Magasinett

Utskrift

Hobbyfasting

Skrive av Marianne Magnussen .

Miriam (19) bur fyrste året åleine heimafrå.  Den ferske studenten opplever tida der ho skal finne sin eigen identitet som nokså kaotisk. For å skape meir struktur i livet, lagar ho strenge fastereglar for seg sjølv, og synest det er berre kjekt om ho vert sett på som rar.



Miriam Sakseid studerer musikk ved Høgskulen på Stord. No er ho på togstasjonen i Drammen og ventar på toget som skal frakte henne heim etter ein ferietur ved Svartehavet. Jenta skil seg ut i folkemengda, både på grunn av dei knall lilla kleda og fordi ho har på seg

 

Miriam

Miriam synest ikkje det gjer noko å skilje seg ut. (Foto: Marianne Magnussen)

strikkelue i sommarvarmen.

- Lua er for å skjule håret. Eg har ikkje brukt sjampo på to veker. Det ser heilt forferdeleg ut!


- Kvifor har du ikkje vaska håret?



- Eg har vaska det, men berre med bakepulver. Det skal vere sunnare for håret å ikkje bruke såpe. Dessutan har eg lest at håret til slutt vil byrje å reinse seg sjølv.

Miriam sit avslappa på ein benk. Ho snakkar med stor innleving. Samstundes røper ho ein god porsjon sjølvironi ved ein stadig tilbakevendande lav latter.


Faste rammer

- Er det verdt å gå så lenge med uvaska hår for å oppnå sjølvreinsing?



- Eg synest det er kjekt å utfordre seg sjølv. Det krev viljestyrke å slutte med ein vane, og det er svært interessant å sjå kva fastinga gjer med kroppen. Prosessen er altså verdifull, ikkje berre målet.

- Har du slutta med andre ting enn sjampo?


Miriam nikkar og ramsar opp:

- Kaffi, alkohol, kveitemjøl og sukker... Det meste er av di eg vil leve sunt. Dessutan prøver eg å unngå karbohydrat. Men når eg er heime på påske- og juleferie, skeier eg ut med søtsaker.

Stordabuen forklarer at det å lage faste regler om å unngå bestemte ting gjev henne meir stabilitet i eit elles slitsamt liv som ny student.

- Eg føler at livet er kaotisk utan prinsipp, seier ho bestemt. Og ler lavt.


- Prøver du å få andre til å slå fylgje i fastinga?



-I byrjinga prøvde eg å overtyde venene mine om å også bli sunnare, og då vart mange irriterte.

Miriam fortel at dette fekk henne til å slutte å kommentere andre sine matvanar. Sjølv om ho tykkjer at folk flest et altfor mykje snop i kvardagen.

- Eg er klar over at det finst ein balanse, og no for tida er eg kanskje litt for oppteken av mat. Eg får nemleg dårleg samvit kvar gong eg et noko usunt.

Musikkstudenten får eit trist uttrykk i auga.

- For det er vel usunt å vere for sunn...


Heller rar enn normal

- Kva seier omgjevnadene dine til måten du lever på etter at du flytta heimafrå?

- Familien godkjenner at eg eksperimenterer og tek mine eigne val. Det gjer at eg blir mindre oppteken av kva andre meiner om meg. Men den viktigaste grunnen til sjølvrespekt er nok at eg trur Gud elskar meg slik eg er. Han har jo skapt meg.

 

Miriam 2

Lua av - men berre for Magasinett sin fotograf! (Foto: Marianne Magnussen)

Smilet og roa er på plass igjen hos nittenåringen på Drammen stasjon.

- Og så har eg mange gode vener som støtter meg uansett kva eg finn på. Det er ikkje verst, så rar som eg er.

- Rar?


- Klart eg er rar! kjem det med stor overtyding, men utan vidare utdjuping.

- Men eg ser på det som eit kompliment. Heller rar enn å vere normal.

Ho uttaler det siste ordet med forakt i stemma.

- Eg vil ikkje forsvinne i mengda!


Magasinett nyttar denne siste erklæringa til å be om å få ta eit bilete av håret på det noverande stadiet. Miriam tenker seg fort om, nikkar og spurtar inn bak forhenget i ein passfotoboks, slik at ingen andre på stasjonen skal sjå henne i det ho tek av seg hovudplagget eit kort sekund.


- Dette må sjåast på som ei ære, for eg viser ikkje håret mitt til kven som helst! seier Miriam Sakseid leande, og går for å rekke toget heimover mot Stord. Med knall lilla lue godt nedover øyrene.