Magasinett

Utskrift

Id er for alle

Skrive av Ragnhild Margretha Taranger .

Donia Wehid Ismail og Wafae Billa er begge 16 år, og går i fyrste klasse på Bergeland Vidaregåande Skule i Stavanger. Donia sin familie kjem opprinneleg frå Kurdistan, og Wafae sin kjem frå Marokko. Begge er fødde og oppvaksne i Noreg, og synest det er heilt normalt å feiret både jul og Id på ein gong. 

Donia og Wafae gler seg til juleferien, og har ikkje noko i mot jula. Gåver fekk dei til Store Id, som i år var den 8. desember.



Bilde: Donia og Wafae gler seg til juleferien, og har ikkje noko i mot jula. Gåver fekk dei til Store Id, som i år var den 8. desember. Foto: Ragnhild M. Taranger

 

Heime hos Wafae har dei ekstra god middag på julaftan, og det kjem gjerne familie på besøk. Elles deltek ho og familien ikkje noko særleg i julefeiringa.

- Det er Id som er den store festen hos oss, seier Wafae. Det er då vi får gåver, nye klede og god mat. Id blir feira både heime og saman med andre i fleire dagar.

Litt jul

Donia sin familie feirar litt jul heime.

- Vi gjer det mest for veslesystera mi, forklarer ho. Syster går i andre klasse på barneskulen og forstår ikkje heilt kvifor alle andre feirar jul og ikkje vi. Så vi pyntar med lys og liknande, har god mat og kosar oss på julaftan. Men gåvene får vi til Id, fortel ho.

To Id-festar

Muslimane feirar to forskjellige Id-festar. Den eine, vesle Id, er feiringa når fastemånaden Ramadan er over. Den andre feiringa, som kallast store Id, er to månader og ti dagar etter vesle Id. Store Id er den største høgtida, og kan samanliknast med julefeiringa, i følgje dei to jentene.

- Store Id er markeringa av då profeten Abraham var villig til å ofre sonen sin for Gud, forklarer Wafae. I siste liten fekk Abraham ein sau å ofre i staden for sonen. For å markere dette, slaktar vi lam, eller sender pengar til dei fattige, slik at dei kan gjere det og feire Id.  

Begge jentene er med på det som skjer av julefeiring på skulen, bortsett frå gudsteneste. Då får dei eit anna opplegg på skulen. Dei veit ikkje om skulen dei går på no skal på gudsteneste før jul, sidan dei går fyste året på vidaregåande, men slik var det i alle fall på ungdomsskulen.

Kvinnefest

Wafae er styremedlem i Islamsk kvinneforening i Rogaland, som kvart år arrangerer Id-fest for alle muslimske kvinner i Rogaland, med mat, dans og underholdning.

- Det kjem omlag 2-300 kvinner på denne festen kvart år, og det er veldig artig å møtast slik, fortel ho, og legg til at ho også er med på å arrangere ein Id-fest for ungdom.

Wafae og Donia har ikkje noko i mot jula, og gler seg begge til juleferien. I år skal dei to jentene vere mykje saman og overnatte hos kvarandre. Elles gler Wafae seg til å få besøk av kusina si, og Donia får ei tante på besøk.

- Vi er vande med å ha ein annan kultur, seier Wafae. - Det er heilt normalt for oss.

Ho synest det passar bra at Store Id kjem nokolunde samstundes med jula, og synest det er fint å gå rundt i gatene når det er pynta med så mykje fine lys.

Id er for alle

Donia trur at muslimar kanskje tenkjer litt meir på kva dei feirar og på kvarandre, enn nordmenn flest gjer i jula.

- Vi er kanskje litt mindre fokuserte på gåvene, og meir på å kose oss saman med familie og vener, seier ho.

Wafae meiner at Id er ei meir inkluderande høgtid enn den norske jula. Folk som ikkje har familie i Noreg er også med og feirar Id, sidan ein ikkje feirar berre heime hos seg sjølv men også på store festar for alle.

- Id er for alle, seier ho.

Les meir i Wikipedia om Store Id, eller Id-ul-adha, som det heiter på arabisk.