Magasinett

Utskrift

I skuggen av Idol-sirkuset

Skrive av Magnus Stokka .

Konsert UKM

600 deltakarar. Ingen vinnar. Landsmønstringa til Ungdomens kulturmønstring (UKM) er ingen Idol-finale.

Den store UKM-festen i Olavshallen i Trondheim nærmar seg dag for dag. Fylkesmønstringane er halvvegs. I juni er det «finale» i trønderhovudstaden. Men det blir ikkje kåra vinnarar og taparar i det som vert kalla «Noregs største kulturdugnad».

 

- Medan TV-showa «Idol» og «Norske talenter» dyrkar personlegdomen til deltakarane, dyrkar vi dei ekte talenta. Blant dei 600 ungdomane på landsmønstringa 20. juni, er alle

Magnus Brattset Drabløs

Magnus Brattset Drabløs, informasjonskoordinator for UKM Norge, meiner UKM får for lite ære for nye artistar som slår gjennom. (Foto: UKM)

vinnarar, seier Magnus Brattset Drabløs, informasjonskoordinator for UKM Norge.

 

Får lite nasjonal merksemd

Etter å ha arrangert lokalmønstringar i omlag 400 kommunar, er det ikkje mange dansarar, artistar, sjonglørar eller fotballtriksarar mellom 10 og 20 år som ikkje har fått vist fram evnene sine i 2009.


- Medan fleire av dei kommersielle TV-showa dyrkar einskilde deltakarar, er vi ute etter breidda blant dei som har noko å formidle. Vi ønskjer at talentet skal vere det avgjerande, ikkje korleis du oppfører deg i ei TV-rute, seier Brattset Drabløs.

 

- Men er det ikkje vanskeleg å arrangere ei kulturmønstring der ingen vinn til slutt?


- Vi merkar at det er vanskeleg å nå ut i dei nasjonale media. Lokalpressa er flinke til å skrive om mønstringane i dei lokale kulturhusa, men riksavisene viser liten interesse for arrangementet vårt når ingen stikk av med sigeren til slutt.


- Er det mogleg at de kjem til å endre UKM for å nå breiare ut?


- Nei, vi meiner vi har eit bra konsept. Vi ser verdien i eit arrangement der vi samlar kremen av talenta i Noreg. Ungdommane får høve til å knyta kontaktar, samstundes som dei får mange fine sommaropplevingar i Trondheim by.

 

Line Kørner Ludvigsen

Line Kørner Ludvigsen (15) var ei av dei som imponerte under fjorårets kulturmønstring i Hurdal i Akershus.  (Foto: UKM)

Springbrett for artistar

Og det er det mange som har gjort dei siste åra. Kjente artistar som Tone Damli Aaberge, The Blacksheeps, Jaga Jazzist og Odd Nordstoga er berre nokre av dei som starta karriera si på ei UKM-scene. UKM Norge synst derfor program som «Idol» tek på seg litt for mykje av æra for bløminga av norske artistar.


- «Idol» marknadsfører seg som skapar av norske musikktalent. Men mange av dei, til dømes Idol-Tone og Margaret Berger, hadde faktisk sine første sceneerfaringar gjennom UKM. Det er det viktig å hugse på.


UKM Norge meiner likevel mange av artistane sjølve er flinke til å nemne UKM når dei vert intervjua av pressa. Likevel skulle dei gjerne styrkja stempelet som ein stad der talenta vert oppdaga.


- Det hadde gjort det meir attraktivt å delta. Men det er ikkje sikkert at eit talentfabrikk-stempel nødvendigvis betyr av vi får fleire deltakarar. Mange synst det er meir enn godt nok å synge for eit par hundre på sitt lokale samfunnshus. Dessutan trur eg dei som stiller på Idol-audition også stiller på UKM.

 

Lar seg ikkje knekke av TV-show

Etter litt krøll med registreringa tidlegare i år, er UKM no oppe i totalt 21.480 deltakarar på landsbasis. Det er omlag like mange deltakarar som i fjor, trass i at populære «Norske talenter» i år støvsugde mykje av talentmarkanden. Fylkeskontakt for UKM Oslo, Aria Maria Fet, trur ikkje TV 2 sitt nye talentshow «X Factor», som har audition i desse dagar, vil konkurera ut UKM.

 

Kokkeworkshop

Kokkeworkshop er ein av mange aktivitetar på UKM. - UKM er meir enn song og dans, seier Magnus Brattset Drabløs. (Foto: UKM)

- Eg trur heller slike program aukar interessa for kreativ aktivitet. I Oslo-området har vi blant anna sett ei ny sirkusbølge den siste tida. Dessutan har vi over hundre fleire deltakarar i år enn i fjor.


Heller ikkje UKM-finalist for andre året på rad, Sindre Holberg (14) frå Smøla på Nordmøre, trur UKM lar seg knekke av fleire talent-show på fjernsynet.


- Vi deltek for opplevinga sin del, ikkje for å vinne eller for å kome på TV. Men UKM er kjekt likevel. Det er mykje som skjer, og eitt tusen tilskodarar i Olavshallen og direkte overføring på web-tv er stort nok for meg, seier 14-åringen, som deltek som konferansier under årets landsmønstring.


Gaute Neslein Korsnes (17) frå Geilo i Buskerud deltek i år med film- og kameraproduksjon i Trondheim. Han trur ikkje det hadde vore mogleg å utpeikt ein vinnar under landsmønstringa.


- Innslaga er så forskjellige at det hadde blitt umogleg. Å samanlikne så ulike kunstuttrykk som det er i UKM går rett og slett ikkje an. Eg trur faktisk arrangementet hadde mista fleire deltakarar om det hadde vorte meir konkurranseprega. Det som er fint med UKM er at ein deltek utan å føle noko press.

Lenkjer:
Les meir om UKM