Magasinett

Utskrift

Sterke inntrykk frå dødscella

Skrive av Leif Tore Sædberg .

To jenter
Marjam og Iris har ikkje levd så lenge som det Kerry Cook sat og venta på å bli avretta. Hans skildringar frå den amerikanske dødscella gjorde djupt inntrykk på 17-åringane og medelevane deira ved Stavanger Katedralskole.

- Fy f… så bra!
Utsegna kom spontant frå ein av elevane på veg ut frå Sangsalen på Stavanger Katedralskole onsdag, etter å ha høyrt Kerry Cooks historie om å vera uskyldig dømt til døden.
Kerry CookI 22 år sat amerikanaren på dødscelle i Texas, fengsla for eit drap han aldri hadde vore involvert i. I fengselet levde han under tronge og nedverdigande soningsforhold der vald, trakassering og seksuelle overgrep var ein del av kvardagen. Bare 11 dagar før dødsdommen skulle fullbyrdast, blei Cook benåda.

- De vil kanskje tenka at dette er ei spennande historie, men at det har lite med liva dykkar å gjera. Men eg var på dykkar alder då eg blei fengsla, opna Kerry Cook med.

Sterke kjensler
Var han engsteleg for at skildringane hans ikkje skulle gjera inntrykk, kunne han ikkje ha tatt meir feil. Det var fleire enn den nemnde eleven som fekk ei sterk oppleving av Cooks livshistorie.

Marjam Idriss og Iris Porturas er begge elevar i andre klasse ved skulen, og i tillegg engasjerte i ungdomsgruppa til Amnesty International i Stavanger. 17-åringane måtte begge samla seg litt for å kunna klara å skildra tankane og kjenslene sine til Magasinett etter foredraget.

Særleg gjorde det inntrykk at Cook klarte å kvitta seg med alt sinne og all bitterskap etter at store delar av vaksenlivet hans blei øydelagt. I staden fann han gudstrua, og gjennom tru på Guds kjærleik klarte han å venda andre kinnet til og tilgi personane som var skuld i ulykka hans.

- Han verkar å vera ein så utruleg sterk person. Å kunne reisa seg igjen, å kunna tilgi på denne måten … Det er det sterkaste eg har høyrt nokon gong. Han er eit levande døme på kvifor dødsstraff må avskaffast, seier Marjam med glød i stemma.

Iris kunne ikkje vore meir einig.
- Ja, tenk at han har klart å tilgi, at han klarer å stå oppreist, at han kan snakka så opent om det, med ei slik forbløffande livskraft … Det er nærast sjokkerande at nokon kan klara det. Samstundes verkar han så god. Så snill.

Arrangementet ved Stavanger Katedralskole var ein del av ”Dødsstraffuken” i Stavanger, der Amnesty International sette fokus på kampen og arbeidet for å stansa bruk av dødsstraff i ulike delar av verda.

Vanskeleg å forstå
Med sine 17 år er jentenes liv kortare enn perioden Kerry Cook sat og venta på å døy.

- Når ein høyrer at han blei fengsla allereie i 1977 og sat i 22 år … Det er så ufatteleg lenge. Eg trur det er nærast umogleg, særleg for me som er så unge, å førestella oss korleis det må ha vore, meiner Iris.

Marjam ristar tankefullt på hovudet og er einig.
- Nei, eg trur ikkje det er mogleg for nokon i det heile tatt å klara å setja seg inn i ein slik situasjon.

Jentene sit igjen med mange, og til dels motstridande, kjensler etter å ha høyrt Cooks livshistorie. Sjokkerte, men også med tru og inspirasjon.

- Eg kjenner eg blir frustrert over korleis verda kan vera. Men samstundes at det nyttar å kjempa for det ein trur på, seier Iris.

- Ja, at Cook klarer å visa at hatet kan endra seg til noko positivt, er ein inspirasjon for oss som driv ei gruppe i Amnesty. Han er i sin fulle rett til å vera full av sinne og hat over det han har opplevd, men han har klart å overvinna det. Ein kan bli frustrert, men samtidig inspirert av slike forteljingar, tilføyer Marjam.

Fengsla som ung
Kerry Cook var bare 19 år gammal då han blei arrestert for drapet på den to år eldre Linda Edwards i Tyler i Texas i 1977. Cook hadde før den tid droppa tidlig ut av skulen, eksperimentert med narkotika og stått bak mellom anna fleire biltjuveri.

Han hadde eit kortvarig forhold til Edwards, og fingeravtrykka hans blei funne på åstaden. Ut frå desse funna og Cooks tidlegare kriminelle løpebane, konkluderte politiet tidleg med at Cook måtte vera gjerningsmannen. Verken han eller familien hans hadde råd til å hyra advokat.

Då saka blei tatt opp att 15 år seinare, kom ei rekke kritikkverdige forhold til syne; politiet hadde mellom anna sett bort frå og underslått ei rekke prov som viste at Cook var uskyldig, og vitneavhør var manipulerte til å gå i hans disfavør.

Soningsforholda i fengselet var til dels grufulle. Cook delte ei lita celle med fire andre fangar, der temperaturen kunne komma opp i over 40 grader om sommaren.

Fangar som er dømte for å ha drepe kvinner eller barn er nedst på rangstigen i fengselet, og han blei knivstukken og valdtatt gjentatte gonger av medfangar.

Free at last
Men til slutt blei Cook sett fri, bare 11 dagar før han skulle avrettast. Dei vonde erfaringane har han brukt konstruktivt: Han lærte seg og lesa og skriva skikkeleg, og klarte å gi ut bestseljaren Chasing Justise, som handlar om opplevingane hans i rettssalen og bak murane.

Han blei også religiøs, og brukte gudstrua til å bearbeida trauma sine.

- Eg var så full av hat, men gjennom religionen såg eg at min Gud er ein gud av kjærleik og tilgjeving. Eg bad om tilgjeving for det eg hadde gjort mot andre, og tilgav det andre hadde gjort mot meg. Eg lærte at hat bare skadar ein sjølv.

Cook har i dag ein son på ni år, og bruker mykje tid på å reisa rundt og fortelja si historie og protestera mot dødsstraff. I den saka er han krystallklar:
- Stol ikkje på noko land som framleis nyttar dødsstraff!