Magasinett

Utskrift

Verdas skumlaste forfattar

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Forfattar

Trist, lei og deppa i vintermørket? Då er du kanskje in the mood for å lesa Michel Houellebecq.

Åtvaring: Er du ein av dei som liker lange skiturar, alltid har drøymt om å vera elevrådsleiar, snakkar høgt og lenge om kor viktig sunt kosthald er, har cd-hylla full av Taylor Swift og Tone Damlie Aaberge og synst at det er vel bare å ta seg saman dersom ein har det vanskeleg?

Slutt å lesa her. Dette er ikkje noko for deg. Du kjem ikkje til å forstå.

Sit du helst inne og trekkjer føre gardinene når sola skin, går kledd i svart, teiknar pentagramliknande mønster i skuledagboka, græt utan å vita kvifor og har kjærastar som ikkje er bra for deg? Er du ein av dei som andre gir opp og skrik "Må du alltid vera så negativ?!" til?

Bli med vidare. I'll show you a good time.

Livet er for kjipt
"Eg har ikkje klart å finna eit einaste lykkeleg menneske i bøkene hans." Utsegna kom frå ein av dei trufaste lesarane til forfattar Michel Houellebecq.

Den 52 år gamle franskmannen har blitt berømt og berykta av å skriva romanar der hovudpersonane lever nitriste, gledeslause liv utan eit fnugg av håp for framtida.

Her er tilveret er ei einaste lang, pinefull vandring fylt av hat og bitterskap for den som har vore så uheldig å ha blitt fødd. Den litterære pessimismen og svartsynet har gjort han til ein av dei bestseljande forfattarane i Frankrike, og gitt han ein stor tilhengarskare i resten av verda.

Samstundes har han alltid vore omstridd, både på grunn av kva han har skrive og kva han har sagt. Eit tilsynelatande medfødt talent for provokasjon har gitt han mange fiendar frå ulike felt.

Alt frå feministar til forfattarkollegaer og politikarar har stått i kø for å ta avstand frå skildringane eller uttalingane hans om bestemte personar eller livssyn.

Han hatar muslimar, han foraktar kvinner, han er bare ute etter å skapa kvalm, blir det påstått.

At fleire av romanfigurane hans heiter Michel og opplever mykje av det same som forfattaren, har fått mange til å meina at han skriv sjølvbiografisk, og derfor i tillegg er ein sjølvopptatt, gretten gubbe.

Likevel er Houellebecq langt frå bare ein som er god til å slengja med leppa. Både prisar og sterkt rosande omtaler har lagt vekt på at han evnar å sjå og å setja fokus på viktige tema i vår tid. Kva tema det er snakk om, skal ikkje røpast her. Litt skal ein nå finna ut av sjølv.

I Noreg har fire romanar av Houellebecq blitt gitt ut så langt. Her nokre kjappe teasers:

Utvidelse av kampsonen (1994)
I Houellebecqs debutroman følgjer me ein ulykkeleg dataingeniør i byrjinga av 30-åra som hatar jobben sin og har kjederøyking som einaste interesse. Saman med den jamgamle kollegaen Raphaël reiser han rundt og oppgraderar datasystem i forskjellige bedrifter.

Fritida tilbringer dei i kjipe hotellbarar der Raphaël gjer stadig meir desperate forsøk på å få kvinnene interessert i seg. Etter kvart innser han det same som hovudpersonen har sett for lengst: Raphaël er rett og slett ikkje pen nok.

Inga kvinne kjem nokosinne til å villa ha han. Aldri vil han oppleva gjensidig kjærleik. Kjærleiken er bare utveksling av varer og tenester på ein open marknad, eit kaldt og nådelaust system.

Dei vakre får dei vakre. Dei stygge får dei stygge. Eller ingen i det heile tatt. Utsjånad betyr alt, og Raphael har ingenting å tilby. Håp er bortkasta tid.

De grunnleggende bestanddeler (1998)
Dei to brørne Bruno og Michel blei som små barn forlatne av mora si, som syntest barneoppdraging var keisamt og heller ville halda fram med sitt utsvevande liv.

Som vaksne lever brørne miserable liv på kvar sin kant: Bruno er skilt, prøver stadig å trøysta seg med store mengder rusmiddel og prostituerte, og er i ny og ne innlagt på psykiatriske anstaltar. Frustrasjonane fører han inn i eit rasistisk og kvinnehatande spor.

