Magasinett

Utskrift

Gode Gud, ikkje jul nå igjen!

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Nisse
Julefeiring i rett gamle dagar kunne vera ei skrekkens tid. Vondsinna nissar. Oskoreier som gjekk laus på folk og fe. Daudingar som sto opp av gravene. Skremmande varsel om død og ulykke. Den som venta på noko vondt, venta ikkje forgjeves.

Dagens julefeiring blir ikkje sjeldan framstilt som ei hard belastning for både kropp og sinn, der ribbefeittet legg seg tett i blodkara, og jaget etter å finna dei rette presangane gneg som sandpapir på stressa hjernar.

Å, den som bare kunne opplevd jula i gamle dagar, før alt det moderne øydela den! Men vil du verkeleg tilbake til tidlegare tiders jul?

Tenk deg om to gonger. Her er nokre av vesena ein risikerte å møta på i jula i år attenhundre og pil og boge:

Den vonde nissen
Dagens nisse er som regel ein blid, god og rund gammal mann kledd i raudt og med kvitt skjegg, som gir deg det du ønskjer deg til jul.

Om nokon skulle klaga på at denne nissen har blitt for mykje prega av kjøpepress, er det nok å føretrekkja framfor den dei måtte slita med i gamle dagar.

Fortidas nisse var ein av dei underjordiske, i slekt med nøkken, draugen og andre usympatiske vesen. Han heldt til på låven, hadde som hovudoppgåve å halda styr på fjøs og uthus, og var i korte trekk ein gretten, gammal gubbe.

Alt måtte ordnast slik han ville det, og han kravde også forskjellige godar frå garden. Viktigast av alt var retten til julegraut.

Dei fleste torte ikkje anna enn å setja ei skål varm, god graut ut på trappa julaftan, men enkelte ville ikkje finna seg i å bli hersa med av denne fjøsnissen. Dei åt alt grauten sjølv, og då gjekk det dei ille.

Fleire historier går ut på at nissen reiv med seg familiemedlemmer inn i fjøset, og gjorde nærast ende på dei.

Ei av sogene fortel om då nissen tvang ein tenestegut i klemme i stallgluggen, og der sat guten heilt til morgonen første juledag. Då var han nærast død av skrekk, og kom seg aldri skikkeleg etter hendinga.

Men i forhold til andre skapningar ein møtte i juletida, var nissen for eit lam å rekna.

Den endå vondare lussi
I våre dagar er 13. desember ein koseleg dag i vintermørkret, der uskyldige, små barn kjem i kvite kjortlar og syng med sine lyse stemmar for å minnast Sancta Lucia, medan dei byr på ferske lussekattar.

Men denne helgenen for lys og glede hadde det ein kan kalla ei slem storesøster, som gjekk inn for mest mogleg terror natt til luciadagen.

Lussi, eller lussetrollet, var ei vond vette eller demon, ei farleg ånd som regjerte med hard hand natt til 13. desember, ofte kalla lussenatta.

Den hadde form av ein kvinneskapnad, og fòr rundt og spreidde redsel og ulykke frå då mørkret seig på 12. desember. Ingen måtte vera utandørs, då kunne dei risikera å bli bortførte av dette skrekkelege vesenet.


Mest av alt var lussi eit slags djevelsk arbeidstilsyn, som såg til at alt julearbeid som skulle vera ferdig til denne dagen verkeleg var gjort.

All bakst av kaker og lefse og all brygging av øl skulle vera unnagjort, og lussi sjekka om alt var på stell. Prøvde nokon å sleppa unna med ein  siste innspurt denne kvelden, kunne det gå verkeleg ille.

Lussi leitte seg fram til pipene det rauk av, og gjorde kort prosess. I verste fall slo ho sundt og reiv i filler heile skorsteinen, eller kom ned pipa og skremte livet av bebuarane.

Namnet lussi har eit visst slektskap med Lucifer, som kjent heller ingen pusekatt.

Den aller vondaste oskoreia
Så kom julaftan, og verre blei til verst. Då var nemleg oskoreia på ferde. Oskoreia besto av kvilelause, forpinte sjeler av forbrytarar som ikkje hadde gjort seg fortent til verken himmel eller helvete.

I staden var dei dømte til å ri kvilelaust rundt på himmelen som eit fryktinngytande følgje heilt til dommedag.

Reia lydde først som torever, deretter høyrte ein hundrevis av hestehovar og heslege skrik frå daudingane, som fekta med glødande jernstenger og reid på hestar med raudglødande auge.

