Magasinett

Utskrift

Nyttårstalen 2009, første utkast

Skrive av Magasinett .


Det gjekk ikkje denne gongen heller. Men neste gong...


Poenget med statsministerens nyttårstale er å vise at det går an å gjere alle til lags. Kvart år prøver statsministeren å nemne alle saker, alle grupper og alle personar som kan tenkast å ha glede av å bli nemnt i ein nyttårstale. Kvart år gløymer statsministeren nokon. I år var han innom mykje. Skule, klima, barna, framsteg, velstand, internasjonalt ansvar. Men han gløymde dei gamle. Noko han fekk klar beskjed om frå rasande talspersonar for Foreninga For Folk Som Plutselig Blei Opptatt Av Eldrepolitikk Då Dei Fylte Sekstifem.

For at alle skal bli fornøgde neste gong, er arbeidet med neste års tale allereie i gang. Statsministerens beste taleskrivarar prøver ut ulike teknikkar for å få med absolutt alt i denne talen. Den første teknikken dei har prøvd, er å nemne eitt ord for kvar bokstav i alfabetet:

”Kjære alle saman.

Alt er viktig.

Barn er veldig viktig.

Cha-cha-cha er ein dans.

Dans er viktig.

Elektrisitet er nødvendig i vårt samfunn.

Fisk er viktig.

Gamle folk skal ha det bra.

Halvgamle folk skal også ha det bra.

Idrett er sunt.

Jesus er sentral i kirstendommen, og både kristendommen og andre religionar er viktige i mange folks liv, det skal ein respekterte.

Kambodsja er eit land i verden. Alle land i verden er viktige.

Lemen har også rett til å leve.

Mus også.

Nissen er viktig for mange barn, og nettopp barnas begeistring og tru kan det vere viktig å ta med seg inn i eit nytt år.

Osteoporose er ein sjukdom ein må ta på alvor. Akkurat som alle andre sjukdommar.

Persisk er eit språk, og språk er viktig i vår tid, akkurat som all annan kunnskap.

Queens Park Rangers er eit engelsk fotballag som hadde ei storheitstid for ein del år sidan, og som sikkert har ambisjonar om å komme tilbake til toppen, akkurat som vi alle bør ha ambisjonar om å komme tilbake etter å ha møtt motgang.

Rasisme er ikkje bra.

Skigardar kan ikkje vara evig, som det heiter i songen.

Tanter, onklar, foreldre, søsken, tremenningar og andre: Vi bør kanskje ta oss litt meir tid til å ta oss av slekta i det nye året.

Utan at det skal gå ut over alle dei vi ikkje er i slekt med, sjølvsagt. Dei bør vi også ta oss av.

Vinter, vår, sommar og haust. Årstidene er ikkje det dei ein gong var, det er derfor vi må ta klimautfordringane på alvor.

Whisky kan vere godt, men alt med måte.

X-Ray Specs var tittelen på ein liten hit med artisten Ole Evenrud frå 1986. Teksten handlar om å sjå etter indre verdiar. Det kan vere noko å ta med seg inn i eit nytt år.

Yatzy er eit artig spel. Ein må ikkje gløyme leik og spel i det nye året.

Zloty er den polske mynteininga, som minner oss om at verden blir stadig meir globalisert, og at rikdommen er ulikt fordelt.

Æ e nordlending æ, song gruppa Unit Five ein gong. Det er viktig å vere stolt av sitt opphav og særpreg.

Økonomi er viktig.

Å, det var så lite.

Godt nytt år.”

 Dei har heldigvis framleis tolv månader på seg.

Are Kalvø
2. januar 2008