Magasinett

Utskrift

Ingen haikedans på roser

Skrive av Magnus Stokka .

Haiketur
Heilt utan pengar og heilt utan mat sette to unge karar kursen mot Afrika. Med tommelen i vêret og harmonikaen i munnen opplevde dei si livs reise – heilt til dei kom til Spania.

Haiketur hadde lenge vore draumen for Torgeir Bull (21) og André Sæter (24). I sommar slengde dei to kameratane like godt tommelen i vegkanten. I sekken hadde dei berre det høgst nødvendige, som klede, telt og sovepose. Og ikkje minst; munnspel og teiknesaker.

- Det var ei kjempeoppleving! Som ein einaste lang berg- og dalbanetur, seier Torgeir.

- Kva skulle de eigentleg med munnspel og teiknesaker?

- Målet var å samle inn pengar til Plan Norge sitt prosjekt i Sør-Sudan. Vi tenkte vi kunne gjere noko nyttig for oss når vi først var ute på tur. Derfor tok vi med oss harmonika og teiknesett. Slik kunne vi tene pengar som gatemusikantar og gateteiknarar.

Måtte skilje lag

Og pengar vart det. Knappe 12.000 kroner kjem no til nytte for unge gutar og jenter som vil gå på yrkesskule i byen Juba i Sør-Sudan. Kanskje kjem det inn endå fleire pengar. Alle sponsorane har nemleg ikkje vore like flinke til å betale for seg.

Andre og Torgeir

Haikarane Torgeir og Andrè. (Foto: Privat)

- Pengeinnsamlinga gjekk både bra og dårleg. I Belgia fekk vi inn mykje, medan franskmennene berre gjekk forbi oss. Alt i alt er vi fornøgde.

Men turen vart ikkje heilt som dei to eventyrarane hadde planlagt. Då dei etter to og ei halv veke hadde kome heilt sør til Spania, måtte dei nemleg skilje lag.

- I Spania vart det umogleg å haike. Ikkje kunne vi spansk og dei einaste bilane vi kunne sitje på med var store trailerar. Dei hadde ikkje plass til meir enn ein passasjer, forklarer Torgeir.

Gode minne

Det gjorde at Torgeir måtte ta turen heim, medan André fullførte turen til Marokko – landet som ligg heilt nord i Afrika.

- Sjølvsagt vart det ein nedtur då eg ikkje fekk bli med til Afrika. Men vi tenkte det var betre at éin fullførte enn at heile prosjektet gjekk i vasken. Vi ville jo gjerne samle inn pengane vi hadde som målsetjing å få inn.

Men sjølv om Torgeir ikkje kom seg til det afrikanske kontinentet, er han ingen bitter mann. Han kan sjå tilbake på mange gode minne.

- Den eine plassen, eg trur det var i Frankrike, vart vi varta opp med firerettars middag. Etterpå vaska vertskapet kleda våre. Det er slik ein hugsar når ein er sliten av å ha traska rundt med ein tung sekk i fleire mil. I desember fekk eg jamvel julekort frå ein eg møtte på turen. Det var stas.

Haiketips

- Mange unge drøymer om å reise. Har du nokre haiketips?

- Vårt slagord var alltid: «Viss vi klarer det, klarer alle det». Så det er fullt mogleg for alle. Første bod er å ha ein god sekk. Skal eg på tur ein annan gong, kjem eg til å ha ein kvalitetssekk på

Gratistur

Gratistur har eiga nettside på Blogger. 

ryggen. Og så løner det seg å haike langs småvegar. På dei store motorvegane er det vanskeleg å få napp. Elles er det berre å vere hyggeleg og tolmodig. Eg lovar at det vert mykje gåing og lite mat. Haikelivet er nemleg ingen dans på roser.

Stor pressemerksemd

Dei to reiselystne frå Rakkestad i Østfold (Torgeir) og Fosnavåg i Møre og Romsdal (André), fekk også media sitt søkjelys på seg då dei bestemte seg for å haike langs ukjente vegar. Dei har vorte intervjua av både Reiseradioen på NRK P1 og Osenbanden på P3. Og ikkje minst lokalavisene og lokalradiostasjonane. Etter turen vart det rolegare.

- Det var gøy med alle merksemda, samstundes som det var litt stress når det stod på. Vi følte vel at vi ikkje fortente det heilt. Men etter turen har ikkje så mange teke kontakt.

- Har de planar om nye haiketurar?

- Vi har ingen konkrete planar. Eg ser likevel ikkje bort frå at vi kjem til å reise igjen. Men då trur eg turen vert noko kortare – og noko meir behageleg, smiler Torgeir.

Lenker:
Fekk du lyst til å haike til Afrika? Les bloggen til Torgeir og André: http://gratistur.blogspot.com/

Sjå kva dyr dei to eventyrarane møtte på i Frankrike:
http://www.youtube.com/watch?v=omMTxwBEl7I&eurl=http://gratistur.blogspot.com/search/label/media