Magasinett

Utskrift

Unge styrer i Bergen

Skrive av Toyni Tobekk .



Ein av Noregs yngste ordførarar er 15 år og kjem frå Bergen. Møt Ajit Singh Gill, ordførar i ungdommens bystyre (UB) i Bergen.


- Eg synest eg burde hatt dei andre 27 i UB med meg her, smiler 10.klassingen når vi møtest i Bergen sentrum. Mediemerksemda har vore ganske stor sidan han vart vald til ordførar i slutten av januar, og det synest han er berre kjekt. Men han ville gjerne delt litt av æra med kollegaene sine.

- Vi har ikkje jobba saman så lenge, men vi er blitt utruleg samansveiste på den korte tida, fortel han.

Ikkje politikk
Ungdommens bystyre skal bestå av representantar frå alle ungdoms- og vidaregåande skular i Bergen, og vil på sikt telje 50 representantar. Oppgåva deira blir å vere rådgjevarar for det folkevalde bystyret, og dei kan fremje saker for bystyret.

- Det er ikkje første gong det er oppretta eit ungdommens bystyre i Bergen, men tidlegare har dei ikkje greidd å få noko kontinuitet i arbeidet, fortel Gill. Det skal endre seg med dette bystyret, forstår vi. Kontakten mellom ungdommane og dei vaksne skal vere tett, og dei skal halde møta sine i bystyresalen i Bergen rådhus slik dei vaksne gjer det. UB har og ein eigen prosjektleiar knytt til seg som fungerer som sekretær og rettleiar for gruppa.

- Men UB er ikkje eit politisk organ?

- Nei, det er det ikkje. Vi er valde av medelevane våre og vi er politisk uavhengige. Det ser eg som ein fordel. Du kan seie det slik at vi er ungdommens parti og alle ungdommane i Bergen er medlemer i partiet.

Veit best
Noko av det viktigaste for Gill og kollegene hans blir å ha ein låg terskel for kontakt, meiner den engasjerte ordføraren. Folk skal føle at det er lett å nå fram med saker dei ønskjer at ungdommens bystyre skal ta opp.

- Kva saker kjem de til å jobbe med, trur du?

- Alt som angår ungdom. Alle representantane kan ta med saker frå sine skular som vi kan diskutere i møta. Vi vil og få tilsendt saker som byrådet skal ta opp for å uttale oss om dei på vegner av ungdommen. Tanken er at ungdom veit best korleis det er å vere ungdom.

Om ungdommane i Bergen er så spesielt opptekne av politikk veit han ikkje heilt, men han opplever i alle fall at unge er svært opptekne av å få gjennomført saker.

– Og det gler vi oss til, alle i UB.

Full støtte heimefrå
Den nyvalde ordføraren er ikkje heilt fersk i organisasjonsarbeid. Han fortel at han har vore med i elevrådet på skulen sin i fleire år. Fritida er elles fylt opp av samvær med venner, golfspeling og piano.

- Det er viktig med god balanse mellom skule og fritid, og det sosiale tel mykje for meg.

- Kva synest dei heime om at du har blitt ordførar?

- Dei støttar meg fullt ut, både foreldra mine og systera mi.

- Har du sjølv nokre kjernesaker du vil jobbe for?

- Ikkje akkurat kjernesaker. Men eg er til dømes oppteken av kollektivtilbodet i byen. No har takstane for barn blitt seinka i Bergen, og det er bra.

Men det er alltid ting å ta tak i, ikkje minst for ein som har ein leiande funksjon. Korleis vil han definere rolla si?

- Eg skal vere ungdommens ansikt utad, ein kontaktperson. Som leiar må eg nok rekne med å bruke ein del meir tid på bystyrearbeidet, men samstundes tenkjer eg at det kan samanliknast med arbeidet til eit fotballag: Vi må passe på å sentre til kvarandre.

 08. februar 2008