Magasinett

Utskrift

Om å "overnatte" på Finsehytta, og lese Veslebror ser deg

Skrive av Mette Karlsvik .

Cory Doctorow
Førre fredag satt eg på toget. Ragnfrid og eg reiste frå Oslo mot Bergen, og skulle sykle Rallarvegen. Det tar fire timer frå Oslo til Finse. Eg hadde med meg Veslebror ser deg av Cory Doctorow, hadde begynt på boka tidlegare, og var betatt og fanga av suspens og spaning.

Eg tenkte at ville lese ut boka på togturen. Men Ragnfrid og eg blei sittande og prate i fire timar. Vi snakkar om Doctorow, den kanadiske forfattaren, twitraren og bloggaren som talar for fildeling.

Her er utdrag frå samtala mellom Ragnfrid og meg:
Fildeling er ikkje utelukkande dårleg, seier Ragnfrid. For uetablerte forfattarar er det ofte viktigare å bli kjende enn å selge bøker. Fildeling kan vere med på å spreie informasjon om dei, seier ho.

Eg kjem til å tenke på Simon Stranger, då, som eg knappast kjente til før han skreiv romanen Mnem. Den la han ut for gratis nedlastning. Eg fann den, og las den. Det ville eg kanskje ikkje ha gjort om det ikkje var for nettet.

Eg er av dei som unngår butikkar så lenge som mogleg. Det gjeld og bokhandlarar. Det betyr ikkje at eg ikkje kjøper bøker. Eg kjøper dei på nett, og eg kjøper mange av dei:

Ein relativt stor prosentdel av den norske befolkninga tjener pengar på å skrive bøker, lage platar, og annan kunstnarisk verksemd. Desse spør seg: Mistar dei inntekta viss verka deira blir lagt ut for gratis fildeling? Eg skal tilnærme meg spørsmålet i to rundar:

1: Tjener eller tapar kunstnarar på fildeling.
2: Er det interessant å diskutere om kunstnarar tjener eller tapar på fildeling?

Eg tar det første sist. Og om du synes at det er irrelevant eller uinteressant, så er det bare å hoppe ned til underoverskrifta "1":

Er det interessant å diskutere den enkelte kunstnar sin økonomi?
Eg skjønnar Doctorow på den måten at han meiner at det er uinteressant å diskutere om den enkelte tjener eller tapar på fildelinger. Ettersom eg skjønnar han, er dette å tenke kortsiktig. Vi må sjå på overordna infrastrukturar og systemer, og konstruere eit samfunn frå grunnen av. Ikkje heilt, men litt.

Eit av poenga til Doctorow er at viss alle i utgangspunktet deler alt, så vil alle likevel overleve. Viss vi tør å tenke langsiktig, og fordele rettferdig frå grunnen av, så vil alt anna løyse seg. For norske kunstnarar kan dette i praksis bety borgarløn for alle. Det er eg for. Borgarløn betyr

Tilbake til "1".
Men difor er det uinteressant å diskutere "1" i det heile tatt. Ragnfrid og eg gjer det likevel, der vi sitt Bergensbana. Ikkje fordi vi må, kanskje, men fordi det er kjekt å samtale, og fordi stemninga er lun og varm og koseleg i dette toget fullt av vandrarar og andre turfolk:

Eg forstår deg på den måten, seier eg til Ragnfrid, at bestselgande forfattarar fryktar fildeling. Boksal er hovudparten av inntektskjelda deira. Når det gjeld smale, mindre etablerte forfattarar, så er ikkje sjølve salet inntektskjelda deira. Dei tjener på biblioteksvederlag, innkjøpsordning og statlege stipend, seier eg.

Og jau då, eg har visst skjønt det rett. Men dette er individuelle omsyn. Cory Doctorow er ikkje oppteken av individa, og om dei tjener eller ikkje på fildeling eller ikkje. Han er oppteken av omsyn på høgare plan. Det handlar om kva samfunn vi lever i, og kva styresett vi vil ha.

Doctorow er demokrat. Han vil at alle skal dele. Han vil ha flyt av informasjon, og at alle skal ha lik rett og lik tilgjenge til informasjon og tjenester. Det gjeld om ein er rik eller fattig. Og så lenge alle har tilgjenge til internett, så er tilgjenge til informasjon også lik. Alle har sjølvsagt ikkje tilgjenge til internett. Men det er ikkje poenget her.

Toget kjem fram til Finse. Ragnfrid, eg og noen titals andre folk går av. Alle sett kursen mot DnT-hytta som ligg på ei halvøy borte ved Finsevatnet. Ragnfrid og eg går på. Det gjeld å komme tidleg til hytta, og sikre seg ei seng.

Men når vi kjem fram, er hytta forlengst full av folk som har vore der heile dagen. Det er fellesturar av alle slag på hytta den helga, og endåtil ein konferanse. Alle romma og alle sengene er sjølvsagt fulle. Og ikkje bare det; det er kanskje ikkje madrassar og dyner nok til alle.

