Magasinett

Utskrift

Ord om katastrofer

Skrive av Mette Karlsvik .

Ingrid Storholmen
Ingrid Storholmen har skrive "Tsjernobylfortellinger". Boka har fortellinger som forsvann.

Oslo, juli 2009. Eg møter Ingrid Storholmen i Rosenkrantzgate. Det er kaldt og vått. Gustent og grått. Storholmen klagar ikkje. Ho har vore ute i verre vêr. Ho sto i regnet frå Tsjernobylkatastrofa. Men meir om det seinare.

Først litt meir om Ingrid Storholmen: Ho er forfattar og bonde. Ho har ein gård i Verdalen, og ein i Sverige. Ho er bare innom Oslo ein tur.

Vi vil ta ein kaffi. Kor er beste plass for kaffi? Kaffistova! Den ligg i Rosenkrantzgate. Men Kaffistova har ikkje kaffi i dag. Kaffimaskina er dårleg. Kaffien blir dårleg. Den er gusten og grå.

Som innsjøen Pyriat etter Tsjernobyl? Nei, det er ei overdriving. Kaffien er bare tynn.

Men vi klagar ikkje. Dette er bagatellar. Storholmen har vore i Tsjernobyl. Ho var der etter Tsjernobylulykka.

Katastrofa skjedde i 1986. Ein del av atomkraftverket eksploderte. Heile byen blei evakuert. Innbyggarane flytta til Kiev. Storholmen har snakka med mange av flyktningane. Ho har skrive ei bok. Den heiter Tsjernobylfortellinger. Boka kom ikkje før i år.

- Eg fekk ikkje til å skrive etterpå, seier Storholmen: - Det var for sterkt. Det var ikkje noko eg kunne seie, seier ho. Innbyggarane sa heller ikkje mykje.

Dei gjentok to setninger: "Det var eit rart lys over kraftverket den kvelden. Vi ante at noko kom til å skje."

Innbyggarane ante at noko kom til å skje. Men det skulle ikkje skje. Atomkraftverk eksploderar ikkje. Dei skal ikkje eksplodere. Det skjer likevel. Kaffimaskina til Kaffistova skal ikkje streike. Det skjer likevel.

- Det liknar 9-11, seier Storholmen: - Folket fann ikkje ord for hendinga.

Dei gjentok to setninger: "This isn't happening! og "I love you, I love you!".

Språket som blei borte

Tsjernobylfortellinger handlar mykje om språkmangel. Boka handlar og om kreft. Korleis snakkar vi om kreft? Forfattar Susan Sontag tar opp tema. Boka "Illness as metaphor" handlar om det. Sontag meiner at språklege bilde kan drepe.

Her er eit døme: Ein person er sjuk. Han er veldig sjuk. Han kjenner det på seg. Men han er ikkje vant til å snakke om det. Det er ikkje lov til å snakke om det. I alle fall ikkje direkte.

Han snakkar i bilde. Eventuelt snakkar han ikkje i det heile tatt. Sjukdommen blir ikkje oppdaga. Det skjer ofte med kreftsjuke. Det er livsfarleg.

Kva tenker du om dette? Spør eg Storholmen.

- Språk kan gi liv! svarar ho. - Tsjernobyl er eit døme. Det var 20 000 abortar etter ulykka. Mødrene snakka mykje om sorga si. Snakkinga gav nytt liv til babyane, seier Storholmen.

Servitrisa kjem til oss. Ho har med ein kopp kaffi. Kaffimaskina til Kaffistova fungerar igjen. Alt er som det skal. Nestan.

- Eg må ha ein røyk. Røyk og kaffi høyrer i lag, meiner Storholmen. Vi sett oss utanfor. Vi har uteborda aleine. Det regnar framleis.

Storholmen har begge hendene på koppen. Sigaretten mellom leppene. Ho sug inn til filteret. Eg har høyrt at det gir kreft. Å røyke filter, altså. Men eg seier det ikkje. Eg veit ikkje kvifor. Eg angrar i dag. Eg angrar fleire ting eg aldri sa. Eg angrar sjeldnare på det eg sa.