slett ingen "pakkis"! Mora hans kjem nemleg frå Afrika, medan far hans kjem frå Pakistan så..."
"Så han er både neger og pakkis då?" Ruben sitt flir blir større for kvart ord, medan Thorsen får hektiske raude roser i kinna av denne mangel på respekt.

"Han er vel ikkje tilfeldigvis "japse" også, då?" spør Roger, venen til Ruben.
Thorsen boblar snart over.
"Han er aldeles ikkje nokon "japse", og slik som dykk snakkar vil eg ikkje høyre!" glefsar han og ser strengt utover klassen.
"Pøh. Det er vel same kva me kallar dei, same skiten heile gjengen."
Seier Peter, som skal vera like "tøff" som Roger og Ruben.
"No held det med tullprat her!" Skrik Thorsen til han vert blå i ansiktet.

"Men kva heiter han då?" spør Trine, den "blonde" jenta i klassen som alle gutane siklar etter.
"Men kva heiter han då, lærar Thorsen?" Etterliknar Ruben, med overdriven lys stemme, mens han flagrar med augevippene. Han ser latterleg ut.
"Han heiter Reman Omar" svarar Thorsen.
Reman. Mia smakar på namnet. Det smaker honning.
Stemmen til Thorsen vert som ei irriterande flua i bakgrunnen. Trine stiller eit dumt spørsmål som får heile klassen til å le. Mia får ikkje med seg kva dei andre i klassen ler så hysterisk av.
Ei bylgje av forventning sildrar gjennom kroppen, ho gler seg til neste dag. Korleis vil han sjå ut denne Reman?


Stråler av varmt vatn renn gjennom dusjen, og smeltar på den varme huda. Dampen siv opp av dusjen og legg seg som ei trolsk tåke rundt i rommet.
Å dusje om morgonen har blitt ein fast vane for Mia. Det varme vatnet er ein behageleg måte å vakne på.
Det tek ekstra lang tid i dusjen i dag. Mia står heilt i sine eigne tankar. Kva skal ho ha på seg?
Raskt ransakar ho kledeskapet i hovudet. Den svarte buksa og den blå genseren? Nei. Den blå buksa og den svarte genseren? Men nei. Kva med den gule...


"Mia! Klokka er kvart på 8! Opne opp. Eg skal inn på badet. Og du skal vera på skulen om eit kvarter!" Stemmen til systera Lisa skjer brått gjennom tankane til Mia. Ho held på å dundre ned døra, og Mia kjem brått til verkelegheita.

"Kvart på 8! SHIT!" ropar ho ut mens ho slengjer handklede rundt seg, og spring ut av døra. Ho renn rett på systera, som står lent mot døra og dett så lang ho er rett inn på badet.

"Er du ikkje riktig klok, eller?" skrik Lisa, like raud i ansiktet som Thorsen.

Latteren boblar opp i Mia av det komiske synet, men så kjem ho brått på at ho har dårleg tid.

Som ein tornado spring ho inn på rommet, opnar klesskapet og stirrar kritisk på kleda sine.
"Pokker." mumlar ho og spring inn på Lisa sitt rom. Rommet ser heilt rasert ut! Ho snublar i ein turkis genser, og smilar breitt for seg sjølve.
"Perfekt!" Ho trer han over hovudet, og stangar hovudet i taklampa på veg ut.
"H******`s skitlampe! Glefsar ho opp i taket, og tumlar inn på sitt eige rom.
Der røskar ho ut ei gammal dongeribuksa, og trær den på seg mens ho hinkar bort til spegelen. Med raske tak greier ho gjennom det lange blonde håret til det heng glatt ned på sidene.

Eitt tynt lag maskara, litt rouge og lipgloss. Klokka er fem på 8. Mia spring ut døra, og legg på sprang til skulen. Frukosten ofrar ho ikkje ein tanke. Ho kan ikkje kome for seint i dag!

