Magasinett

Utskrift

Sjølvstendig

Skrive av Mette Karlsvik .

Alec Finlay

Kjære lesar, sjå meg no! Sjå meg ovanfrå, sjå meg frå himmelen! Om du er mellom dei grå skyene over Glasgow, så ser du meg midt i ein gjeng av kule folk.

Om du er der oppe, og ser ned, så ser du oss, første klasse på Kunstakademiet, gå opp Garnethill. Vi er på veg mot The Machintosh Building, og "The VIC". "The VIC" er skulepubben, som ligg vegg-i-vegg med skulen.

Kjære du som les, sjå kor samansveisa vi er! Sjå, vi er eit kollektiv, ein gjeng som sitt i same studio, som gir kvarandre idear, og får idéar. Vi har eit maksimalt ope forhold og maksimal nytte av kvarandre. Og vi gjer alt i lag. Det innebær å å gå til pubben og drikke Scotch whisky i skuletida.

Men så ser du nærmare. Du ser at vi ikkje akkurat går og syng. Du ser at den eine av oss sklir ut av gruppa. Utan at gruppa legg merke til det, har den eine, ho frå Norge, som er meg, tatt av til venstre. Eg styrar umerkeleg unna scotch whisky, og går ned til Sauchiehall Street, og Glasgow Film Theatre. Alec Finlay skal tale der i dag. Sonen til den store poeten, Ian Hamilton Finlay, har noe veldig viktig å si:

Indiekinoen GFT ligg i bakken bortanfor. Førdagen snakka Lynne Ramsay om filmane sine. Ho er ein kvinneleg arbeidarklassehelt frå Tollcross. Det er slummen på austsida av Glasgow. Ramsay var tøff og høglytt. Han som står på scena når eg kjem inn no, kviskrar.

Det er så stille i rommet at 200 andlet i salen snur seg når eg kjem inn. Men bare sekund seinare ser dei tilbake til han på scena. Det er ein ekte, bleik og slank aristokrat. Det er ein tretti-noe som var barn i Ian Hamilton Finlay sin Garden of Concrete Poetry i Inverness. Den vesle karen leika mellom dikt store som knausar. No står han framfor ein sal full av folk.

Finlay har begynt det som blir ein halvtimes, stillfare dikt "performed standing". Han snakkar om "det skotske", om den lyse, opplysande middelalderen i Skottland; om riddarar som proklamerte dikt, om tilfanget av litteratur i "chapbooks" to hundre år før Guthenberg sin trykkpresse. Han nemner dei skotske "highland poets", og dei store romantiske meistrene. Finlay viser kva skotland har vore, og spør: Kva skal Skottland bli?

Denne samlinga skjer i slutten av 1998, og kan bli Skottland sitt 1814, eller 1944. Dette er åra då henhaldsvis Norge og Island blei fri frå Danmark. Skottland vil bli fri frå Storbritania. Finlay, som viser seg å drive eit forlag, trillar ballen over til kunstnarane. Han inviterar alle i salen til å teikne, skrive, synge, spele Skottland. Han ønsker seg visjonar for den uavhengige staten:

- Om visjonen din er fin, så kan den bli med i ei bok kalla "Without Day".

Boka Without Day kjem først eit par år seinare. Men denne dagen i hausten 1998, får vi ei anna bok. Det er eit voerspiel til "Without Day". Det er ei litt tynn, litt høg bok med mjukt, rosa omslag. Den har ei stor stjerne på midta. Tittelen er "Dreams (for a Scottish Parliament)", med undertittel: Ein invitasjon. Dette er ein invitasjon på nesten 100 sider.

Dei første femti er skrive av Finlay, og virkar å likne den talen han nettopp heldt. Dei neste femti er skrive av kunstnarvenner av Finlay, og gir dømer på visjonar for Skottland.

Eg skal skildre den eg liker best. Det er ein tekst av Ross Birrell. Han er performancekunstnar og lærar i  samtidig kunsthistorie ved "Department of Historical and Critical Studies", GSA. Teksten hans er eit brev adressert det skotske parlamentet, ved Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Ideministeriet

(Mi omsetting): "Kjære, skotske parlament,

Eg viser til ei stillingsannonse som eg syntes å sjå. Eg syntes å sjå at de søkte etter ein ideminister til Ideministeriet dykkar. No vil eg gjerne søke på denne stillinga, og gjer det på følgjande grunnlag (...)

Søknaden har eit nøkternt og byråkratisk språk. Han er stort sett konkret. Men ved eit par høve sklir han ut i det abstrakte og metafysiske. Det gjeld særleg når han skildrar kvifor parlamentet skal velge nettopp han til jobben:

Eg trur at eg har anlegg til å skape dialektikk og dynamikk innanfor parlamentshuset*.

Det ringer inn. Matfriminuttet er over. Oppgjøret sin time er inne. Årtusenskiftet er tida då mange land orsakar for overgrep dei gjorde mot andre land: Imperialisme, vikingeherjinger, folkemord. Men England har framleis ikkje orsaka for den ekspansjonistiske kolonipolitikken gjennom mange år. Dei vil ikkje eingong gi gravskatter attende til middelhavsland, men held dei i museum i London*.

Skottland vil ikkje lenger bli assosiert med denne historia. Skottane er ikkje slik. Dei har aldri vore landet som gjekk ut etter rikdom. Dei hadde nok med å samle sine eigne landsdeler til eit rike. Det fekk dei til i riddartida. Men så kom engelskmennene. I dag får Skottland relativt lite frå samveldet. Dei arvar ikkje eingong Thatcher. Då Thatcher sa at ho ikkje "ville ha fellesskap", satt skottane på ei historie av nettopp fellesskap og union.

