Magasinett

Utskrift

Damegruppe på hjortejakt

Skrive av Anna Kirsten Hellevang .


Det var heilt stille i skogen. Ein kalv beita ved eit roleg vatn. Plutseleg small det høgt. Livet til hjorten tok brått slutt. For førstegongsjegeren hadde jaktlivet byrja.




Jaktlaget. Frå venstre: Linda Stensland, Kari Wennersgaard, Beatriz Perez (som skaut kolle og kalv), Pam Cranner og Eli Håkenåsen Enerstvedt.

For første gong inviterer firmaet Åkrafjorden Jakt damegrupper på hjortejakt. Dei held strategisk til i den største jaktkommunen Kvinnherad ved Folgefonna. Her fell nærare 900 hjort årleg. Tor Kvandal frå Rosendal og kameraten Jens Lindskog frå Bergen var svært spente på nysatsinga. I haust er det booka inn 25-30 damer som på jakt. Først ut var seks kvinner: Linda Stensland frå Bergen, Pam Cranner frå Hommersåk, venninnene Kari Wennersgaard og Beatriz Perez frå Askim, samt Eli Håkenåsen Enerstvedt frå Numedal og underteikna.

Alt første dagen imponere damelaget til det fulle. Og det med filmfotograf Gordon Fjeld frå Gjøvik og assisterande fotograf Torgeir Jensen frå Bergen på slep. Tor hadde sagt til Jens at dersom dei var heldige, så kanskje skaut laget ein hjort i løpet av fire jaktdagar.

Jakta i gang
Torsdag morgon vakna damegruppa til strålande sol og vindstille. Jegerane smilte om kapp med sola og var klare til dyst i eit jaktområde i Åkra. Jens og Tor stilte med eit par kjentmenn, og så var jakta i gang. Kvinnene vart sett på postar. Underteikna fekk flott utsikt frå post nummer to. Så vart det stille – heilt stille i skogen. Der satt vi på kvar vår tue, med eit ladd våpen og auger på stilk for å sjå etter det minste teikn etter hjorten. Vi speida til høgre, til venstre og rett fram. Men det forblei stille.

Tor Kvanndal seier at hjortejakt er noko av den vanskelegaste jaktforma i Noreg. Hjort langt vanskelegare å fella enn til dømes elg eller rein. Hjorten er kjend for å vera ganske lur. Denne gongen hadde han lurt oss.

Ut på ettermiddagen køyrde jaktlaget til Omvikdalen. Der hadde Tor fått auge på hjort, og Pam og Eli fekk beskjed om å møte kjapt for å prøva å få has på kolla som beita 120 meter oppe i ei skråing. Det var lettare sagt enn gjort. For midt mellom var høge tretoppar som skygga for kolla. Men så fekk Pam skotsjanse. Ho bestemte seg for å skyta, og umiddelbart seig kolla litt i bakbeina i det den sprang bort. Ho hadde skote sin første hjort. Snart spreidde ryktet seg, og dei andre damene i jaktlaget sprang mot ho for å gi klem.

– Det er slik eg vil oppleva jakt, seier ho med eit stort smil om munnen.
Ho fortel at når menn er på jakt, så gratulerer dei i handa med eit nikk. På kvinnelaget fekk ho oppleva ekte jaktglede. I fem minutt etterpå skalv ho så mykje på hendene at ho fekk ikkje ein gong sendt sms til mannen hennar for å fortelja om hjorten ho felte. 

Blod på tann
Mennene i Åkrafjorden Jakt gjekk opp i bakken og henta kolla. Så overtok Pam den vanskelege jobben med å slakta dyret. Tor vart heilt imponert. Han seier at ho gjorde ein svært god jobb og langt betre enn det mange menn gjer når dei skal slakta. Pam har slakta dyr før, men dette var hennar første hjort. Gordon stod også med eit stort glis. Han hadde fått skotscena på tape og stod og filma Pam fullt konsentrert over hjorten med kniven svingande lett mellom fingrane.

– Då fortset vi jakta, sa Jens. Damene vart raskt postert ut lenger ned i dalen. Der låg eller sat vi heilt musestille, og høyrde på øyra beskjedar frå Jens eller Tor. Samstundes venta vi spent på om nokon såg hjort.

Så skjedde det utrulege. Ja, der var hjort ikkje langt unna. Denne gongen var det Beatriz som var nærast byttet og ho vart dirigert oppover for å smyga seg inn på ein kolle og kalv. Vi andre følgde spent med på radio. Beatriz smaug seg inn på, men viste ikkje heilt kvar ho skulle gå. Men så valde ho rett retning og snart kikka ho fram og såg ein liten kalv som beita. Ho pusta ut og tok ladegrep. Så høyrde vi det small i skogen. Vi venta i spenning. Kva hadde skjedd? Beatriz var på radioen. Ho hadde skote og treft.
Gratulasjonane kom umiddelbart på radioen.