Michel er ein berømt forskar, men er i privatlivet tilsynelatande blotta for kjensler, og klarer ikkje ha normale relasjonar til folk. Aldri har dei fått nokon kjærleik, og aldri klarer dei derfor å gi nokon heller.

Romanen er mellom anna tolka som eit knusande åtak på den såkalla 68-ar- eller hippie-generasjonen, særleg i Frankrike, der desse blir framstilte som gjennomgåande omsynslause, egoistiske og sjølvnytande.

Dei nå godt vaksne 68-arane var lite imponert av romanen, og Houellebecq blei etter beste evne utskjelt og skulda for å vera både fascist og kvinnehatar.

Plattform (2001)
Michel er ein 40 år gammal, livstrøytt mann som døyver misnøya med eige liv med ferieturar til Thailand og prostituerte ungjenter. På ei av reisene innleier han eit forhold til Valérie, og for første gong i livet opplever han kjærleik og nære kjensler til eit anna menneske.

Saman erkjenner dei at Michels situasjon ikkje er uvanleg: Den vestlege sivilisasjonen er jamt over ulykkeleg, overflatisk og kjærleikslaus, og innbyggjarane er derfor nøydd til å få den menneskelege varmen frå ein annan del av verda.

Resultatet er at dei saman skipar eit reisebyrå for "kjærleiksreiser" (sex-reiser med litt meir reine ord), der folk frå Vesten får opplagte pakketurar for å oppleva "kjærleiken" frå Austens edle, uforderva menneske.

Houellebecq blei, tradisjonen tru, sterkt kritisert, denne gongen skulda for å ha eit nedlatande og rasistisk syn på ikkje-europeiske rasar.

Muligheten av en øy (2005)
Daniel er ein ung mann som tilfeldig oppdagar at han har eit komisk talent innan ein bestemt sjanger: å rakka ned på alt som finst av ulike rasar og religionar.

Den hets-liknande humoren skaffar han store pengar, og han lever eit luksusliv i store villaer med dyr dop og billege damer. Etter kvart innser Daniel at pengar ikkje kan gi han alt: Kroppen hans vil til liks med andre sine eldast og døy.

I eit miljø der overflate, venleik og ungdom betyr alt, er Daniels byrjande alderdom noko som fyller han med stadig større desperasjon.

Samstundes blir me kjent med ein annan Daniel fleire tusen år i framtida, som er ein slags genmodifisert versjon av mennesket, men der dei negative og destruktive eigenskapane er skrella bort. Den nye Daniel kan, nokså tilfreds, konstatera at menneskeætta me er ein del av i dag, døydde ut.

Eit dragsug av elende
Det blir sagt at noko av det som gjer Houellebecqs bøker så fascinerande, er evna deira til å suga lesaren ned i ein malstraum av negativitet og pessimisme som både er skremmande og tiltrekkjande.

Replikkar og skildringar er prega av tankar og livssyn som nokon og einkvar i sine tyngste stunder kan vera innom, men som i den houellebecqske verda er norma og det gjennomgåande. Livet er eit helvete på jord.

"Jeg liker ikke denne verden. Jeg liker den ikke i det hele tatt. Samfunnet jeg lever i, fyller meg med avsky," som hovudpersonen i Utvidelse av kampsonen seier det. Så gale kan det vel ikkje vera, tenker lesaren. Å jodå, svarer Houellebecq, og sakte, men sikkert, blir ein overtyda.

Ein tendens i forfattarskapet til Houellebecq har så langt vore eit fokus som går frå enkeltmennesket til kollektivet.

I Utvidelse av kampsonen handla det om det personlege elendet og håpløysa, i De grunnleggende bestanddeler om ein fortapt, hjelpelaus og øydelagt generasjon, i Plattform om heile den vestlege sivilisasjonen på veg mot undergongen, og i Muligheten av en øy er det mennesket som art eller biologisk del av verda som står for fall og døyr ut. 21. desember 2012 nærmar seg.

Men kvifor i all verda skal ein skriva bøker av denne sorten, så fylte av pessimisme og negativitet? spør du kanskje. Då er du i tilfelle ein i den første kategorien lesarar som fortalt om i byrjinga, og det har ingen hensikt i å forklara deg det.

Er du ein av dei i den siste, trengst inga forklaring. Michel, Bruno og Daniel vil bli dine vener.

Skal ein kanskje avslutta med eit "God bok!"? Nja, blir kanskje litt feil i dette tilfellet.