Magasinett

Utskrift

Skrivekonkurranse!

Skrive av Magasinett .

Går du med ei god historie i magen? Likar du å skrive? Har du lyst til å vinne eit Fuji FinePix Z10fd kamera?  Magasinett inviterer deg til å vere med på ein novellekonkurranse.      

Reglar
1) Du som skriv må vere mellom 14 og 19 år og du skal skrive ei novelle.
2) I løpet av novella skal orda raud, livsfarleg og syntetisk brukast.
3) Du må vise at du kan byggje opp ei novelle med innleiing, handling og avslutning.
4) Frist for innlevering er 8. april.

Du står fritt til å velje kva novella skal handle om, kor lang ho skal vere og kva målform du vil bruke.
     
 
Jury
Linn T. Sunne – vann Brageprisen i 2007 for ungdomsromanen Happy.
Arne Svingen – Brageprisvinnar i 2005 for romanen Svart elfenben.
     
 
Send inn
Brev (ikkje handskrive): Magasinett, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., merk emnet med Skrivekløe.

Hugs å leggje med namn, alder, adresse og e-postadresse eller mobilnummer!
     
 
Gevinst
Fuji Finepix Z10fd ditgitalt kamera med 7 megapikslar.

     
 
Om novella
Lurer du på kva vi meiner med at du skal vise at du kan byggje opp ei novelle? Desse lenkene tar deg til ulike ressursider som kan vere til god hjelp.
Kva er ei novelle? (Norsk Nettskole)
Noveller - eit opplegg for ungdomsskulen (Høgskolen i Volda)
     
 
Skrivekonkurransen blir støtta av stftinga Ord og Form.