Samhald i gruppa
Å få to hjortar første dagen i det aller første kvinnelaget var meir enn Tor hadde håpa og trudd. Han kunne opplysa at rekorden dei fem åra dei har tilbydd jakt, er tre dyr på ei gruppe som jakta i fire dagar. Vi hadde to dyr alt første dagen. Men det skulle ikkje gå lenge til nye skotsjansar. Beatriz hadde nemleg oppdaga at kolla også var om lag 70-80 meter unna. Ho lada geværet og skaut på nytt. Vi venta i spenning på jaktradioen. Kva skjer? Men det vart ein heilbom. Etter at ho hadde skote på kolla, så gjekk kolla og lokka på kalven, og dermed vart det konstatert at det var rein bom. Ho fortalde etterpå at ho vart så skjelven etter all spenninga med skyting av hennar første hjort, at ho klarte ikkje å roa ned. 

Damene flokka seg rundt jegeren med gratulasjonsklemmar for kalven ho skaut. Tor syntest det var spesielt med så godt samhald i gruppa. Kvelden gjekk med til å feira på hytta med champagne. No var jentene veldig oppgira og mest ikkje til å stoppa.

Neste dag skulle damene ut og jakta på eiga hand. Vi gjekk same vegen som morgonen før, og fann etter litt om og men attende til postane våre. Der satt vi i ro i to lange timar med eit par kraftige regnbyer til selskap. Vi måtte berre innsjå at vi ikkje var utlærte jegerar etter ein dag. Mennene var nok uunnverlege, og vi ville gjerne ha dei med på neste jaktrunde. Ettermiddagen regna det igjen kraftig, og dei som hadde nye jaktklede fekk ein flott sjanse å testa kor gode dei var i uvêr. Hjorten hadde klokleg halde seg under granene, for den såg vi ingen ting til.

Kolle og kalv
Tredje dag kom med nye sjansar. For journalisten og Linda var det ein svært spennande start. Med det same vi kom til Omvikdalen, kunne Jens melda på radioen at det var hjort i skogen. Jo, det stemte. Der såg vi den med det blotte auga. 300 meter opp i skogen beita hjort, det var to koller og ein kalv. Eg og Linda fekk bråttom. Men vi var for langt unna og måtte koma oss nærmare. Så mista vi dyra av syne. Men vi satt og såg etter dei lenge og håpa dei ville koma fram. Til slutt måtte vi innsjå at jakta var over og vi tok lunsj i Rosendal. Etter ein rask tur i Steinparken og i Baronihagen, var damene på ny klare i skogen.

Vi sat på post på begge sider av vegen i Omvikdalen. Vi fekk melding på øyra at det var fullt av hjort i skogen på begge sider av vegen. Så såg Jens to dyr som beita like i nærleiken. Han dirigerte Beatriz ned på vegen og der var Tor klar for å guida ho fram til hjorten. Vi andre sat og høyrde på radio at dei nærma seg området med hjortane. Beatriz måtte koma seg gjennom ein liten skog på om lag 50 meter, og så fekk ho sikt mot hjortane som beita om lag 60 meter frå henne. Som god skikk er måtte ho skyta kalven først. Kolla kan alltids klara seg, men kalven ville ikkje makta vinteren åleine.

Frå ein topp stod kameramann Torgeir Jensen klar og filma, og venninna Kari kika med kikkert og heldt på å sprekka av spenning då ho såg at Beatriz hadde skotsjanse. Beatriz tok den tida ho trong for å gjera seg klar, men var utruleg spent og skjelven. Så tok ho på ny mot til seg og skaut. Der sjangla kalven bortover tydeleg treft av kula. Hjorten er kjend for å kunne springa med eit daudbringande skot, og denne var ikkje noko unntak. Litt etter låg hjorten livlaus på bakken.

Rekord
Ikkje nok med det, Beatriz låg an til å skyta sin tredje hjort på berre to dagar. Vi alle tykte det var utruleg bra at jentene kunne bevisa at vi var like skotsikre som gutane. Men skulle vi slå rekorden for beste lag måtte vi ha fire dyr. Beatriz fekk kolla i siktet, og snart fyrte ho av eitt skot. Det gjekk nokre sekund, så høyrde vi på nytt eit skot som gjalla i dalen. Jau, ho hadde forsikra seg om at kolla fall og døydde, men den første skotet var daudbringande. No hadde gruppa sett ny fellingsrekord med fire dyr på tre dagar.

– Det er dette eg har drøymd om, seier Beatriz heilt i ekstase etterpå. Gruppa hadde hatt maksimal utteljing. Dei som skaut hjort bestemte seg for å ta med seg alt kjøtet heim. Enno har nokre kvinner noko å læra av menn sine jaktlag, der det er vanleg å dela kjøtet mellom jegerane som deltek på jakta. 

Men totalt sett vart hjortejakta til inspirasjon for kvinnene, og jammen trur eg at kvinnejakt vart ein inspirasjon for Tor og Jens også.
19. november 2007