Heile vegen til skulen spring ho, og ser vekselvis på klokka. To minutter på 8! Og ho er berre komen halvvegs. Ho aukar farten endå litt, og håpar tida skal gå berre litt seinare. Der kan ho endeleg skimte den raude, stygge skulen. Ho pustar som ein annan blåsebelg, og kjenner sveitten renne nedover ryggen. Eg ser sikkert ut som Thorsen i ansiktet. Tenkjer Mia for seg sjølv. Raudsprengt som ein overmoden tomat. Off, kva kjem vel Reman til å synes om meg?

Kva er vel Mia Knutsen - 15 (snart 16) år - små pupper - stygg og raudsprengt, i forhald til Trine Hansen - 16 år - store pupper og perfekt?

Kva var det eigentleg ho hadde innbilt seg? At Reman ville like ho, og ikkje Trine? Men hadde ho i det heile teke innbilt seg noko? Ho hadde jo aldri sett denne Reman før. Korleis kunne ho då vite om han var noko. Tenk om han er like idiot som Ruben og dei, om då det kan gå an.

Nei, då vil eg ikkje ha noko med Reman å gjera i det heile teke! Tenkjer Mia.
No, endelig er ho med den store, grøne døra som fører inn til klasserommet. Ho stoppar opp litt utanfor døra, og håper at ho ikkje er så raud i fjeset som ho føler seg. Så tek ho mot til seg og opnar døra. Alle blikka snur seg mot ho.
"Vel, vel Mia. Du er mykje for sein no." seier lærar Thorsen med den strenge stemma si.
"Kva har du som forklaring på dette?" Mia skal akkurat til å svare at ho har forsove seg då ho oppdagar ein gut som står med sida av Thorsen.

"Tomaaat! Har du fått krøll på tunga, eller?" Gaular Ruben ut, men Mia ensar det ikkje. Det einaste ho har auge for er den framande guten. Han er litt høgare enn Thorsen, har ein mørk, litt for lang lugg som nesten skjuler dei nøttebrune auga hans. Huda er gyllenbrun, som honning.
Gud, noko så vakkert. Tenkjer Mia, mens auga finn Reman sine og smeltar saman. Nett som drøymeprinsen i det vakraste eventyr.

"Men så svar meg då, jente!" seier Thorsen sint og magien blir broten.
"Kva?" spør Mia, og riv motvilleg blikket til seg. Ei varm bylgje renn gjennom ho når ho tenkjer på auga hans.
Med raske skritt går ho bort til pulten, og set seg ned.
Thorsen set det sinte blikket i ho, men ho ensar det ikkje.

"Ja, eg heiter som dykk sikkert veit Reman Omar. Mor mi er fødd i Noreg, men kjem opphavleg frå Afrika, og far min kjem frå Pakistan. Eg er 16 år. Om dykk vil vite meir om meg er det berre til å spørje." Mia kvekk til når han byrjar å snakke.

"Fy pokker, Mia! Snakk om fløytepus," kviskrar Hanne. Mia smilar til ho og nikkar. Gyllen som honning var huden, og det leikne smilet rundt munnen og gløden i auga var vel kanskje det ein kalla sjarmerande. Jo, Reman var verkeleg ein fløytepus.
"Eg vil spørje om noko, du Reman! Kva heiter det når ein er blanding av neger og pakkis liksom?" Stemmen til Ruben skjer gjennom tankane mine som spydkast.
Ein mørk skugge fer over ansiktet til Reman, og smilet forsvinn.
Mia og Hanne reagerer på likt. Begge reiser seg opp frå stolen, men Mia veifte ho ned igjen, og all agresjonen mot både Thorsen og gutane i klassen kjem til overflaten!
"Kan du sjå til å lukka den ekle kjeften din igjen, din j**** nazist!
Eg er dritlei av å høyra på pisspreiket ditt. Du har inga rett til å dømme menneske etter kva bakgrunn dei har! Du er berre for dum i hovudet til å kunne reflektera over ting, så det er eigentleg sunn på deg. Men at du, Thorsen ikkje har vit nok til å stoppa kjeften på denne idioten går over min fatteevne! Altså, eg veit du er dum, og ikkje klarer å styre denne klassen. Men i stadenfor å skrike til du blir blå i trynet, så kan du kanskje setja deg ned å tenkja deg litt om!" Eg bit meg så hardt i leppa at eg kjenner blodsmaken i munnen.
Eit trimuferande smil legg seg rundt munnen min, mens eg svelgjer hardt for å bli kvitt den beiske smaken av anger som kjem smygande.

