Magasinett

Utskrift

Om norsk språk frå 52 synsvinklar

Skrive av Inger Robøle Kristiansen/NPK .

Tvetulle er favorittordet til kåsøren Are Kalvø og dings er favorittordet til seksualforskaren Bente Træen. Tvetulle betyr hermafroditt, og Træen gjev sjølv ei nøyare utgreiing om favorittordet sitt i boka « (Nesten) alt du trenger å vite om norsk».

52 språkartiklar

Språkforskaren Helene Uri er redaktør for boka, som inneheld 52 artiklar om norsk språk skrive av forskjellige folk. Nesten halvparten av skribentane er språkvitarar. Elles er dei henta frå høgst ulike profesjonar. Relevante fellestrekk er at dei har meir eller mindre kjende namn frå forskjellige fagområde, og er gode til å samanstille ord til setningar og leseverdige artiklar frå fagområdet sitt.

Ein norsking

Sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen meiner mykje om det meste, og står sjeldan i beit for ord. I denne boka skriv han om nasjonal identitet – det å vera ein norsking – og at der ligg bakgrunnen for at vi har to målformer. Språkstriden har vore ein vesentleg komponent i nasjonsbygginga, men skaper større splid enn eining, meiner han. Hylland Eriksen argumenterer mot dei mange sideformene i både nynorsk og bokmål for at flest mogleg skal kunne skrive omtrent slik dei snakkar.

– Men for ein norsking er knoting den verkeleg store synda, skriv Hylland Eriksen, og viser til at ein utflyttar som ikkje slår over til barndommens dialekt når han besøkjer heimstaden, raskt får eit negativt stempel.

– I norsk ideologi er knotarane utrygge menneske med flakkande blikk og umusikalsk påklednad. Den personlege integriteten er omtrent like stor som hos ein engelskmann som har skifta fotballag, skriv sosialantropologen. Han har også laga eit språkspel for boka. Den som kjem på feltet der det står at ein har kome i skade for å seia at bergensdialekt er ein variant av nynorsk, må finne seg i å flytte fire ruter tilbake.

Mote og makt

Språkprofessor Finn-Erik Vinje har kåra ei ti på botn-liste over dei moteorda og uttrykka han likar aller minst.

– Det karakteristiske ved moteorda er at dei utgjev seg for å vera fikse, moderne og elegante, men at dei legg noko slapt og energilaust over stilen, skriv Vinje.

Dei verste er flagge, fronte, halde korta tett til brystet, krysse fingrane, kjemien stemmer, kome under huda på, leggje føringar, ta høgde for og setja på kartet.

Are Kalvø tek for seg maktspråket – der ein til dømes snakkar om rasjonalisering når meininga eigentleg er å gje folk sparken. Men Kalvø konkluderer med at den som prøver på å avkle folk eit pompøst maktspråk berre har ei kortvarig glede av det, og eigentleg er like klysete som brukarane av det ekskluderande maktspråket.

Elles gjev Unni Lindell ei innføring i kattespråket og Tore Åge Bringsværd i hundespråket. Legen Marianne Mjaaland skriv om legespråket, dommaren Jon Gisle om juristspråket og Bente Træen om seksualitetens språk, for å nemne nokre.

Helene Uri og medarbeidarane hennar har «sprita» opp boka med finurlege spørsmål, ordsamanstillingar og kryssord innimellom dei 52 kapitla. Roy Henning Nyvold har illustrert boka, som er komen ut på Kunnskapsforlaget. (NPK)

 

Arkiv, 2005