Magasinett

Utskrift

Sint heltinne

Skrive av Ingrid Z. Aanestad .

Armhule

Lenge hadde eg ei teikneserie-rute festa på kjøleskapet med magnet. Ruta viste ei tilsynelatande blid ekspeditrise som står bak disken i ein butikk. Grøne eple ligg utover.
- Så vi er sugne på epler i dag? spør ekspeditrisa kunden framfor disken.
- NEEI! Du vet ingenting om meg! Hører du? INGENTING! brøler kunden, raudglødande av sinne.

Å visa korleis ein kan møta hyggeleg tomprat med drepande ærlege kommentarar er ein av spesialitetane til den svenske serieteiknaren Nina Hemmingsson. For slike som meg, som oftast kjem på dei gode og sinte replikkane fleire veker etter at eg har bruk for dei, er det rein medisin å lesa desse seriane. Medisin som gir mot.

- Eg hentar idear frå tankane og kjenslene mine, det som oppstår i kvardagen, frustrasjon over tingas tilstand. Å teikna og skriva har blitt ein overlevingsmetode for meg, svarer Nina Hemmingsson i ein e-post når eg spør kor ideane hennar kjem frå.

- I mange av seriane dine finst ei kvinne med mørkt hår. Ho har ein griseliknande nase og er ikkje særleg triveleg. Kven er eigentleg denne kvinna?

- I byrjinga var ho litt ulik frå den eine serien til den andre, men no er ho meir og meir ein eigen person. Eller snarare er ho meg. Ho er ganske ofte sint eller lei, men ikkje bitter, slik somme trur. Ikkje i mine auge. For meg er ho ein person som nektar å gi opp. Ho aksepterer ingenting anna enn å få leva som ho er. På den måten er ho ei heltinne for meg. I røynda er eg reddare og prøver å tilpassa meg meir etter andre sine forventningar. Det er ikkje bare dårleg, men ho er eit slags samvit for meg, så eg ikkje gløymer bort meg sjølv i ønsket om å passa inn.

Nina Hemmingson har i fleire år teikna for svensk aviser og tidsskrift, og i 2004 ga ho ut albumet "HJÄLP!"  saman med serieteiknarkollega Sara Olausson. To år seinare kom eit eige album. Det finst no også finst på norsk med tittelen "Jeg er kjæresten din nå".

Penis

- Kvifor begynte du å laga seriar?

- Eg gjekk på kunstakademiet i Trondheim. Då eg var ferdig der, reiste eg heim til Sverige, aleine med ein liten baby. Eg var på ein plass i livet eg ikkje hadde rekna med i det heile teke. Når ein hamnar i ei slik krise, kan ein bli ganske var på kva som er "på riktig", og eg syntest at det meste av den kunsten eg støytte på var falsk. Det er sjølvsagt ikkje sant, sjølv om det stemmer iblant. Eg orka ikkje å vera i lag med folk, så eg isolerte meg, også frå vennene mine. Å teikna og skriva er noko som er enkelt å gjera utan å måtta gå ut. Eg kjøpte ein data og ein scannar, slik kunne eg etterkvart begynna å publisera, framleis utan å treffa nokon. Det var fint. I byrjinga var det bare teikningar og tekst, veldig ustrukturert. Så var det nokon som sa at eg burde begynna å teikna seriar. Kvifor ikkje? tenkte eg, og testa det. Eg likte det med ein gong. Å teikna seriar er for meg ein bra måte å jobba på, eg blir ikkje forvirra på vegen. Ideane og tankane har ikkje så lang veg frå hjernen ut gjennom armen til papiret. Eg kan behalda kjensla. For andre kan det sjølvsagt vera på same måte med eit videokamera for eksempel. Men for meg er det pennen.

Streken til Nina Hemmingsson er særprega og umiskjenneleg. Uttrykket er direkte, rått og ofte hylande morosamt, samstundes som tematikken kan vera både mørk og deprimerande.  Har kunstutdanninga hatt noko å seia for seriane hennar, for korleis ho arbeider?

- Kunstakademiet og det eg opplevde der er ein del av livet mitt, og på den måten har det påverka meg, også som serieteiknar. Derimot teikna eg ikkje seriar når eg gjekk der. Då var det heilt andre ting eg haldt på med, performance, video og ein del måleri. Det var også slike ting som blei oppmuntra meir enn til dømes grafikk og teikning. Eg var ganske usikker og gjorde det som blei forventa av meg. Eg vil ikkje ha den tida der ugjort, mykje av det eg gjorde var oppriktig og eg fekk fine venner der. Men eg syntest at utdanninga var ganske dårleg, og eg var dårleg til å bare gjera det eg hadde lyst til utan å bry meg om kva andre synest. Det har eg lært meg ganske bra no, trur eg.

Hemmingson fortel at teksten nesten alltid kjem først når ho arbeider med seriane. Ho vekslar mellom å laga "einrutingar" og lengre seriar.

- Einrutingane krev meir komprimering. Visse tekst-idear passar best til einrutingar, medan andre passar betre som litt lengre seriar og det merker eg tidleg i prosessen. Elles er det omtrent det same, eg forandrar og forandrar, teiknar på ny, skriv på ny... Eg jobbar nesten alltid langsamt med seriane.

- Mange les seriane dine som samfunnskritiske, politiske og ofte feministiske. Er dette noko du tenker på når du lagar dei?

- Nei, aldri, sjølv om eg er feminist. Det som driv meg er heilt andre ting. Men det er klart, ein stor del av sinnet og frustrasjonen min kjem av alle avgrensingar eg støyter på og dei fleste avgrensingane er kopla til kjønnet mit. Så på det viset forstår eg at dei blir oppfatta som feministiske.