"No er det nok!" Skrik Thorsen så alle får dottar i øyrene.
"No er det pokker meg nok! Du og Ruben, opp til rektor med ein gong.
Eg vil ikkje sjå nokon av dykk før timen er over, heller ikkje før dagen er over for den saks skuld!"
Sinnet koker aldeles over, og Mia legg heller ingen dempar på det.
"Aldri om eg går til rektor med det krapylet der. Då går eg heller heim!" Seier ho, og går strake vegen ut av klasserommet.
Når Mia kjem ut av skulebygget byrjar det å blåse kraftig. Det er akkurat som om vinden er på hennar lag, og er sint med ho. Saman legg dei på sprang nedover gata.

Mia smiler for seg sjølve der ho spring og tenkjer på uttrykka dei andre i klassen hadde då ho marsjerte ut av klasserommet. Dobbelhaka til Mathilde hadde sege heilt ned i pulten, om ikkje gjennom. Og Trine. Ja, ho sat jo berre å stirte på Reman ho.

"Kvifor tok du genseren min, ditt fe!" Mia støkk så ho hoppar når Lisa kjem inn i stova. Sinnet lyser ut or auga på ho.
"Eg skulle liksom ta skulebilete i dag eg, men så tok du genseren som eg skulle ha på meg! Du kan ikkje berre gå og forsyne deg på rommet mitt slik det passar deg om det er det du trur!" Lisa er ikkje nådig der ho står. Det er nesten som ein kan sjå skummet stå rundt kjeften hennar.

"Eg har laga middag.." er det einaste Mia klarer å seie.
"Eg drit vel i om du har laga middag! Kvar er genseren min din dritunge!" hyler Lisa, og no er det ikkje innbilling det med skummet rundt kjeften.

"Den ligg i senga på rommet ditt." Svarer Mia, og Lisa er inne på rommet i to steg.
Middagsbordet står dekka på til to stykker. Mor og far til Mia kjem ikkje heim før i ettermiddag. Ho orkar ikkje tanken på å eta åleine.
Bestemt grip ho tak i jakka, og flyktar vekk frå det dårlege humøret til Lisa.

Ute bles vinden ennå, men ikkje fullt så kraftig. Mia går bort til leikeplassen og set seg på ei huske. Ho byrjar å tenkje på Reman.
Ikkje før ho har tenkt tanken, høyrer ho skritt bak seg. Mia knip auga hardt igjen, mens ho håpar på det beste. Sakte snur ho seg, og ønsket går i oppfyllelse. Dei mørke auga hans treff Mia sine, og ei varm bylgje skyljer gjennom ho.
"Hei," seier han og smilar slik berre han kan. Mia veit ikkje kva ho skal seie, men nikkar og smilar som helsing. Han dumpar ned på huska ved sida av ho, og sparkar lett frå med beina. Sakte dissar han att og fram, mens han svingar sjarmerandes på den litt for lange luggjen.

"Veit du Mia, du ville passa godt som advokat du. Skikkeleg flink til å forsvara liksom" Smilar han mot ho.
"Det skulle no berre mangle at ikkje den drittsekken blei såte på plass!" Seier ho, og gløymer å vera sjenert.
"Har du budd i Noreg lenge eller?" Standarspørsmål tenkjer Mia, og forbannar at ho ikkje kan finne på noko meir interessant å snakke om.

