Magasinett

Utskrift

30 millionar ekstra til lesing

Skrive av Magasinett .

Regjeringa vil bruke 30 millionar kroner til ekstratiltak for å styrke lesedugleiken til norske elevar. Pengane skal nyttast til å utvikle rettleiingsmateriell som skal vere tilgjengeleg for alle.

Dessutan skal kommunane som syner dårleg lesedugleik i nasjonale prøver få tilskot til etterutdanning av lærarar hausten 2008.

Det er resultata av PISA og PIRLS-undersøkingane som gjer at regjeringa no vil setje i verk ekstra tiltak. Undersøkingane avdekka at norske elevar har lågare lesedugleik enn OECD-gjennomsnittet. Forskarar meiner at god fagkompetanse hjå lærarane og god utnytting av undervisningstida er det viktigaste for å styrke lesedugleiken og betre resultata.

- For å styrke opplæringa i lesing, må vi derfor først styrke kompetansen til lærarane slik at dei kan gi god opplæring, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Hastetiltaket er første skritt i tiltaka for å styrke lesekompetansen, melder Kunnskapsdepartementet.
 7. januar 2008