Magasinett

Utskrift

Schikkelakke, schikkelakke karneval!

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Russ

Russetida er i full gong, og tusenvis av elevar landet over feirar at dei snart er ferdige med skulegongen. Men visste du at russefeiringa eigentleg er ein variant av ein eldgammal karnevalstradisjon?

Mange forbinder karneval med barn som kler seg ut i barnehagen eller lettkledde menn og kvinner som dansar gjennom gatene i Rio de Janeiro. Jau då, karneval er det også, men samstundes mykje meir.

Framfor alt er karneval ein del av ein mange hundre år gammal europeisk tradisjon der vanlege folk fekk ein pause frå det daglege slitet. I løpet av året hadde dei spart seg opp såpass mykje at dei nokre dagar eller veker kunne leva i sus og dus med festar og moro, før ei streng fastetid byrja.

Utkledning, opptog og terror

I Noreg og mange andre nordeuropeiske land blei karnevalsfeiring forbode etter reformasjonen i 1537, og i dag er det først og fremst land i Sør-Europa og Latin-Amerika som har dei heftigaste karnevalsfeiringane. Men enkelte rester finst også her i landet, og russetida er ein av desse. Korleis kan ein då seia at russetida er eit karneval?

Det mest openberre er sjølvsagt at ein kler seg ut i begge tilfelle. Nå vil vel kanskje enkelte seia at russen meir tar på seg ein uniform, medan ein i ekte karneval lagar seg fargerike drakter på eiga hand. Sant nok, men samstundes gjer svært mange russ drakta si såpass personleg gjennom teikningar og effektar at ein likevel kan kalla den eit kostyme.

Opptog gjennom gatene er ein annan likskap, og utkledde festdeltakarar som dansar seg gjennom kvartala i storbyen til latinske rytmar, har ein parallell i store og små stadar i Norge: Slitne 18- og 19-åringar som bråkar som best dei kan frå lasteplan eller hengande ut frå bilvindauge på 17. mai.

Skøyarstrekar av meir eller mindre valdsam art er også noko som er felles før og nå. I gamle dagars karneval var det ikkje uvanleg å gå berserk med å kasta egg, tomatar og liknande på inkjeanande forbipasserande. I dag har russen eigen terrorsjef og er stadig på jakt etter å ramma sine offer med vassgevær eller meir grovkalibra skyts.

Parodiar og vrengjebilete

Tradisjonelt har det å gjera narr av det høgverdige og maktpersonar vore sentralt i karnevalet, og heilt frå tidlegaste tider var det lov å latterleggjera både konge, prest og andre høgt i samfunnet i denne perioden. Mange heilage og høgtidelege ritual, særleg dei kyrkjelege, blei parodiert.

Russetida fører vidare denne tradisjonen særleg gjennom russedåpen, men også i moderne tid blir det vald narrekongar som i mellomalderen, gjennom russepresidenten og hans eller hennar styre.

Dei mange russeknutane kan ein også sjå på som parodiar på vaksensamfunnet og eit vrengjebilete av det som blir sett på som akseptabel åtferd. Dei mange klassikarane er på plass også i år: Gå med brød som sko ein heil skuledag, bita ein førsteklassing i leggen eller køyra 50 rundar i rundkøyringa.

I tillegg blir elevane sine "kongar," rektorar, lærarar og andre maktpersonar innan skuleverket, ofte gjort grundig narr av, mellom anna i russeavisene. Til saman kan ein snakka om eit opp-nedsamfunn, då som nå, der vanlege reglar for kva ein har lov til å gjera blir sett ut av spel, noko som til ein viss grad blir godtatt også av dei som blir ramma av spilloppene.

Fråssing og tabu-humor

Som nemnt var og er karnevalet ein fest der ein gjennom spinking og sparing mesteparten av året kunne unna seg ein langvarig festperiode der ein fråssa både når det gjaldt mat og drikke. I våre dagar bruker russen store summar om enn ikkje på mat så i alle fall på drikke: Alkoholforbruket når nye høgdar i denne perioden.

Sparinga er også felles: Skuleungdom er ikkje akkurat fattige som vanleg folk i mellomalderen, men har langtfrå store økonomiske budsjett å ta av. Likevel sparar ein nok til å bruka tusenar, i mange tilfelle ti-tusenar, til å svi av på nokre få veker.

Karnevalet var og er også ein periode prega av laussluppen seksuell aktivitet, noko ein gjerne også ser på russetida som. Kondomkampanjane og –utleveringane i forkant av feiringa er ikkje tatt ut av ingenting. Både karnevalet og russetida er også prega av ein humor som ofte har eit sterkt seksuelt preg.

Den valdsame festinga under karnevalet kravde og krev ofte menneskeliv, noko som også skjer i russefeiringa. Ulykker i rusa tilstand eller sjukdommar som kan oppstå under ein russe-livsstil, som hjernehinnebetennelse, er ikkje uvanlege.

Kvardagen ventar

Typisk for karnevalet er at det er ei feiring som markerer ein overgang til ein hard fasteperiode. Feiringa i russetida blir då også avløyst av ei tilsvarande tung fastetid, nemleg eksamensperioden, der ein må gi avkall på fest og moro til fordel for nøysam lesing og studering.

Samla sett kan ein seia at både karnevalet og russetida er ein unntakstilstand der det til ein viss grad er lov å bryta enkelte reglar innanfor ein kort periode. Framferda står i motsetning til det ein ser på som normalt, og som regel meiner enkelte at brota går for langt:

Kongen sine soldatar blei sett inn mot feiring som gjekk over i hærverk, og russen i dag blir i ein del tilfelle meld til politiet eller må tåla negative avisoppslag for enkelte av påfunna sine.

Den aller mest sentrale likskapen mellom det tradisjonelle karnevalet og russetida er kanskje likevel det ein kan kalla den samfunnsmessige funksjonen: Russetida og karnevalet oppretthaldar og stadfestar samfunnet sine reglar for akseptert framferd nettopp ved at desse reglane blir brotne.

Festperioden gjer at ein umedviten får fastsett samfunnet sine reglar gjennom døma på det motsette. Opp-ned-verda er eit unntak, og når russetida er over går ungdommen som regel inn i den verkelege verda, der utdanning, arbeid, kvardag og slit ventar.

Vil du lesa meir om karneval?

Helen De Bellis - Karneval: drakter og masker, historie og tradisjon (1985, isbn 82-574-0383-0).

Peter Burke – Folklig kultur i Europa 1500-1800 (1978), s 208-232.