Magasinett

Utskrift

Suksess med namn

Skrive av NPK–Margunn Sundfjord .

Namn er populært. Det kan Statistisk sentralbyrå skriva under på. Den årlege namnetoppen slår konsumprisindeksen langt ned i støvelskaftet. Ikkje nokon annan statistikk er så mykje brukt.

 

Mange tek også direkte kontakt med Jørgen Ouren, mannen bak den suksessrike statistikken.

– Førespurnadene kjem jamt og trutt. Kvar einaste dag får eg fleire e-postar.

– Kva er det folk spør om?

– Dei fleste som tek kontakt, er folk som nettopp har fått barn, eller som ventar barn. Dei vil vita om eit namn er mykje brukt eller om det ligg an til å bli det og kva namn dei skal liggja unna. Her har vi til dømes ei mor som lurer på korleis det ligg an med Saga, seier han, medan han vendt mot PC-en opnar ein fersk e-post.

Med stor entusiasme går han straks i gang med å finna ut kor mange nordmenn som ber det nye nordiske jentenamnet. Etter nokre få tastetrykk på PC-en har han svaret.

– I 2006 var det 14 som heitte Saga her i landet. Men namnet ser ut til å ta seg opp. Ved utgangen av 2007 ser vi at talet auka til 21. Det vil seia ein auke på 50 prosent. Dei som ynskjer å bruka dette namnet, må difor skunda seg, ler namneeksperten med umiskjenneleg bergensk skarre r.

100.000 namn
I nærmare 20 år har Jørgen Ouren ført statistikk over kva folk heiter her i landet. I databasen sin har han rundt 100.000 namn med oversikt over kva folk heitte heilt tilbake til 1880 og fram til i dag.

Interessa for å studera namnemotane starta med at han i si tid var på jakt etter sjeldne namn til sine eigne tre barn. Namneeksperten vil ikkje vil røpa namnevalet han og kona enda opp med, men til hjelp og glede for andre foreldre har han sidan 1992 kvart år publisert oversikt over kva som er dei mest brukte jente– og gutenamna her i landet.

In med korte jentenamn
Namnestatistikken viser tydeleg at namnemoten går i bølgjer.

– Dei to store tendensane dei siste åra har vore korte jentenamn som sluttar på a eller ah, og bibelske gutenamn. Folk leitar med lys og lykt etter korte jentenamn som sluttar på a eller ah, seier Ouren. Dei mest brukte jentenamna dei siste åra har vore Thea, Emma, Sara, Julie og Ida. Også Leah er eit populært namn.

Ouren meiner dei korte jentenamna heng saman med at mange barn har fleire mellomnamn, og at det ikkje er plass til lange fornamn.

Bibelske gutenamn
Dei siste åra har nesten kvar fjerde nyfødd gut i Noreg fått eit namn som er direkte eller indirekte frå Bibelen.

– Lukas er til dømes eitt av dei gutenamna som no aukar mest, seier namneeksperten. Andre populære bibelske gutenamn er til dømes Elias, Mathias, Daniel og Andreas.

Jørgen Ouren trur likevel ikkje oppsvinget for bibelske gutenamn heng saman med noko religiøs vekking.

– Folk vel ikkje desse namna fordi dei er brukt i Bibelen. Mange er ikkje ein gong klar over at dei har valt bibelske namn. Forklaringa er at dette er gamle namn som no kjem tilbake.

Sjølv reknar Ouren med syklus på 120 år mellom kvar gong populære namn kjem att.

Når det gjeld bruken av bibelske namn, meiner namnekjennaren at toppen no er nådd og at desse namna snart vil bli erstatta av andre namnemotar.

Få regionale skilnader
– Kva med regionale skilnader? Er til dømes bibelske namn meir utbreidd i det såkalla «bibelbeltet» på Sør-Vestlandet?

– Det er eit godt spørsmål, men det er ingenting som tyder på det. Det er i det heile veldig små regionale skilnader på kva namn folk vel.

Ouren meiner dette heng saman med at vi ser dei same TV-kanalane og får den same type informasjonen same kor vi bur.

– Må ha ei glo
Mange barn har opp gjennom åra blitt oppattkalla etter ulike kjendisar. Men å vera kjendis er ikkje synonymt med å gjera karriere på namnetoppen.

– Eg brukar å seia at namnet må ha ei glo. Nokre namn har eit potensial. Andre har det ikkje. Å vera kjendis kan gje ei viss drahjelp, men det hjelper ikkje alltid. Namn som Mette og Marit er til dømes steindøde, slår namnegranskaren fast.

Han minner om at det er få som har fått så mykje spalteplass som kronprinsessa dei siste åra, men dette har ikkje gjeve noko utslag i namnestatistikkane.

Aktuelle toppnamn
Jørgen Ouren har mykje og handfast informasjon om namnetrendane fram til no, men synest det vanskeleg å spå om kva namn som vil nå til topps i framtida. Geir Tunby, som saman med Jørgen Ouren i fjor gav ut «Den store navneboka», spår likevel at Wilma, Maja, Agnes, Fillipa, Alice, Ebba og kanskje Saga, er jentenamn som vil bli mykje brukt i åra framover.

Blant gutane er det to typar namn som peikar seg ut, meiner Tunby. Det eine er namn som endar på –in. Til dømes Albin, Alvin, Edvin og Melvin. Den andre er gutenamn som endar på –o. Til dømes Hugo, Viggo, Leo, Theo eller Neo.

– Men desse spådommane får stå for Geir Tunby si eiga rekning, seier Jørgen Ouren.

– Kva ville du sjølv kalla barnet ditt, dersom du fekk barn i dag?

– Då vi valde namn, gjekk vi breitt ut og brukte lang tid. Vi gjekk gjennom namnebøker og slektsbøker heilt tilbake til mellomalderen. Cornelia var eitt av dei namna vi var inne på. Ho var dotter av ein gruvedirektør på Røros på 1600-talet, som vi nedstammar frå. Dette namnet var med heilt til finalen, seier Jørgen Ouren.
(©NPK)