Magasinett

Utskrift

Kremen av norsk skrive-ungdom samla

Skrive av Maria Torheim .

Littkrit

Litterær ungdom: Bak f. v. Ingvil Husby, Ingvild Bjerke, Bård Drange, tilretteleggar Petter von Krogh, lærar og forfattar Ingelin Røssland, Julie Elkjær Stentsø. Framme Aurora Hegre, Ingrid Tørresvol, Jostein Avdem Fretland, Kristine Oge, Linda Marie Kirketeig og Marit Vågland.

AURLAND: – Med mastergrader og bachelorgrader i alle formar og fargar, har ikkje folk tid til å tenkje, seier initiativtakar  til Littkrit og assisterande rådmann i Aurland kommune, Claus Røynesdal.

Med to unge jenter, eit hav av bøker verd å lese samt ei frykt for at ungdommen som veks opp ikkje skulle ha gode høve i litteraturen, valde han å gjera noko med det.


“Han lukket øynene da hun la seg ved siden av ham, og hun prøvde å stenge verden ute med tunge øyelokk, men det var ikke like lett som det pleide å være.
”Mads?”
”Ja?”
”Hva vil det si å elske noen?”


Dette er utdrag frå novella forfatta av Ingvild Bjerke, på littkrit totusen&9 sin blogg. Ingvild er ein av 10 ungdommar frå 16-19 år som vart plukka ut til å gratis kunne delta på Skrivekunstakademiet sin sommarskule, i regi av Littkrit.

 

Det nynorske litteratur- og  wikiprosjektet som ligg under same kategori som "Song for livet" og "Nynorske litteraturdagar", er alle arrangert av Aurland kommune. Som ei forkorting av ”litteraturkritikk”, byrja Littkrit i 2006, då 12 ungdommar mellom 16 og 19 år hadde lønna sommarjobb med å melde nynorsk språk og litteratur. Under årets utgåve, kalla Littkrit totusen&9, fekk prosjektleiarane med seg Skrivekunstakademiet, som stilte med den naudsynte kompetansen for å utvikla konseptet.

 

–Me leitte etter ungdom som er glad i å skrive, og av dei me plukka ut hadde alle eit stort potensial med språkleg musikalitet og originalitet, seier Ingelin Røssland, forfattar og lærar for littkritarane.


– Dette er kremen av skrivande, norsk ungdom, legg ho til.


–Eg fekk vita om Littkrit av sjefen min på biblioteket, og valde å søkja. Men eg hadde eigentleg ikkje peiling på kor Aurland låg eller kor lang tid det ville ta å køyra dit, seier Marit Vaagland (16), ein av littkritarane.


Ho er svært glad i å skriva, spesielt noveller. No håper ho at kurset kan hjelpa ho til å verta endå betre på nett dette.


–Onsdag, som var fyrste dagen, fekk elevane mine temaet ”kjærleik” å skriva ut i frå. Framover skal me ta til på mange spanande oppgåve som littkritarane kan få bryna seg på, seier Røssland.