Magasinett

Utskrift

Dyrare studiar - auka innsats

Skrive av Marianne Magnussen .

Både elevar og studentar må betale for å kunne  ta del i University of the Nations. Utdanninga vert ikkje godkjent i Noreg, men innsatsen er likevel på topp. Eller kanskje nettopp difor, meiner tidlegare studentar Eimund og Lars Olav.

Lars Olav Gjøra (30) har tatt med Eimund Dahle (26) frå Trondheim på ein kafé i heimbyen Hamar. Dei to venene har i fleire ulike land studert teologi ved University of the Nations (UofN) før dei starta på ei offenleg godkjent utdanning i Noreg. No klarnar dei tankane med nytrekt kaffi for å kunne seie nokre velvalde ord om røynslene sine ved universitetet til den felleskyrkjelege, internasjonale organisasjonen Ungdom i Oppdrag.

Idealisme og kulturkjennskap tel positivt ved jobbsøking, trur Eimund og Lars Olav

Idealisme og kulturkjennskap tel positivt ved jobbsøking, trur Eimund og Lars Olav. (Foto: Marianne Magnussen)

UofN kontra vanlege universitet

-Trur de at ei utdanning som ikkje er godkjent i Noreg kan telje negativt når det gjeld å få jobb?

Lars Olav ristar på hovudet.


-Eg har aldri fått negative reaksjonar i slike høve. Tvert imot trur eg denne kompetansetypen kan vere eit pluss, av di det er ein idealistisk organisasjon som eig universitetet, seier han.


Eimund er einig:


-Systera mi, som i haust starta som kokkevolontør på eit av desse fakulteta, fekk til dømes høyre at det er bra for cven hennar å drive med friviljug arbeid.


Etter litt meir koffein legg han til:


-Det tverrkulturelle aspektet ved UofN utvidar dessutan perspektivet til studentane, og tel også positivt.


Tjuefemåringen kan fortelje at det internasjonale universitetet til dømes har fakultet i dei fleste land i verda, og at eitt av krava for bachelorgrad er at ein har studert på fleire kontinent.

-Har de lært noko der som de ikkje kunne lært på eit vanleg, offenleg universitet?

-Vestlege utdanningsinstutisjonar presenterer som regel ei mekanisk forståing av røynda, eit verdsbilde som gjev meiningsløyse og apati. På UofN er det meir fullstendig syn på mennesket, meiner Eimund.


Lars Olav kan utdjupe at dette medfører obligatorisk praktisk arbeid og bøn på timeplanen i tillegg til dei vanlege studiene, slik at studentane får utvikle meir enn berre si intellektuelle side.


-I tillegg må ein bu på rom med medstudentar, for å møte seg sjølv på godt og vondt. Gjennom dette lærer ein mellom anna tålmod, seier Eimund, og legg alvorleg til:


-Det handlar ikkje om å bli perfekt, for det er jo likevel fåfengd. Målet er å bli heil som menneske.

-Korleis vil de samanlikne utdanninga ved UofN med ein tilsvarande godkjent skule i Noreg når det gjeld intensitet?

-Ingen teologiske studiar eg har tatt i Noreg har vore meir intense enn det året eg studerte Bibelen ved UofN. Det var der eg lærte sjølvdisiplin, konstanterer hamarsingen.


Trønderen er einig i at studiemoralen er høg, og undrast:


-Det er i grunnen rart. Du får ikkje kreditt for studiene, men likevel gjer du ditt ytterste...


Etter å ha grunda ei stund over dette, landar han etterkvart på at det må vere ein samanheng:


-Ved å sjølv måtte betale skulepengar og ikkje få godkjent studia, blir ein nok endå meir ansvarleg for å nytte tida godt.

 

Lars Olav meiner fastlåste program kan gjere kål på studiegløda.

Lars Olav meiner fastlåste program kan gjere kål på studiegløda. (Foto: Marianne Magnussen)

Lars Olav er einig i dette, og føyer dessutan til:


-Skulane varer berre tre månader i slengen, så ein kan heile tida studere det ein er mest interessert i. Mastergraden som eg seinare tok i Oslo hadde til dømes enkelte fag som eg ikkje opplevde som relevante i høve til eigne mål, og då var det jo ikkje like motiverande å lese.

-Korleis har de blitt farga av miljøet ved UofN?

-Eg har vorte meir tolerant. Før var eg faktisk ein semirasist. Men der er det så mange kulturar at ein lærar å akseptere skilnadene, svarar Eimund.


Lars Olav tykkjer også han har fått eit utvida perspektiv:


-Det er så mange ulike kyrkjesamfunn i Ungdom i Oppdrag at eg kjem til å vere tverrkyrkjeleg resten av livet. 

Kostbar lærdom

-Dei ansatte ved UofN får inga løn. Korleis får dei nok til å leve av?

-I teorien skal folk frå heimkyrkja støtte dei som jobbar i Ungdom i Oppdrag. Men det er ikkje alle som liker å be andre om pengar, og då blir det vanskelegare, seier Lars Olav.

Eimund røper at dette er noko han sjølv har opplevd:


-Eg skulle til New Zealand for å undervise litt for organisasjonen ein gong, men eg hadde ikkje råd til å reise, og klara ikkje å be folk om hjelp. Men då kom faktisk nokon til meg og spurte om dei kunne få støtte.

 

Eimund synest det er motiverande for studiane når utdanninga kostar.

Eimund synest det er motiverande for studiane når utdanninga kostar. (Foto: Marianne Magnussen)

Lars Olav fortel om ei liknande røynsle, og trur det var Gud som fiksa økonomien deira desse gongene.


-Men det er vel generelt sett vårt eige ansvar å finne ein måte å skaffe pengar på, seier han.


Kaffidrikkarane fortel at dei båe to har jobba som voluntørar innan Ungdom i Oppdrag i kortare periodar, og understreker at organisasjonen ikkje har sekteriske tendensar.


-Dei fleste arbeidarar slutter etter ei stund, kjøper hus og etablerer seg. Men dei misser ikkje kontakta med dei andre for det, seier Lars Olav.

-Kor viktig er stipend og lån for å kunne studere?

-Dei fleste klarer nok ikkje å studere ved UofN meir enn eitt år om gangen sidan dei ikkje får stipend, trur Lars Olav, og fortel at han har hatt mange mindre jobbar for kompansere for alle utgiftene.


-For å kunne studere ved UofN i til saman sektsten månader, har eg jobba deltid på Biltema i fem år, seier Eimund, og hentar seg endå ein kaffi.


-Eg har nok tapt 500 000 kroner på å ikkje kunne jobbe fulltid og i tillegg måtte betale for utdanninga. Men det er det verdt, god kvalitet og fleksibilitet er det viktigaste for meg. Og så medfører dei ekstra kostnadene som sagt betre innsats, avsluttar han med eit smil.