Magasinett

Utskrift

Det beste frå bygdene nå til dags

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Agnes Ravatn
Agnes Ravatn (26) frå Ølen i Rogaland har skrive ein roman om noko alle har høyrt om før, og ei reportasjebok der ingenting skjer. Slikt blir det suksess av.

Agnes Ravatn skriv bøker som kritikarane liker. Agnes Ravatn skriv bøker som lesarane liker. Agnes Ravatn har aldri opplevd å bli refusert. Agnes Ravatn får prisar og stipend. Agnes Ravatn blir invitert til å halda foredrag på litteraturfestivalar. Agnes Ravatn er morosam når ho held foredrag på litteraturfestivalar.

Agnes Ravatn er med andre ord kvalmande vellykka. Som om ikkje det skulle vera nok, er ho til og med triveleg å prata med. Ho drikk svart kaffi, varmar handflatane rundt kruset, høyrer etter og tenker seg om før ho svarer på spørsmål. Det er reint for gale.

Ho debuterte for to år sidan med romanen Veke 53, som handlar om ein bitter og småalkoholisert lektor i den vidaregåande skulen, som ser på livet sitt som meiningslaust og bortkasta.

Etter ein skandaløs norsktime der hang-man i rusa tilstand står på programmet, blir han av leiinga ved skulen høfleg spurt om han ikkje har lyst til å ta seg ein liten "pause" frå lærarkallet. Juleferien kjem, og bringer med seg moglegheiter til å gi livet ei ny vending. Vågar han å ta sjansen?


Grip dagen
- Sjølve tittelen, Veke 53, er ein metafor. Den ekstra sjansen ein skulle hatt, men aldri får her i livet. Me lever berre ein gong, og ein kan ikkje koma etterpå å angra seg, når ein ikkje tok sjansen ein hadde. Det er ei livshaldning, ei carpe diem-sak.

Romanen blei mellom anna løna med Bergensprisen, og i fjor fekk ho Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend.

I år kom Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå, der Ravatn oppsøker stadar der tilsynelatande ingenting skjer; ti timar på kafé i Ålesund, i kloster, på ex-phil-førelesing. Der det hendingsfattige gjer at ein får auge på noko nytt.

Innfallsvinklane hennar har blitt lagt merke til; eit humoristisk munnhell i litterære krinsar er at "Agnes er det beste som kjem frå bygdene nå til dags."


Den ideelle romanfigur
- Smådrikkande, middelaldrande lektorar er jo eit relativt velbrukt, om ikkje utbrukt tema, som spesielt Dag Solstad er kjent for. Kvifor i all verda skal ein skriva slikt ein gong til?

- Svaret er nok: Nei, slikt skal ein ikkje skriva ein gong til. Verda treng ein ny lektorroman like mykje som den treng fleire oppvekstskildringar. Den litt pinlege sanninga er at då eg skreiv boka, var eg ikkje klar over at den drikkfeldige lektoren var ein gjengangar og arketyp i norsk litteratur.

- Hadde eg visst dét, hadde eg truleg funne på noko anna. Men det finst gode grunnar for å velja seg ein lektor, og her har eg Solstad på mi side: Han har sagt at lektoren er ein ideell romanfigur, ettersom han har tre månader sommarferie og kontakt med unge folk. Då kan mykje skje.

Men trass i tilsynelatande mangel på originalitet i innfallsvinkel, var det mange godord å henta frå kritikarane. Så også etter oppfølgjarboka i år.

- Til og med det tyggegummiblåsande ungdomsmagasinet Spirit har gitt Stillstand terningkast 5 i ei bokmelding. Ei bok på nynorsk. Hadde du tru på ein slik suksess?


Gode kritikkar
- Oi, det visste eg ikkje, kan eg lesa det? Ja, det overraskar meg at den har slått an både blant unge og vaksne. Og eg synest det er kjekt at mange har oppfatta det triste eller mørke i like stor grad som det morosame. Mi einaste rettesnor er å prøva å skriva noko eg sjølv ville likt å lesa. Dersom eg klarer å skriva ei lettlest bok om vanskelege eller komplekse ting, er ingenting betre.

Frå enkelte hald var derimot mottakinga av debutboka Veke 53 meir lunken, og då ikkje bare gjennom May Grethe Lerums 2-ar på terningen i VG.

I den ravatnske barndomsheim i Ølen skal mor og far ha sete litt taust ved frukostbordet før den eine av dei hadde spurt: Har du lest boka til Agnes? Den andre nikka. Etter kvart kom spørsmålet: Kva synst du eigentleg? Det kom ei grimase, og så: Nja, det var vel ikkje noko særleg eigentleg, var det vel … ? Den første rista stadfestande på hovudet.

Det høyrer med til historia at både to seinare endra på synet sitt, mellom anna etter at media hadde kome med sine meir positive omtaler.


Tidleg skrivekløe
Det var langt frå første gongen Agnes Ravatn presenterte lengre tekstar for omverda. Allereie i småskulealder var ho vanskeleg å stansa når ho først hadde kome i gong med stiloppgåvene. Norsklærarane måtte venna seg til stilar på opptil 20 sider. Sidan den gong har behovet for å uttrykka seg vore nærast ei kronisk drift.

- Men du er altså ei jente i 20-åra som har skrive éi bok om ein middelaldrande, desillusjonert og forfylla lektor og ei om stadar der ingenting skjer. Ein kan spørja seg: Kva blir det neste?

- Tja, det blir nok ein mellomting. Eg jobbar med ein ny roman som eg ikkje vil seia så mykje om endå, men kan jo røpa at hovudpersonen er litt nærare meg sjølv i alder og kjønn. Men sjølv om lektoren i Veke 53 i utgangspunktet var svært lite lik meg, liknar han nok meg sjølv ganske mykje likevel.