Menneska barrikaderte seg innandørs medan dei livredde høyrde på spetakkelet. Ikkje ei sjel våga seg ut.

Den som var dum nok til dét, kunne bli bortførte og aldri komma tilbake igjen, eller bli dumpa ned igjen, merka for livet på kropp og sjel.

Også husdyra, særleg hestane, var utsette. Oskoreia kunne komma seg inn i stallen, ta dei med seg og ri dei frå sans og samling heile natta. Kom reia over julemat, slafsa den den grådig i seg med djevelsk appetitt.

Det fanst likevel middel å  verna seg med, både på kristent og heidensk vis. Kors av tjære blei malt over alle vindauge, og trekors sett opp inne i hus og låve.

Stål skulle beskytta mot reia, og derfor la ein knivar, sakser og anna rundt omkring i bygningane. Hestane blei brent med krut på ryggen, og fekk ofte ei død skjære hengt over seg som vern.

Var ein så dum eller uheldig at ein var utandørs då oskoreia kom, skulle ein kasta seg ned på bakken med armar og bein utstrekte, slik at ein likna mest mogleg eit kors. Då ville reia fara vidare.

Djevelsk vonde hekser og somme tider vonde daudingar
Det var likevel ikkje slutt med dette, julefreden kunne bli øydelagt også av andre vondsinna vesen.

Heksene var tradisjonen tru usedvanleg aktive i juletida, der dei i ledtog med hinmannen sjølv flaug rundt på kostane sine, og freista gjera skade på både menneske og buskap så godt dei makta.

Til hjelp hadde dei trollkattane, svarte, lumske og utspekulerte vesen skapt ut av brygg frå heksegrytene. Trollkattane stal mellom anna mjølk frå fjøsa ved å drikka direkte frå juret til kua som ein annan vampyr.

Den som prøvde å stansa dei, blei nådelaust biten i leggen av blodtørstige kattetenner. Kors og stål var middelet for å verna seg også mot desse uvesena.

Jula var også tida då  dei døde vakna til live. Nokre av desse kunne vera familiemedlem som søkte tilbake til sine kjære, og som ikkje gjorde dei levande noko vondt.

Andre daudingar, særleg dei som hadde vore forbrytarar, var ofte både valdelege og livsfarlege. Ein måtte for guds skyld halda seg unna kyrkja natt til første juledag. Der rasla det nemleg i beinrangel under daudingane si midnattsmesse.

Temmeleg vonde varsel
Syntest ein ein ikkje hadde opplevd nok skrekk og gru i jula, kunne ein nytta høvet til å få varsel om kva elende som venta i framtida, særleg i perioden fram mot neste jul.

Varsla gjaldt gjerne kven ein kom til å gifta seg med eller om det ville bli eit grøderikt år, men også kva som ville komma av liv og død.

Våga ein seg ut av huset (og mot alle odds slapp unna oskoreia) og kikka inn vindauget julaftan, kunne ein sjå kven som kom til å døy i løpet av kort tid: Denne eller desse sat utan hovud og skygge inne i huset.

Naus nokon under julekveldsmaten, tyda det at han sjølv eller andre ikkje kom til å oppleva neste julaftan. Slo ein opp på måfå i salmeboka og fann ei gravferdssalme i jula, måtte ein vera førebudd på det same.

Skreik ein fugl utanfor vindauget i jula, kunne det tyda på snarleg død. Gol hanen julenatta, kunne ein førebu seg på enten dødsfall eller brann. Og så vidare.

Kvifor var det så mange som såg oskoreier, skrømt, hekser og daudingar nett på julekvelden, kan ein spørja seg. Kanskje ein skal låna øyre til folklorist Knut Liestøl, som i mange år har forska på norsk folketru.

Han meiner dei mange synene som folk i gamle dagar hadde på julaftan ”heng nok i hop med at folk drakk dugeleg den kvelden …”

Då gjenstår bare å  ønska ei SKREKKELEG god jul!

Vil du lesa meir om skumlerier i jula? Sjekk ut desse bøkene, særleg sidetala i parentes:

Olav Bø – Vår norske jul (67-70 og 77-81) og Trollmakter og godvette. Overnaturlige vesen i norsk folketru (81-86)
Birger Sivertsen –  Norsk jul. Tradisjoner. Forberedelser. Matoppskrifter (47-53)
Ørnulf Hodne – Jul i Norge. Gamle og nye tradisjoner (80-85)
Velle Espeland –  Spøkelse! Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie (96-111)