"Har vel budd her i to år no. Eg var 13 då eg flytta." Svarar Reman, mens auga hans skiftar farge frå lysebrun til svart.
"Budde du i Pakistan før du flytta til Noreg?" Ein mørk skugge legg seg over dei fine trekka i ansiktet hans.
"Ja. Men eg, mor og far måtte flykte til Noreg då krigen braut ut i Pakistan." Mia syntes forferdelig synd på han, der han sit og sparkar fråverande i grusen. Ho kan sjå korleis tankane og minnene spinn oppi hovudet på han.
"Var det grusomt?" Glepp det plutseleg ut av ho.
Reman ser overraska på ho.

"Krigen meinar eg." legg ho til.
"Det var ikkje grusom,det var forferdeleg." Svarar han med dyster stemme.
"Heldigvis klara me å flykta før krigen braut ut for fullt. Men det var grusomt nok då me var der, og eg orkar ikkje tenkje på korleis det blei i etterkant." Seier han, mens han ser ho djupt inn i auga.
"Kan fortelje deg ein historie frå krigen, om du orkar høyre på. Så kanskje du får eit lite innblikk i kor skrudde menneska blei." Fortset han med den behagelige stemma si.
"Fortel." Seier Mia ivreg, utan å veta kva ho vil få høyre.

"Det var i byrjinga av krigen, og soldatane herja med dei små husa i landsbyen der me budde. Eg kan ennå hugse skrika rundt om i nabolaget.

Barneskrik, mødre med unger på armen som uredde skjella ut soldatene.
Tapre menn og gutar med våpen i hendene, klare til kamp.
Mennesker blei myrda, og vinden førte skrika deira med seg. Men det som likevel sat seg best i minnet var det som hendte med naboane våre.

Eg kan hugse det som om det var i går. Og det som er mest skremande er at det kunne like gjerne hendt oss.
Det var varmt i lufta, og den svale vinden førte med seg lukta av død og blod.
Eg sat skremt bak gardinane på kjøkenet, og speida etter soldatar og andre ubodne gjester.
Plutselig høyrdes eit smell i nærleiken av huset vårt, og eg skjøna at soldatane nærma seg.
Eg og familien min søkte tilflukt i kjellaren, men eg blei fortald i ettertid kva som verkelig hende den formiddagen.
Naboane mine sat og åt middag då soldatane kom ramlandes inn døra.
"Kva er det dykk et på?" Brølte den eine soldaten bryskt.
"Det har du ingenting med!" Hvisla faren i huset hatefullt.
"Kjøttsuppe." Kom det svakt frå den litle guten ved enden av bordet.
"Kjøttsuppe." Sa soldaten hånleg.
"Kan eg då få spørre kvar kjøttet i suppa er?" Haldt soldaten fram.
"Du kan vel sjølve sjå at det ikkje er kjøtt i suppa! Og ein av årsakene til det er du og det helvetes landet ditt!" Svara faren i huset hånleg, medan han spytta forann føtene på soldaten.
"Skulle du svært gjerna ynskja det var kjøt i suppa?" hadde soldaten spurt den litle guten roleg.
"Ja." Kom det spakt frå den guten.
"Då skal du få kjøtt!" Svara soldaten, kappa hovudet av faren i huset, og heiv det oppi suppegryta."

Ei einsleg tåre finn vegen nedover kinnet til Mia. Ho tørker den sint vekk.
"Men det er jo heilt absurd!" Halvvegs skrik ho mot Reman.
"Eg veit Mia, verda har no heller aldreg vore normal, har den vel?"
Spør han trist, og dreg ho inntil seg.

"Men til tross for den grusame krigen, lengtar du somme gonger tilbake til Pakistan?" Spør Mia, og ser opp på han.
"Nokre gonger lengtar eg tilbake ja. Men eg lengtar kun tilbake til tida før krigen braut ut. Det er ikkje det at eg ikkje likar meg i Noreg, eller er utakknemleg. Men om nokon ser ned på meg, eller sleng kommentarar etter meg berre fordi eg er innvandrar, då lengtar eg tilbake til Pakistan."

