Magasinett

Utskrift

Å nå toppen i livet

Skrive av Anna Kirsten Hellevang .

7500moh på veg til Mt. Everest (Foto: Paul Firth)
7500moh på veg til Mt. Everest (Foto: Paul Firth)

Randi Skaug (49) er første norske kvinne til å nå toppen av verdas høgaste fjell Mount Everest, og ho ønskjer å dele med andre korleis ein skal nå sine toppar i livet.

Everest2Randi Skaug hadde nyleg foredrag om Mount Everest på Fjellstreif i Rosendal i Kvinnherad, og ho forklarte med sterk innleving korleis ho overvann vanskane så høgt til fjells. Ho seier det er små marginar mellom suksess og fiasko.

Vinden blåste 70 km/t og ein skal ikkje misse vottane sine Mount Everest. Det tek kort tid å forfryse fingrane. Ein må mest av alt unngå alvorleg høgdesjuke. Toppen ligg meir i hovudet enn i beina, og Skaug seier at til sjuande og sist er det ein stor porsjon viljestyrke som må til for å nå toppen.
Toppen i hovudet

- Du må bestemme deg. Du må kjenne etter, hadde sherpaen Tshering sagt til Randi Skaug på veg opp til Mount Everest på 8850moh. Dei var eit par hundre høgdemeter under toppen, og Randi hadde sjangla fram og tilbake. - Kjenne etter? tenkte Randi og kunne ikkje hugse å ha hatt det som fag på skulen. Til slutt hadde ho sagt: - Okei, eg går ned. Ho kjende seg elendig.

- Det som feilar deg, er at du ikkje har toppen i hovudet, bjeffa guiden. Han lokka med at alt blir lettare når sola snart steig fram. Viljen i henne vakna, og ho bestemte seg: - No går vi til topps.

Den 20. mai 2004 kl 11.00 stod Randi Skaug på toppen, og ho hadde nådd draumen om Everest. 

Ein draum blir til

everest3Som 18-åring stod Randi heime på kjøkenet og høyrde eit radioprogram om tyrolaren og fjellklatraren Reinhold Messner som hadde nådd toppen av Everest utan bruk av oksygen. Det tente ein draum om å koma til topps i verda. 26 år seinare vart Randi Skaug første norske kvinne på Everest, og ho kom først med berre tre dagars margin. Cecilie Skog hadde gått ut i media og sagt at ho skulle bli første norske kvinne på Mt. Everest, men ho var ikkje den einaste som hadde tenkt seg dit. Heilt tilfeldig var det to kvinner frå Noreg nesten samstundes på verdas høgaste fjell.

- Fortel om noko av det viktigaste du tok med deg frå Everest


- Eg har lagt inn eit nytt ord i vokabularen mitt: Formålstenleg. Dess mindre krefter eller resursar eg hadde, dess viktigare blei spørsmålet: - Vil dette bringe meg på toppen, eller ikkje? Skal eg ta den diskusjonen no eller ikkje? Skal eg gå eller kvile?

Til dømes hadde Skaug sett opp teltet sitt i ”base camp” like ved matteltet og dermed var måltida berre ti steg unna. Sjølv om ho var sliten, orka ho å gå og ete, i motsetnad til andre som budde i utkanten av campen. Ho oppsummerer at ein heile tida må vere fokusert og målretta.

 

Noreg som ”leikegrind”


Skaug sjølv har eit mål om å bruke Noreg som ekspedisjonsland dei neste fem åra.

- Det er lett tilgjengeleg, vakkert, reint, gratis og klimavennleg, smiler ho.

Skaug har nyleg nytt naturen i Rosendal med tur til Melderskin og forfriskande morgondukkert i Hardangerfjorden. 

- Kva er livskvalitet for deg?


- Å vere ute i frisk luft – å oppleve at eg meistrar kvardagen. Målet er å ha det bra, seier ho, og medgir samstundes at dette ikkje alltid er like lett. Men ho øver seg.

- Eg ønskjer å hjelpe fleire menneske med å ha overskot og toppdagar i livet, seier Skaug.

 


FAKTA
Skaug as

Randi Skaug driv firmaet Skaug as og har fire levevegar: Foredrag, bedriftsrettleiing, styrearbeid og bok. Ho held inspirasjonsforedrag om å bli god på gjennomføring. For bedrifter har ho  konseptet ”Walk the talk,” som handlar om å bli god på å gjennomføre måla ein set seg. Vidare sit ho i fleire styre, og ho har skrive boka Mot toppen. Den handlar om ekspedisjonane hennar til dei sju høgaste fjella i kvar verdsdel: ”7 Summits”. På turen til den sjuande toppen, Mt. Vinson i Antarktisk, ville teamet samle inn 1,5 millionar kroner til minerydding i Afghanistan. Dei klarte berre 200.000 kroner. No har Randi bestemt seg for at  1,5 millioner skal ho likevel klare å samle inn. Kvar fjerde krone av boksalet går til dette formålet.