Magasinett

Utskrift

Saknar unge i politikken

Skrive av Marianne Magnussen .

Foto: Marianne MagnussenMargot Helene Rosvold (24) er den yngste i kommune-styret i Vaksdal. Ho er også leiar i ungdoms-laget i same bygd. 


Sidan ho er så aktiv i lokalmiljøet, har ho måtte ta pause frå måling, idrett og orkester. Å ta del i politikken er lite lokkande for mange unge, trur ho.

 

Ho meiner at det er svært viktig for at demokratiet skal fungere.

 


– Kvifor valde du å engasjere deg politisk?

Margot Helene Rosvold (24) roar ned etter ein lang arbeidsdag.
Ho ser gjennom ei fersk avis medan ho drikk te.


– Eg ville gjere Vaksdal til ein betre stad å vekse opp. I byrjinga
sa eg at eg ville førebyggje at unge rusar seg. Men då høyrdest
det ut som om alle vil byrje å drikke om ikkje dei har eit betre tilbod.
Mange unge er ikkje interesserte i alkohol, men er berre einsame.

– Kvifor vart du leiar i ungdoms-laget i tillegg?


– Slik kunne eg gjere noko konkret for ungdommane i bygda.

 

Velstanden gjer ungdom mindre engasjert i politiske saker, trur tjuefireåringen frå Vaksdal.

Ungdoms-laget har ei samling kvar fredag. Det er mange
unge som synest dette er positivt. Den unge kvinna snakkar
roleg og ettertenksamt. Ho har mykje glød i stemma.

Unge røyster trengs


– Korleis er det politiske engasjementet blant unge i Noreg

 i dag?


– Stadig færre deltek når det er val. Unge er meir opptekne av enkeltsaker. Dei går heller i demonstrasjon eller deltek i ei penge-innsamling.

– Kvifor trur du det er slik?

 

– Folk ser mindre resultat av å røyste, fordi politikarane i Noreg har mindre makt. EU og internasjonal politikk avgjer meir enn før.

Margot Helene trur også at velstanden får mange saker til å bli mindre engasjerande:


– I fattige land ønskjer folk å ta del i politikken for å få ei rettferdig fordeling. Bensinprisane i Noreg er ikkje så mykje å skrike opp for, viss ein tenker globalt. Dette seier ho med eit ironisk smil.


Margot Helene synest det er viktig at unge også deltek i politikken. 


Ho ynskjer å opprette eit ungdomsråd i kommune-styret.  

 

Foto: Marianne Magnussen 

Mange unge ser ikkje at dei fint kunne klart å delta politisk, meiner Margot Helene.

– Viss folk ikkje uttrykker meiningane sine, blir det jo ikkje demokrati. Eg meiner at alle over tolv år har plikt til å fylgje med på det som skjer i samfunnet.

Redde for ansvar


– Kva må til for at ein skal kunne bli politikar?

– Iver er det viktigaste. 


Margot Helene tenker at det er mange unge som er opptekne av politikk. Men dei tør ikkje engasjere seg. Det synest ho er trist.


– Det er spennande med utfordringar og kjekt å skape utvikling. Og det er meiningsfullt å kunne vere til hjelp for andre. Iallfall viss ein gler seg når andre får det betre. Men det gjer vel dei fleste?

Vaksdølingen trur at unge no for tida fryktar å binde seg til avtaler. 


– Eit svært vanleg svar i dag er ”kanskje”. Viss nokon inviterer deg på fest gjennom Facebook, kan du faktisk velje dette svaret som eit alternativ. Det synest eg er forferdeleg. Det seier jo ingen ting!

– Kvifor trur du unge ikkje vil forplikte seg?


– Me har vorte meir opptatt av individet enn av samfunnet. Kanskje er me også redde for å velje feil. Det kan jo opplevast som eit nederlag. Margot Helene har lagt frå seg avisa og ser
nokså søvnig ut.

– Kva er det verste med å ha så mykje ansvar?

– Når ein seier ja til noko, må ein seie nei til noko anna. Eg har måtte ta pause frå orkesteret, målinga og idretten. Bursdagar og uteliv har eg også mindre tid til no. 

 

Den aktive tjuefireåringen understrekar at alle også treng å kople av:


– Nokre fri-kvelder i veka er viktig. Også pausar i laupet av dagen, før ein blir for sliten. Dessutan er det viktig å ikkje stresse med måltida. Difor er det fint å ete ilag med avisa,
tipsar Margot Helene og tek kvelden. 

 

Lettlest ugleDette er ein lettlest tekst med korte setningar , enkle ord og få framand-ord.