Magasinett

Utskrift

Internett er den nye valkanalen

Skrive av Ingvild Grane .

Foto: Istockphoto

Til stortingsvalet til hausten kan Facebook, Twitter og bloggar bli dei viktigaste måtane å spreie informasjon i valkampen på, meiner dei norske ungdomspartia. Dei har sett seg leie på gamaldagse tv-debattar

 

- Det er nytt å bruke nettet i norsk valkampsamanheng, seier leiar i Unge Høgre, Henrik Asheim (25).

 

Dei er eitt av ungdomspartia som no vil hente fleire stemmer frå førstegongsveljarar og unge gjennom internett.

 

Henrik Asheim

Ungdommar er lei tv-debattar, og leitar etter politisk informasjon på nettet i staden, meiner Unge Høgre-leiar Henrik Asheim (25). (Foto: Unge Høgre)

- Få unge ser på fjernsynsdebattar der ein sit og skrik til kvarandre. Vi går på nettet i staden, seier han til Magasinett.

 

Kanskje er det Barack Obama sin historiske valsiger som har vore inspirasjonen. Då han gjekk av med sigeren ved fjorårets val i USA, meinte mange at han kunne takke ein utstrekt bruk av digitale hjelpemiddel for valresultatet.

 

Gjennom ein historisk Internettkampanje klarte han både å få inn store summar pengar, og å mobilisere unge veljarar.

 

Men Internett har også blitt den nye måten mange unge hentar inn informasjon på, for ikkje å snakke om den nye måten å kommunisere på. Og å kommunisere med ungdom på heimebane er gull verdt for ungdomspartia.

 

Bloggar skaper diskusjon

- Valkamp handlar om at vi politikarar må bli kjend med veljarane, og at dei må bli kjende med oss. Då må ein finne måtar å kommunisere mest mogleg direkte med folk på, seier leiar i Kristelig Folkepartis Ungdom (KrfU), Kjell Ingolf Ropstad (23).

 

- Internett er allereie ein etablert diskusjonsarena for ungdom. Då blir det naturleg for oss å møte ungdommen der dei er, held han fram.

 

- Trur du Internettdebattar er meir interessante for ungdom enn dei tradisjonelle valkampdebattane på tv?

- Ja, det trur eg. Ofte blir tv-debattane litt fordummande. Slik sett er eit medium der du kan legge fram ditt bodskap, og lesaren kan velje å tolke det slik dei vil, vel så konstruktiv som krangling på tv.

 

Også Sosialistisk Ungdom (SU), Unge Venstre, Fremskrittspartiets Ungdom (FpU) og AUF seier at nettet blir sentralt i valkampen, både for å skaffe nye medlemmar, og til å spreie kampanjar og informasjon. Både Ropstad frå KrfU og SU-leiar Mali Steiro Tronsmoen (25) fortel at dei allereie bloggar aktivt.

 

Mali Steiro Tronsmoen

Mali Steiro Tronsmoen (25) meiner blogging blir ein måte å skape aktive diskusjonar på.(Foto: SU)

- Det er mange sentrale SU-arar som bloggar, deriblant meg. Blogging blir ein måte å skape diskusjonar på. Eg kan komme med mine meiningar, samtidig som lesarane kan kommentere det eg skriv, seier ho til Magasinett.

 

Ungdom vil verne miljøet

Sjølv om stortingsvalet framleis ligg mange månader fram i tid, kan alle ungdomspartia melde at dei er godt i gang med valkampen. Miljøvern blir den tydelegaste kampsaka for dei fleste ungdomspartia i år. Og det er særleg ei sak som engasjerer på tvers av partipolitiske skiljelinjer: å stoppe oljeborringa i Vesterålen og Lofoten.

 

Unge Venstre-leiar Anne Solsvik (28) fortel at dei vil køyre ein underskriftskampanje mot oljeborringa, medan KrfU-leiar Ropstad fortel at oljeborringa er temaet som skaper størst strid mellom dei og moderpartiet KrF. Også AUF og AP, og Unge Høgre og Høgre er ueinige på dette området.