Mia veit ikkje heilt kvar ho får motet frå, men famlande finn ho handa hans på huska, og klemmer lett. Ho er så varm, handa hans. Det er nett som det ligg eit varmt vakum rundt heile Reman tykkjer Mia.
Den passar så godt i lag med hennar, handa hans.

Den er mykje mørkare enn Mia si hand, men det er fint å sjå på kontrastane mellom mørk og lys. Fargane passar så godt i lag.
Slik sit dei ei lang stund. Heilt stille, men plutseleg er det som om magien blir broten.
"Eg trur eg må heim no." Seier dei begge i kor, og byrjar å le.
Motvilleg slepp dei hendene, og byrjar å gå i kvar sin retning.

Fort ser Mia meg over skuldra. Reman vinker til ho. Mia vinker tilbake, og byrjar på på heimvegen ho og.
Mens ho går bortover vegen som ein søvngjengar tenkjer ho på ein gut med mørk hår, nøttebrune auge og ei varm hand. Fy pokker så fin han er!

Reman ligg i senga og tenkjer. Han tenkjer på ho, Mia. Ho er så søt, og så grei å snakke med. Ikkje slik som dei andre jentene plar vera.
Det er noko annsleis med Mia.
Men kva ville vel mor og far seie om eg hadde blitt saman med ei norsk jente? Far ville hvertfall aldreg tillate det. Tenkjer Reman mens han stig sakte opp av senga.
Kanskje han berre skulle ta ein tilfeldig tur bortom leikeplassen og sjå om ho var der? Eller, ville det verka litt vel desperat?

På same tid sit Mia i sofaen og ser på tv. Men ho veit ikkje lenger kva ho ser på. Det einaste ho tenkjer på er Reman. Ho vil sjå han, no!
Skal ho ta seg ein tur forbi leikeplassen berre sånn i tilfelle? Eller ville ikkje det verka litt vel desperat? Nei, det får sjå ut korleis det vil, tenkjer Mia, mens ho sprett opp frå stolen.
Ute er det overskya. Det er litt yr i lufta, men Mia legg ikkje merke til det. Ho har blikket stivt festa på leikeplassen. Er det nokon der?
Lurer ho forventningsfullt.

Men ho konstanterer skuffa at leikeplassen er heilt tom.
Likevel går ho bort og set seg på ei huske.
Plutseleg høyrer ho fottrinn. Sakte snur ho seg, og så står han der igjen.
Det har byrja å regne no.

"Hei." Seier han.
"Heisann." Mumlar eg, med blikket stivt festa på paraplyen han har i handa.
"You can stand under my umberella" Nynnar han, og smiler frekt til meg. Mia byrjar og le, men stiller seg raskt under paraplyen.
"Ill be all you need and more!" nynnar Mia vidare mens ho blunkar til han minst like hot som sangerinna, Rihanna ville gjort.
"Tvilar ikkje." seier Reman, og kysser Mia mjukt. Leppene hans er nett som silke.
"Eg likar deg, Mia." Seier Reman. Så stikk han av garde ut i regnet.
Han snur seg og smilar til ho. Mia vinkar, så legg ho på sprang ho og.
Regnet prikkar hærleg på dei varme kinna. Likar han meg? Likar han meg verkeleg? Spinn det rundt i hovudet til Mia.

Når ho kjem heim ligg Lisa på sofaen. Ho ser lika sur ut som då Mia forlot ho, men Mia legg ikkje merke til det. Ho legg ikkje merke til noko. Det einaste som spinn oppi hovudet på Mia no er om ho berre innbilte seg det kysset. Men så kjenner ho etter, og trykket etter dei varme leppene hans er der ennå.
Nei, det var visst ingen draum.