Skottland vil bli eit eige land. Det ville også Norge, for to-tre hundre år sidan. Det var poetane som kjempa hardast. Vi kalla oss eit "poetokrati". Sjølv i dag feirar vi "verdas poesidag" kvar 21. mars. Det er "verdas poesidag" mens eg skriv dette. Men når de får lese det, er det kanskje bare vanleg kvardag. Kanskje ikkje. Kanskje klarar vi å fylle også kvar dag med litt poesi og magi.

Eg førestiller meg den nye, skotske staten som eit poetokrati. Kunstnarane, med Alec Finlay som iniativtakar, styrar. Det tenkjer eg, attende i GFT, medan eg står og stangar i ei sakte kø. Alle vil ut av kinoen, og til fri luft.  Døra er trong. Det går sakte. Alec Finlay pakkar saman papira sine, Eg går bort til han, og takkar for det han gjer.

- Du er norsk? Seier han, på norsk. Det er eg. Og Finlay reiser til Norge eit par gonger i året. Han har vore mye i Skjolden, ved den gamle hytta til Ludvig Wittgenstein. Før eg får sagt meir, har eg ein ny invitasjon i lomma. Det er til ein kopp te heime hos han.

- I poesi-hagen?

- Du kan seie det slik, seier Finlay, og skriv adressa si på ein lapp: Canongate, Edinburgh.

"Dreams (of a Scottish Parliament)" var laga på tre veker. Det inkluderar både skriving, redigering, trykking. Boka er trykt hos Morningstar Publications, som er eit einmannsføretak. Alec har ein sekretær i 30% stilling. Elles gjer han alle sider av arbeidet sjølv. Han er utdanna billedkunstnar, og gjer formgivingsarbeidet. Han er son av ein poet, og har alltid skrive sjølv, og skriv tekstane sine. Ikkje minst er han nettverksarbeiar, som, i dag, har 2000 venner på "Facebook".

"Dreams (...)" er eit representativt døme på arbeidet til indieforleggaren. Ein tredjedel av verka han lagar og trykkar, er "invitasjonar". Men sjølv invitasjonane er kunstverk. På den måten får Finlay inspirerte og motiverte bidrag til antologiane han gir ut. 1/3 av verka han gir ut er antologiar, som han redigerar. Den siste tredjedelen er "book art".

Dei er bøker kor han utforskar boka som medium og som objekt. Eit døme er den førre boka til Finlay. Før "Dreams (...)" laga han "Passport". Den har alle dei formale kvalitetane av eit pass. Tjue kunstnarar har fått ei dobbeltside kvar. På desse sidene får dei framstille visjonen om draumestaten. Ein kva som helst draumestat. Det er eit voerspiel før draumen om den ideelle, skotske staten.

Boka som objekt

E-boka gjer straks det store inntoget til Norge. "Boka" som konsept kan bli spesialisert. Ingen veit kva som kjem til å skje. Men la oss førestille oss eit mogleg scenario: Kva om boka blir spesialisert og segmentert? Kva om trykte bøker i større grad utforskar bokmediet, som papirbok? Kan ein få ein meir reindyrka fortelling, på e-bok, og eit kunstobjekt på papir, mellom permar? Kanskje, kanskje ikkje. Industrialiseringa i Europa medførte spesialisering. Yrkesutøvarane blei profesjonaliserte og polariserte. Bokmakarar kan kanskje bli det dei også.

Bokmakaren Alec Finlay har bustad ved Universitetet i Edinburgh*. Fasaden på gården hans gir forventninger om engelsk, svart te i ornamenterte koppar, og søte kjeks på viktorianske fat. Døra er høg, og har utskjæringer. Trappeoppgangen har vindauge med glasmaleri, og stukatur heilt øvst.

Finlay har berre føtter og ein laus lindress. Han sett på tevatn, og opnar døra til teskåpen sin. Det er fire hyller med te. Finlay står på ein stol, og hentar ned ei lita eske frå øvste hylle. Han tar fire-fem teblad, og legg i botn av rakukoppar. Han lar det kokte vatnet stå, og heller det over blada. Vi drikk utan å snakke.

Etterpå forklarar han at det er toppskot av kvit te, hausta under første fullmåne, denne hausten. I Japan. Finlay importerer teen sin sjølv. Han kjøpar aldri te frå kolonistatane. Den er ofte billeg. Det går ikkje gjennom moralkontrollen til Finlay. Og ikkje gjennom kvalitetskontrollen heller:

- Te er helse, seier Finlay, og begynner den lange fortellinga om det korte livet sitt. Han fortel om barndommen i Inverness, og om dei første, glade åra mellom dikta i hagen. Han blei sjuk då han var seks år gamal, og låg til sengs i ti år.

- Barndommen min var mellom kvite laken. Difor blei eg forleggar. Difor elskar eg tettskrivne sider, seier Finlay, som verken fekk spele fotball, gå på festar, eller reise ut til byen. No gir han ut "Football Haiku", som er dikt brodert inn i fotballdrakter. Han gir ut dei burleske, absurde og mørke verka til David Shrigley. "Without Day", som kjem i 2000. Ross Birrell eit nytt bidrag. Det er andre episode i ein følgjetong. Birrell har fått eit svar frå det skotske parlamentet. På høvisk og høfleg vis svarar dei nei til tilbodet om å ha ein ideministar.

Å, skotske parlamentet! Sjå oss no! Sjå oss, her vi sitt og drikk te, og drømmer om alt Skottland kan vere! Sjå oss, sjå oss, og møt oss! Sjå alt det vi ser, og få visjonar for det ideelle Skottland!