Som gode DnT'arar har Ragnfrid og eg lagt att soveposene våre heime. Vi har bare med oss lakenposer, som vi har lært er nok på DnT-hyttar. Det skal alltid vêre ei dyne og ein madrass på sovesal. Skal alltid vêre varme og sengeplass, uansett kven du er, uansett når du kjem. Men det er det altså ikkje.

Utdeling av madrassar og slikt begynner halv elleve den kvelden. Ragnfrid og eg står framst i køa. Vi får ein madrass kvar, men ikkje dyne. Vi får eit par ullpledd, og plass på golvet på møterommet vis-a-vis resepsjonen.

Vi søv i same rommet som atten framande den kvelden. Det blir snorka og snakka i svevna, snudd seg, stått opp, og vandra rundt. Eller lese. Eg får lese Doctorow den natta.

Om Veslebror ser deg.
Bare så det er sagt: Dette er ei nordamerikansk bok, og pedagogisk og moraliserande. Men moralen er så amerikansk politisk ukorrekt. Difor les eg, og vender sida. Eg les, og vender sida. Vips, så er bokmerket mitt godt over midta.

Kvifor er det ein pageturnar? Det er fordi det er uløyste mysterier og koder å knekke. Ein konkret kode som blir skildra, er kryptering av chattane som ungane sender kvarandre mens dei speler. Det finnst ein offisiell og ein privat kode.

Parallellen til disse kodane, er måten filer blir dekrypterte når dei blir lagte ut på nett. Dei blir dekrypterte for å bli lagte ut på nett. Opprettshavarane skyt, ettersom eg forstår dette, seg sjølv i foten. Nettfolk flest føretrekk dei dekrypterte filene. Dei lastar med andre ord heller ned enn å kjøpe på nett.

På liknande vis er det fordeler knytt til å laste ned gratis programvare. Dette kan ikkje bli infisert av virus. Programvare som ein kjøper, derimot, kan få virus. Og så vidare og vidare i det kaotisk uendelege. Meir om nerde-detaljane i historia etterpå. Først litt generelt om boka:

Veslebror ser deg
handlar om helten Marcus Yallow, vennene hans, og San Fransisco. Året er 2014. Det er ei klassisk "kidsa har alltid rett"-historie, som handlar om rettvise, sanningssøkande, dyktige og skarpe ungar. Vaksne fryktar dei, og prøver å temme og hindre dei frå å avsløre og plukke i frå kvarandre systemet.

Yallow er ein amerikansk, høgteknologi-nerd, og framtidig Harry Potter. Historia minner meg på mange måtar om dei siste, to Potterbøkene. Dei handlar om systemet, om korrupte system, og vaksne som er meir opptekne av eigne posisjonar, enn av velfungerande stat og styre. Det er på botn eit flammande forsvar for demokratiet. På botn handlar spørsmålet om fildeling om gradar av demokrati.

Demokrati
er også premisset som ligg til grunn for heile boka. Premisset er at internett er, og skal vere grunnleggande demokratisk. Yallow og vennene hans er heltar fordi dei jobbar for full fridom til å dele og spreie informasjon.

Dei vaksne er skurkar fordi dei vil hindre utvekslinga. Her er noe av moralen: Informasjon skal ikkje vere ekslusivt. Det skal ikkje bli overvaka, eller vere eit verktøy for overvakning, men eit verktøy for å dele informasjon. Internett er grunnen til at vi fekk Doctorow-boka på norsk:

Om Cory Doctorow.
Cory Doctorow var først og framst ein bloggar. Martin Grüner Larsen skreiv hovudfagsoppgåve om blogging. Han las Doctorow sin blogg. Derfrå fekk han høyre om romanen, og las vidare om den på andre nettstadet.

Larsen tipsa kjærasten sin om bloggen. Kjærasten er Ragnfrid, og redaktør i Det Norske Samlaget. Det er den same Ragnfrid som no ligg der borte på madrassen og søv mens eg les boka "hennar". Jau, eg kallar den boka hennar. Den norske utgåva er på mange måtar hennar. Det er ho som fekk Øystein Vidnes til å omsette den til nynorsk. Ho inviterte Docotorw over til Oslo for å lansere boka.

Doctorow hadde eit framlegg på Litteraturhuset i Oslo i september. Framlegget handla på botn om kvifor fildeling er godt. Han drog vekslar på asiatisk kampsport. Prinsippet for dei fleste typar martial arts er å kjenne motstandaren sine metodar, og avvæpne han. Doctorow snur på dette, og viser at våpen som du ikkje kan å bruke, høyrer til motstandaren din.

For å illustrere viktigheita av å ha tilgang til informasjon som ein kan herme, fortalte Doctorow om den nyfødde dotra si. Han peikte nase mot ho. Det var meint som eit peik. Men dotra visste ikkje at ho hadde nase, og begynte å peike til eigen nase. Resten av den dagen var ho bare oppteken av nasen sin.