Måndag kjem, og Mia skal på skulen. Men i dag er det ikkje slik at ho ligg lenge og drøser i senga før ho står opp. I dag sprett ho opp av senga i ein fart. Ho er lykkeleg. Endeleg litt spenning i den grå kvardagen hennar.
Lisa har fri frå skulen i dag, så Mia kan stå i dusjen lenge. Etter at ho har stelt seg har ho ennå god tid. Ingen hastverk i dag, nei.
Verda ser ut til å smile til Mia for ein gongs skuld.
"Brrrr." Skuleklokka ringer, men ingen Reman er komen. Er han sjuk?
Tenkjer Mia, og set seg skuffa ned ved pulten.
Timane på skulen går forferdeleg sakte. Heile tida tenkjer ho på Reman.
Reman med dei mjuke leppene. Reman med den gylne huda, og dei mørke auga. Reman med alle dei gode eigenskapane sine. Tenk at ho var blitt så glad i eit menneske på så kort tid. Kvar gong ho tenkte på Reman sildra det ei varm bylgje gjennom ho.
Men kvar blei det av han eigentleg?

Når Mia kjem heim frå skulen hentar ho som vanleg posten. Ho sleng den på kjøkkenbordet, og blir merksemd på eit brev som lander på gulvet.
For eit merkeleg brev. Tenkjer Mia. Verken avsendar eller frimerke.
Med svart penn på kvit konvolutt står det; Til Mia.
Med skjelvande hender opnar Mia brevet.

                                         Kjære Mia.
På søndag fekk me beskjed frå UDI om at opphaldsløyvet til familien min har gått ut.
Meldinga var klar. Me måtte vera ute av landet innan måndags morgon.
Mor og far er veldig fortvila, men dei er også einige om at det ikkje er nokon annan utveg for dette enn og forlate landet.
Det er ingenting me kan gjera nett no for å få ny opphaldsløyve.
Eg er så ubeskrivelig fortvila over at eg ikkje kan gjera noko no. For det einaste eg vil Mia, det er å vera med deg.
På den korte tida eg har kjent deg har eg verkelig blitt glad i deg.
Heilt sidan du kom busande inn døra første skuledag har eg visst at det var noko spesielt med deg.
Derfor har eg lova meg sjølve at om 2 år når eg er 18 år skal eg søkje om ny opphaldsløyve i Noreg igjen.
Me skal møtast igjen uansett kva som hender, Mia. Det berre veit eg.
Eg er verkelig lei meg for at du får veta dette på denne måten, men me måtte reise natt til søndag, så eg hadde ikkje kjangs til å treffe deg.

Skulle ynskje alt var annleis, men det er ingenting eg kan endre på no.
Når du les dette brevet er eg sannsynlegvis tilbake i Pakistan igjen.
Ikkje ver lei deg, Mia. Hugs at eg er fryktelig glad i deg.
Din Reman.

Mia les brevet eit par gonger før ho heilt skjønar kva som står der.
Reman er borte. Han er i Pakistan no. Ho vil ikkje få sjå han meir.
Berre fordi utlendingdirektoratet ikkje vil gi han opphalds tillatelse.
Herregud! Kva land lev eg i? Tenkjer Mia, mens opprøret sprengjer i brystet.
Noreg eg eit av dei rikaste landa i verda, men så kan ikkje dei forbaska drittsekkene som sit og rug på pengene våre bruke dei til noko fornufteg!

Greit nok at dei har regler å følgje, men likevel så forbanna urettferdig!
Dessutan er det nordmennene sin feil og. Det er dei som går og yndertrykkjer innvandrarane.
"Off. Etter desse innvandrarane kom til Noreg har kriminaliteten auka betrakteleg." Er typisk for ein nordmann å seie, mens dei innerst inne veit at mesteparten av kriminaliteten i Noreg er det nordmennene sjølve som står for.
Opprøret sprengjer i brystet.

Ei einsam tåre renn nedover kinnet til Mia. Skal ho aldreg få sjå Reman igjen? Aldri få kjenne varmen frå det faste handtrykket hans.
Trykket frå dei mjuke leppene hans.
Aldri få kjenne kor godt hendene deira passa saman. Svart og kvit.
Var det verkelig ingen som skjøna kor godt svart og kvit passa saman?

Svart i kvit,
kvit i svart.
Same sort,
same art.
Like menneske,
to i lag.
Svart som natt,
lys som dag.