Magasinett

Utskrift

Norske elevar blir dårlegare

Skrive av Magasinett .


Norske elevar ligg under gjennomsnittet til OECD når det gjeld naturfag, matematikk og lesing.

Det er første gong Noreg har lege under gjennomsnittet, og Kunnskapsdepartementet vil setje i verk tiltak for å heve kompetansen både hjå lærarane og elevane.

PISA-undersøkinga som vart lagt fram i dag syner at ein av fem femtenåringar les tekst så dårleg at dei har problem med å tileigne seg kunnskap og hente inn informasjon, opplyser Kunnskapsdepartementet.  I 2003 låg Noreg på 27. plass blant OECD-landa, no har vi rykka ned til 33. plass. Det er ingen vesentleg skilnad i lesedugleiken mellom bokmålselevar og nynorskelevar.

Brukar lite tid på læring
PISA-forskarane trur noko av grunne til dei svake resultata kan vere nye undervisningsmetodar og at lærar- og elevrolla har endra seg.  Dei meiner og at skuletida ikkje blir brukt rett på mange skular. Sjølv om aktiviteten er høg, så blir det brukt lite tid på læring.

- Vi må styrkje opplæringa i lesing, auke talet på timar og betre lærarutdanninga, seier  kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell.

Tiltak som vil bli sette i verk:
På kort sikt:
Utarbeide rettleiingsmateriell for betre leseopplæring
Kommunane må prioritere dei skulene som har svakast leseresultat i nasjonale prøver
Nasjonal idedugnad med forskarar og sentrale aktørar i sektoren (kommunane, Foreldreutvalet for grunnskulen, lærarorganisasjonane og Elevorganisasjonen) om tiltak for betre opplæring

På lengre sikt vil nasjonale utdanningsstyresmakter forsterke og justere allereie igangsette tiltak og setje i verk andre tiltak:
Satsing på barnehagane i samanheng med  resultata frå PISA
Vekt på lesing i SFO og leksehjelpsordninga
Fleire timar på barnesteget frå hausten 2008 med prioritering av grunnleggjande dugleikar, særleg i lesing
Meir målretta kompetanseheving for lærarar retta mot spesielle fagområde på nasjonalt nivå og retta lokalt mot skular eller kommunar der kvalitetsvurdering og tilsyn har vist svikt.
Styrkje kompetansen til skuleleiarar og vurdere strengare kompetansekrav og utdanning
Rettleiingsmateriell retta mot foreldra
Regjeringa vil våren 2008 leggje fram ei stortingemelding om kvalitet i opplæringa med nærmare analyse av tilstanden og med framlegg om strategiar og tiltak.

 29. november 2007