Forfattaren har nemleg hus og familie i Toronto, som er ein av få virkelege verdsbyar. Toronto har særskilt stor innvandring, og multi multikulturelle fellesskap. USA er likevel alltid nærast. Det gjeld også i Veslebror ser deg.

Paranoia. Frykt. All min frykt, der eg sitt på Finsehytta; frykta for å ikkje få sove, for dei mange framande som eg deler rom med, og ikkje minst redsla for at næringsgrunnlaget mitt skal gå ad undas. Boksalet. At eg ikkje lenger får halde fram med dette som eg valte som yrke.

Tekst. Forfattarar kan framleis få eingonssummar for den første utgåva av tekstar og andre verk som dei lagar. Eg gjer det for denne teksten. Men i framtida kan kravene til meg som tekstforfattar bli større:

- Kunstnarar må satse på unike objekt. På dei tinga som ikkje kan bli lasta ned, eller distribuert digitalt. Dei må tenke utvida, og lage særskilt attraktive kommersielle produkt, sa Doctorow under det boksleppet på Litteraturhuset i Oslo. Eit døme på slike produkt, er konsertar.

Yallow og vennene hans drar på ein kultfestival/ konsertserie i Dolores Park. Den heiter Ikkje stol på nokon over 25 år, og blir begynninga på ei heil rørsle av same namnet. Yallow blir leiaren for det heile. Men eg skal ikkje røpe meir om handlinga, og ikkje seie meir om dette. Tilbake til konserten, og dei unike kulturprodukta:

Ikkje stol på nokon over 25 år
er den typen konsertar kor heile publikum blir dratt med opp, og ned, og opp, og ned, og står og hoppar og ropar i kor at ein ikkje skal stole på nokon over 25 år.

Eit anna døme er bøker frå anarkistbokhandelen "nede i gata", som er ein perfekt stad å stå og henge og lese atributt-bøker som Up against the wall, Motherfucker. Ange, til dømes, gjer dette mens ho venter på å gå på date med Yallow.

Dei er veldig konstruerte scener, og sjølvsagt instrumentelle for å få fram Doctorows meining og bodskap. Den språklege, kunstnariske og litterære kvaliteten kan diskuterast. Det er mye å seie om karakterane og korvidt dei er runde eller flate.

Eg fekk håp for karakterane då eg lærte at mor til Yallow er britisk. Men også dette britiske blei ein klisjé. Men ein må ta denne boka for kva den er. Og ein må bare ta den. Nei, eg meiner kjøpe den, og lese den. Det er så mye å lære her. Det er rett nok eit paranoid framtidsscenario. Men sakkunnskapen på botn er aktuell og viktig.

Om tema.
Her er noen av nøkkelomgrepa som Doctorow brukar. Eg gir dei på engelsk, om noen av dykk er så gode at de tar boka på originalspråket:

"Copyright infringement (or copyright violation)" er uautorisert bruk av material som er kopibeskytta frå den norske loven.

"A protection racket" er forsikringer som rike selskap eller individ kjøper for å beskytte seg mot til dømes hacking, eller copyright violation.

"Mass surveillance" e
r masseovervakning av heile befolkninga, eller ein substansiell del av den.

"The origin of the culture of piracy"
skal ha oppstått i utkantstrøk, som Sverige, for eksempel, fordi vi vil sjå og lytte til dei same tinga som amerikanarar og japanarar gjer - samtidig som at dei gjer det.

"VAT" er det same som moms. Digitale bøker har moms, men ikkje trykte bøker. Mange meiner at ein må fjerne momsen frå digitale bøker sånn at fleire kjøper digitale bøker heller enn å laste dei ned ulovlig.

Om å sykle Rallarvegen utan å ha sove heile natta.
Gjesp! Det er tunge, men viktige og relevante ting. Mens folk vaknar i sovesalen rundt meg, er eg for første gongen trøytt av alle dei store tankane. Mens sola står opp på vestsida av Finsevatnet, kjenner eg det om om horisonten min er utvida.

Ettersom Ragnfrid og dei andre under pledda her på møterommet vaknar til, blir eg stadig meir glad i DNT-hytta, DnT'arar og den totale mangelen på framandfrykt og paranoia her. Bare minutt seinare sett vi oss rundt det same frukostbordet, spis av det same brødet, skjær av den same osten, og ser ikkje eingong ut til å tenke på svineinfluensa eller liknande mens knivane våre vandrar frå eigne skiver, til den store, felles smør-bakken, og tilbake til skivene våre.

Dei fleste av oss syklar rallarvegen ned til Flåm den dagen. Vi byttar på å ligge framst og dra, og henge etter og bli dradd. Det er slik eg helst vil leve. Med å dra det same lasset, medviten om at det går bra til slutt, at vi passar på kvarandre, men ikkje for å overvake og manipulere, men for å verne om og fange opp dei som ikkje klarar det.