Magasinett

Utskrift

Godkjent-stempel for World of Warcraft

Skrive av Ingvild Grane .

Avhengigheitsskapande på linje med heroin. Slik har nettrollespelet World of Warcraft vore framstilt. Men no meiner forskarar at spelet tvert imot er ein viktig sosial kanal, som gir trening i samarbeid og leiarskap.

WoWSTORT: Med 11 millionar spelarar på verdsbasis, er World of Warcraft verdas største nettrollespel. Det er tydeleg på fasaden til ein av Oslos største spelbutikkar. (Foto: Ingvild Grane)

 

– Spelet er endeleg godkjent som kultur, meiner World of Warcraft-spelar Øyvind Stenland (23).

- Det har vore få saker i media som har stilt seg positive til World of Warcraft. I staden har skrekk-artiklar om skulegutar som spelar 16 timar i strekk vore framstilt som om dei er representative for alle dei 11 millionane som spelar spelet.

Det seier Øyvind Stenland (23) frå Kløfta i Ullensaker kommune nord for Oslo. Han har vore aktiv spelar av World of Warcraft (WoW) dei siste tre åra. Saman med kompisane Vegard Axelsson (23) og Lars Hindefors (23) er han fleire gongar i veka å finne inne i den virtuelle verda Azeroth, der figurane deira utforskar spellandskapet, sloss mot monster og løyser utfordringar saman med andre spelarar. Inne i WoW-verda møter dei også kompisar, samtidig som dei blir kjent med andre spelarar.

Entusiastar

ENTUSIASTAR: - World of Warcraft er ikkje lenger berre eit spel, det er eit fenomen, meiner f.v. Lars Hindefors (23), Øyvind Stenland (23) og Vegard Axelsson (23). (Foto: Ingvild Grane)

Og nettopp det sosiale elementet vert framheva av dei tre gutane som ein viktig grunn til at dei spelar spelet. Samtidig er det det høge kravet til tidsbruk som har gjort at fagfolk dei siste åra har ropt varsku om at spelet kan føre til avhengigheit. Men no møter åtvaringane motstand.

Ikkje avhengigheitsskapande

- 90 prosent av dei unge som søkjer hjelp på grunn av problematisk bruk av dataspel, er ikkje avhengige.

Det seier forskaren Keith Bakker til BBC. Han er leiar for Smith & Jones- senteret i Amsterdam, den første og einaste klinikken i Europa som arbeider med å hjelpe dataspelavhengige. Der har dei funne ut at spel som World of Warcraft ikkje i seg sjølv er avhengigheitsskapande. Derimot slit dei unge som søkjer hjelp med heilt andre problem, som mobbing og einsemd. Bakker meiner mange av dei har meir bruk for hjelp frå foreldra og skulelærarane sine, enn frå fagfolk som jobbar med avhengigheit. Det er førsteamanuensis Torill Mortensen ved Høgskulen i Volda heilt einig i:

- Dei som spelar problematisk mykje, har gjerne heilt andre problem som dei forsøker å takle ved å rømme inn i spel som WoW. Då kan det sjå ut som dei er avhengige. WoW kan vere den einaste plassen der dei har eit sosialt liv, og der dei føler at dei oppnår noko, seier ho.

WoW som tilfluktsstad

Vegard, Lars og Øyvind frå Kløfta meiner dei har god kontroll på kor mykje tid dei brukar på spelet, sjølv om dei innrømmer at det i periodar med oppdateringar og nytt spelinnhald kan vere vanskeleg å få lagt seg til å sove i rimeleg tid.  Likevel ser dei at det er problematisk dersom speletida kjem ut av kontroll.

- Ingen vi kjenner spelar så mykje at det er eit problem, seier Øyvind.

- Men fleire eg har møtt inne i spelet, har sagt at spelinga har kome ut av kontroll. Folk har fortalt at dama har reist frå dei, eller at dei har mista jobben fordi dei speler for mykje, held han fram.

- Men då er det ikkje spelet som er problemet. Då har dei andre problem som dei ikkje klarar å hanskast med, og brukar WoW som ein måte å sleppe unna kvardagen på, meiner han.

Det er Vegard og Lars einige i:

-  Det er nok mange som brukar WoW som ein stad å flykte til for å unngå andre problem dei har, som mobbing og manglande vennskapskrets,  trur Vegard.

Sosialt

Og kjensla av å få ein ny vennskapskrets inne i WoW-universet er viktig. For både dei tre kameratane frå Kløfta og Torill Mortensen frå Høgskulen i Volda meiner at WoW er svært viktig som sosial kanal.

- Spel som WoW viser at nettet er ein stad for samarbeid. WoW-spelarane samarbeidar både

Underhaldning 

UNDERHALDNING: Hovudgrunnen til at Lars, Øyvind og Vegard spelar World of Warcraft, er fordi det er sosialt og morosamt.  (Foto: Ingvild Grane)

inne i spelet, og dei møtast i forum og diskusjonsgrupper utanfor spelet for å løyse problem saman, seier Mortensen.

- Ein av WoW sine viktigaste funksjonar er nettopp at spelet er sosialt. Her er  ein saman med vener, kjærastar og familie, og gjennom spelet har ein oppløftande og morosame opplevingar saman, held ho fram.

Og sjølv om Øyvind, Lars og Vegard fortel at mange av kompisane deira etter kvart har blitt ivrige WoW-spelarar, er det ikkje berre gamle kjente dei kommuniserar med i spelet. Øyvind fortel at han har blitt så godt kjent med nye folk han har møtt inne i Azeroth-universet, at han seinare også har møtt dei i det verkelege liv.

- Men blir ein godt kjent med folk gjennom spelet?

- Ja. Det er omtrent som å snakke lenge saman i telefonen. Etter kvart veit ein jo ganske mykje om kvarandre.

Leiarskapstrening

Dei tre kameratane frå Kløfta seier det først og fremst er fordi det er underhaldande og sosialt at dei held fram med å spele WoW. Men i tillegg meiner det også er andre gevinstar å hente ved å bruke tid på spelet.
   
- Ein kan lære mykje om leiarskap, taktikk, samarbeid og planlegging, meiner dei.

Det meiner også NTNU-professor Arne Krokan. Han seier at personar med leiarstilling i eit spel som WoW vil få positive erfaringar til det framtidige arbeidslivet, og meiner det er eit stort læringspotensial i slike nettbaserte spel. Det er Torill Mortensen ved Høgskulen i Volda einig i:

- Mykje av det ein gjer i WoW går rett inn i den kompetansen ein treng på ein arbeidsplass, seier ho.

Ho påpeikar likevel at ein ikkje skal sjå bort frå verdien spel som World of Warcraft har også som rein underhaldning:


- Vi må ikkje gløyme verdien av avslapning, underhaldning og av å omgåast med eit nettverk av vener. Alt dette er viktige element når ein spelar WoW. Det er gjennom slike opplevingar at vi alle får stadfesta at vi er verd noko. Underhaldning og å gjere aktivitetar saman med andre er viktig, og skal ikkje undervurderast. 

 

Les meir om World of Warcraft på Wikipedia