 

- Kva er grunnen til at svært mange av ungdomspartia er imot oljeborringa, medan moderpartia går inn for den?

- Det er vel fordi det er vi som skal arve kloden, ler KrfU-leiaren.

 

Anne Solsvik

Anne Solsvik (28) i Unge Venstre engasjerer seg mot oljeborring i Lofoten og Vesterålen, og skal starte ein underskriftskampanje i løpet av våren. (Foto: Unge Venstre)

 

- Vi unge har vakse opp med ei miljøbølgje. Miljøet ligg veldig integrert i måten ungdom tenkjer på. For ein del av dei eldre politikarane har ikkje temaet vore like aktuelt. Dei har ikkje opplevd at miljøspørsmålet sankar stemmer, og derfor er ikkje miljøvern eit like hot tema for dei, meiner han.

 

Trener til skuledebattane

Sjølv om nettet kanskje blir den viktigaste arenaen for kampanjar og informasjon, står framleis dei tradisjonelle skulevala og skuledebattane høgt i kurs hos alle ungdomspartia. Og dersom du trudde at paneldebattane på dei vidaregåande skulane berre handlar om ungdomspolitikarar som droppar innom for ein liten diskusjon, må du tru om att. Mange av partia har halde på med debatt-trening for sine medlemmar heilt sidan i fjor sommar.

 

- Vi starta med debatt-trening alt på sommarleiren i 2008, fortel Unge Venstre-leiar Solsvik.

 

- Veldig mange av våre medlemmar er unge folk, og i skulesamanheng får ein lite trening i debattsituasjonar. Sjølv om folk synst det er spennande, er det også mange som ser på det som ei utfordring. Derfor trener vi blant anna på å sitje i paneldebattar, held ho fram.

 

Også i FpU legg dei stor vekt på å framstå best mogleg i skulesamanheng. Formann Ove Vanebo (25) fortel at skuledebatt-skuleringa er i full gang i partiet.

 

Ove Vanebo

Ove Vanebo (25) er formann i FpU, og åtvarar mot å undervurdere ungdommen i politikken: - Skuleelevar er vår største rekrutteringsbase, seier han.(Foto: FpU)

 

- Vi lærer medlemmane å halde appellar. Dei blir drilla i å komme med kjappe poeng og å bli best mogleg i munnlege presentasjonar, seier han.

 

Vanebo meiner dei vidaregåande skulane er heilt uvurderlege for ungdomspartia.

 

- Den største rekrutteringsbasen vi har er skuleelevar. Viss vi skal få ungdom engasjert, må vi møte dei på heimebane. Det kan vi både gjere på nett, eller ved å reise rundt til skulane og snakke med folk, legg han til, og seier han meiner det er undervurdert i politikken kor viktig det er å snakke med ungdom.

 

- Ungdommar kan ha fordommar mot partia, og på skulane kan vi svare på spørsmål og snakke saman. Viss unge treff andre unge som er aktive i politikken, og ser at dei er som dei sjølve, trur eg terskelen for å bli aktiv i politikken er lågare.

 

Vil engasjere

Og nettopp å engasjere fleire unge i politikken er noko alle ungdomspartia kan einast om, uansett kor mykje dei kranglar på andre område.

 

- Vi treng engasjert ungdom for å få opp valdeltakinga. Å synleggjere at det finst mange folk som er villige til å få til noko, kan smitte andre til å engasjere seg, trur Unge Venstre-leiar Solsvik.

 

Ho blir støtta av Unge Høgre-leiar Henrik Asheim:

 

- Eg trur det er veldig viktig at vi har aktive folk som er ute og viser korleis politikk føregår i praksis. Å ha ein i klassen som er med i eit ungdomsparti, har ein del å seie for korleis ein ser på politikk. Ungdomspartia si viktigaste oppgåve er å få fleire unge til å engasjere seg. Det er vi som må vise unge at ein faktisk kan vere med å påverke det som skjer gjennom eit politisk parti.