Magasinett

Utskrift

Bokmeldarpraten

Skrive av Ida Ljønes .


Magasinett kjem med jamne mellomrom med intervju med profesjonelle forfattarar, kalla Forfattarpraten. No er det på tide å høyre ”frå andre sida av bordet”, eller frå dei som aldri har fått til å prestere kunstnarisk sjølv, som intervjuobjekt til Bokmeldarpraten spøkefullt skildrar det. Vi har prata med bokmeldar Erling Steenstrup, som medan anna har meldt Endre Lund Eriksen sine bøker om Pitbull-Terje for NRK.

Kvifor ønskjer du å jobbe med å melde bøker?
Eg har alltid vore ein lesehest. Heilt sidan Donald midt på femtitalet har eg vore ein hund etter underhaldning og gode historier. Det gjev etterkvart ny innsikt og forståing, og opplevingar utover dagleglivet. ”Melderiet” er ikkje eit heiltidsarbeid, eg er kulturjournalist i NRK Troms og Finnmark, og har jobba for Kulturnytt i P2. Eg har ønskja å fortelje lyttarane om bøker som eg – eller redaktøren - meiner angår dei, eller som eg synest er viktige. Det kriteriet gjer at eg meldar mest sakprosa, men eg meldar også ein del skjønnlitteratur.

Korleis enda du opp som bokmeldar?
Eg er utdanna arkitekt og har 11 års erfaring som jernbindar. Det er ei lang historie korleis eg enda opp med å melde bøker. Eg starta som ulønna redaktør og musikkjournalist i RV-radioen i Tromsø i 1985, og blei etterkvart tilsett i NRK i Tromsø. Der fekk eg moglegheit til å skrive kåseri og melde teater- og fotballkampar. Så kom bokmeldarjobbene etterkvart. Eg arbeida med lokale forfattarar eller bøker om Nord-Noreg innanfor fleire sjangrar, også kiosklitteratur. I P2 melda eg bøker om biletkunst, biografiar og oversiktverk over rock, jazz, blues og country. Eg har også meldt litt krim, i tillegg til at eg slakta det siste posthume verket til Hemingway; True at first Light...

Ein anna innfallsvinkel i arbeid med bøker kan vere å intervjue forfattaren i staden for å melde. Det er meir ”straight” journalistikk, og eg prøvar å unngå rolleblanding, altså at eg ikkje intervjuar dei eg meldar. Dette har ført til at eg også har ”bokbada” forfattarar i fleire sjangrar på møte arrangert av Nordnorsk forfattarsentrum.

Den mest relevante bakgrunnen eg har er at eg har lese bredt og mykje. Elles er vel den vanlege vegen inn i yrket at ein har litteraturfagleg utdanning, at ein vankar i miljøet, og at ein skaffar seg eit nettverk.

Korleis kan ein gå fram om ein ønskjer seg oppdrag som bokmeldar, og eventuelt å jobbe med dette profesjonelt?
I mitt tilfelle får eg tilsendt bøker som forlaget ønskjer omtale eller melding av, eller eg kan be om eit meldareksempel frå utgjevar. Så gjev eg redaktøren beskjed om dette er ei bok lyttarane bør få høyre om. Allment bør det leverast ein tekst til redaktøren i avisa eller mediet ein ønskjer skal betale. Ellers kunne ein jo berre ha skrive ein blogg...

Er det eit marknad for bokmeldarar i Noreg i dag?
Ja, absolutt. Det har jo aldri vore ein så stort bokmarknad her i landet som no, og det krev rettleiing og analysar frå folk som bryr seg.

Korleis går du fram konkret i arbeidet med å melde bøker?
Fyrst må jo boka lesast, opplevast og forståas. Så samlar eg inn relevante opplysningar om forfattaren og opplysningar som gjev eit riss av handling eller tema, og prøver å setje dei i ein samanheng. Radiomediet er sekundstyrt, så det viktigaste er å prøve å vere så presis og kortfatta som mogleg. Eg freistar også å leggje inn humor, og eg brukar eit munnleg språk. Så skriv eg teksten, og kuttar og skjer og omformulerar, før eg les inn. Då må eg sjekke tida og kutte i lydfila, om naudsynt. Ein har også ein deadline å halde seg til. Er eg usikker prøver eg også å diskutere med folk eg stolar på, men som regel må eg berre la det stå til. Av natur er eg ein snill mann, men det viktigaste er å vere så ærleg som mogleg i vurderingane. Dermed må det også leggast vekt på å tydeleggjere premissane. Fyrst og fremst må du skrive ein tekst du sjølv kan stå inne for. Det blir heilt feil å freiste å tekkast forfattaren, forlaget eller for den saks skuld, publikum. Plikta blir å skrive så godt du berre kan.

Trur du det er lettare å skrive barne- og ungdomslitteratur enn litteratur for vaksne?
Nei. Ein anna sak er at nokon forfattarar tydelegvis trur det. Men forlaga har brukbare kvalitetssikringsrutinar.

Kva meinar du er det viktigaste ei ungdomsbok må innehalde for å tilfredstelle publikummet sitt?
Sex og vald. Nei, orsak. Eg trur eg vil bruke ordet spaning. Ho må innehalde ei handling som gjer det vanskeleg å leggje boka frå seg, og gjerne ha nokon overraskingar, for lesarar kjenner fort igjen eit skjema. Godt språk er heller ikkje å forakte. Og så er eg så gamaldags at eg synest det kan vere godt å snappe opp nokon konkrete triks.

Avslutningsvis, det må nesten kome: kva er den beste boka du har lese? Og om du veit det, den dårlegaste?
Oi, eit umuleg spørsmål. Men eg trur eg må trekke fram novella The Killers av nemnde Hemingway. Den dårlegaste kasta eg vel i veggen i militæret, noko søl som Bill og Ben, eller den djupt spekulative Hornet’s Nest av Ken Follett.

Då har vi fått gode tips å tenkje på, både dei som går med ein bokmeldarspire i magen, og vi som berre vil lese ei god historie.

 

4.april 2008