- Dersom eg hadde vore ein middelaldrande mann, er det stor fare for at eg ville vore som han. Ein han sjå på det som ein førebyggande og fordekt sjølvbiografi.


Ingen menneskerett å bli lest
Ho er glad for suksessen, men er medviten om at livet som forfattar også kan bringa nedturar.

- Nå er det ingen menneskerett å bli lest. Og forbitra forfattarar er noko av det minst sjarmerande som finst. Ein kan vel ikkje anna enn å prøva å skriva så bra ein kan. Eg har aldri hatt lyst til å vera noko anna enn forfattar, og synest eg er heldig som kan vera det.

Nei, det er vel lett å seia for den som faktisk sel og blir lest, er kanskje eit freistande oppfølgjarspørsmål, men me er litt snille denne gongen, nå når me hadde det så koseleg og allting.

- Undertittelen på den siste boka di, Sivilisasjonskritikk på lågt nivå, kan jo gi assosiasjonar til Team Antonsens sketsj "Sirkus på lavt nivå."  Kva slags ironisk brodd ligg i denne formuleringa?

- Det er korrekt, det er ein Team Antonsen-allusjon. Men brodd? Nei, det er vel heller eit signal til lesaren om at dette ikkje er ei sjølvhøgtideleg bok.

- Kva slags sivilisasjonskritikk, eller samfunnskritikk om du vil, er det du då i tilfelle driv med?


Eit mett folk
- Hm. Mange av tekstane prøver vel å vise korleis nordmenn er eit ganske mett folk. Kva gjer nordmenn? Dei løyser Sudoku, ser på TV Norge og prøver å få tida til å gå. Samstundes bruker ein alle pengane sine på tidssparande hjelpemiddel, slik at ein får frigjort endå meir tid ein må slå i hel.

- Grunnen til at me klagar så mykje i dette landet, er at me har tid til å klaga. Eg kjenner meg frykteleg moralistisk no, og det er eg fornøgd med. At Frp har så mange veljarar, er det bare eitt ord å seia om: Skammeleg! Det er som den vitsen: "Dei burde ikkje klage så mykje over svolt der borti Afrika, når dei ikkje veit kor forferdeleg ubehageleg det er å vera skikkeleg mett."

Vaksenlivet har Agnes Ravatn tilbrakt utanfor heimstaden. Først til Stord på vidaregåande, deretter Bergen for å studera, og seinare i Oslo, der ho blei headhunta av redaktøren i Dag og Tid, der ho nå jobbar deltid.

Redaktøren hadde blitt interessert etter å ha lese eit kåseri av henne, som handla om at ho hata ungar. Dei var overvurderte; ho hadde aldri høyrt ein unge seia noko fornuftig, det var slett ikkje frå barn og fulle folk ein fekk høyra sanninga. Også Oslo som by har Agnes Ravatn delte meiningar om.


Elskar Oslo
- Eg mistenker Oslofolk for å ikkje vita om noko anna enn Oslo. Dei har nok med seg sjølve. Oslo-hatet utanfrå er definitivt berettiga! Men nå er det nå forresten berre folk frå andre stader i landet som bur her, slike som eg. Og eg elskar Oslo, eg.

- Jaha, det lyder jo logisk …

- Altså, då eg var barn og såg på mitt kjære NRK, høyrte ein alltid om stadar som Spikersuppa og Majorstua. Det høyrdest nesten magisk ut, og den kjensla sit framleis i. Når eg tar bussen forbi Marienlyst, som eg har høyrt om heile livet, kan eg kjenne det litt i hjartet. Det skal tydelegvis ikkje så mykje til, eg er heldig slik.

For sjølv om ho etter kvart har blitt austlending vedgår ho at det vestlandske framleis ligg i henne, mellom anna når det gjeld humor. I begge bøkene og også i reportasjane i Dag og Tid har humoren ein sentral plass hjå Ravatn. Men er humoren annleis i aust enn i vest?


Mørk vestlandshumor
- Om det finst ein eigen vestlandshumor er det sagt så mykje om frå før, at eg tviler på at eg greier å seie noko fundamentalt nytt. Det er ei kjensgjerning at ein ler av andre ting vestafor fjella, men å sirkle inn akkurat kva, er vanskeleg. Eg kan nok kjenne meg betre forstått blant "mine eigne". Eg oppfattar vestlandshumoren som mørkare og meir melankolsk, og mindre ... morosam. I positiv forstand, altså.

Fordommane mot forfattarar går gjerne ut på at dei lever eit utsvevande liv, og at dei er nøydde til det for å kunne skapa og vera kreative. Men unge Ravatn er framleis edru trass i at klokka nærmar seg eitt ein fredag ettermiddag.

- Ein blir nok ikkje automatisk betre til å skriva av å drikka ein kartong raudvin om dagen. Den romantiske førestillinga av forfattaren som ein spesielt angstfylt og sorgfull person begynner å bli utdatert, men sit stadig litt i hos folk. Og fattigdom er nok heller ingen kongeveg til stor litteratur. Brød kjem før kunst. Eg trur på ordna forhold.

- Eg har aldri opplevd å få eit kreativt løft av å vite at eg har ein stor jobb å gjera i nettbanken. Men derimot trur eg at ei form for melankoli kan vera ei drivkraft for å skrive. Personleg sit eg vel ein fem-seks timar framfor skrivebordet på ein vanleg dag. Eg har nettopp kjøpt ein ny kontorstol med svært gode hjul, så nå treng eg ikkje lenger reise meg dersom eg må hente noko, eg berre trillar bort. Så der sit eg stort sett og tenker.

- På kva då?

- På at eg får for lite trim.