Magasinett

Utskrift

Vi har ein vinnar

Skrive av Magasinett .

Ole Sand (16) frå Kolbotn vann vårens store skrivekonkurranse her på Magasinett. Denne historia gir rom for ettertanke, seier juryen om vinnarnovella «I familiens favntak».

Av redaksjonen
Ole Sand (16) frå Kolbotn har skrive ei novelle med eit ganske alvorleg innhald. Linn T. Sunne og Arne Svingen i juryen har følgjande grunngjeving for kvifor nett denne novella vart kåra til den beste:

«Ei moden novelle om ein kvardag langt frå Noreg. Novella har ei god oppbygging, og språket er nøkternt, trass i den dramatiske handlinga. Denne novella engasjerer og gir rom for ettertanke.»

God konkurranse
Ole Sand får eit kamera i premie for novella si. I tillegg har juryen kåra ein 2. og 3. plass, og desse er: Maritha Lid frå Stranda og Thuy My Do Thi frå Krogstadelva. Ein trøystegevinst er på veg i posten til desse to.

Heile 50 noveller kom inn til skrivekonkurransen denne gongen, og det er ei fantastisk god deltaking. Takk til alle som sendte inn!

Til alle som ikkje nådde opp denne gongen, så blir det nye sjansar med ny skrivekonkurranse til hausten.

Novellene og juryens kommentarar
1. plass: Familiens favntak av Ole Sand (16)
Grunngjeving: Ei moden novelle om ein kvardag langt frå Noreg. Novella har ei god oppbygging, og språket er nøkternt, trass i den dramatiske handlinga. Denne novella engasjerer og gir rom for ettertanke.


2. plass: Et slags fengsel? av Martha Lid (18)
Grunngjeving: Ei klaustrofobisk novelle med ein overraskande slutt. Språket er fokusert på stemningar og kjensler, og gir eit innblikk i ein situasjon som gjeld mange i Norge i dag.


3. plass: Om jeg hadde vært tjuetre av Thuy My Do Thi (17)
Grunngjeving: Ei stemningsfull novelle som både gjer godt og vondt å lese. Fine skildringar av vanskelege kjensler.

15. mai 2008