Magasinett

Utskrift

Har du høyrt at …?

Skrive av Leif Tore Sædberg .

hvisker i øret

Du skal ikkje tru på alt du høyrer, seiest det. Noko er rett og slett for utruleg til å vera sant, og då er det ofte snakk om vandrehistorier.

Vandrehistoria er ei eldgammal type forteljing. I rett gamle dagar fortalte ein spennande historier om tussar, troll og draugar som skal ha dukka opp føre auga på ein eller annan forskrekka person.

Eventyra visste tilhøyrarane var oppspinn, men desse forteljingane, segnene, påsto ein var sanne, noko som gjorde dei endå meir pirrande.

Segner også i dag

I våre dagar er dei fleste einige om at tussar, troll og draugar ikkje finst, men framleis har me segner, eller vandrehistorier som ein kallar dei i dag. Som dei gamle segnene vandrar dei rundt på folkemunne, som underhaldande forteljingar om morosame, skremmande eller pinlege episodar: Ein finn rottebein i pizzaen, blir filma med skjult kampera eller dopa ned og fråstolen ei nyre på ferietur.

Hovudpoenget er som i gamle dagar: Det at ein trur dei er sanne gjer forteljingane ekstra levande: Det kunne hendt meg! Det kunne vore eg som trefte på den skumle mannen i mørkret som viste seg å vera ein mordar. Grøss og gru …

Det ukjente er skummelt

I mange tilfelle handlar vandrehistoriene, moderne segner eller urban legends som dei blir kalla på engelsk, ofte om ting som er litt ukjente for oss menneske, gjerne fordi dei er nye. Dei seinare åra har det derfor vore mange skrekkhistorier om internett og kva folk ein har kome i kontakt med gjennom chatte-program og liknande.

Det kan verka som om det er mindre vandrehistorier i dag enn for ein del år sidan, og noko av årsaka kan nok vera at ein nå har mykje meir av grøss og gru gjennom filmar på kino og video. Men mange av segnene som ein før høyrte fortalt, kan ein i dag finna på internett og på e-postar som blir sendte rundt.

Ein kan forklara og tolka mykje kring vandrehistorier, men først og fremst er dei underhaldande. Nedanfor finst eit utval, nokre kjente, andre mindre kjente. Dei fleste av dei som er valde ut her er av den skumle sorten, men det finst mange morosame segner også, som liknar mykje på vitsar.

Edderkoppbyllen

Ei jente hadde vore på ferie i Gambia i Afrika, og då ho kom heim hadde ho ein byll på kinnet. Ho gjekk til lækjar, men han gjorde ikkje noko med han, sa bare at det måtte gå hol på han av seg sjølv. Byllen vaks og vaks, og til slutt gjekk ho til ein annan lækjar, men han gav henne same beskjed.

Byllen blei endå større, og ei natt då ho låg i senga kunne ho høyra at det gjekk hol på han. Ho sto opp, tente lampen og såg seg i spegelen, og ut frå byllen kraup massevis av små edderkoppar over kinnet hennar.

Jenta er nå på mentalsjukehus.

Den takknemlege terroristen

Ei venninne av meg jobbar som flyvertinne. Her om dagen, etter at flyet hennar hadde landa på Gardermoen og passasjerane hadde gått ut, såg ho at ei lommebok låg igjen på eit av seta. Ho hugsa at det hadde sete ein mann med arabisk utsjånad på nett det setet, og skunda seg etter han for å levera den attende. Han ville gi henne finnarløn, men ho takka nei. Då sa han at han i staden skulle gi henne eit godt råd: ”Reis ikkje til London 3. juni!”

Etter at han hadde gått, gjekk ho til politiet, og dei bad henne identifisera mannen ut frå bilete dei hadde i arkivet. Ho kjende han straks igjen på eitt av dei. Mannen var eit medlem av Al-qaida, ettersøkt for terror.

Kroken

Dette hende på Autobahn, motorvegen i Tyskland. Eit ungt par er ute på køyretur, og har kjørt av på ein stikkveg, der dei sit og kyssar og klinar med bilradioen på. Plutseleg blir musikken avbroten av ei nyhendessending, der det blir fortalt om ein sinnssjuk mann som har rømt frå ein anstalt like i nærleiken. Ein kan kjenna han igjen på at han manglar ei hand, i staden har han ein jernkrok. Han har tidlegare angripe unge par i bilar og skore over halsen på gutane og deretter valdtatt jentene.

Etter nyhendesendinga kjem det musikk igjen. Men jenta har blitt urolig. Ho synest det er uhyggeleg å vera på den vesle stikkvegen, og ber guten køyra der ifrå, noko han motvillig går med på. Han startar motoren, set gassen i botn og køyrer derfrå med eit rykk.

Etter ei stund må dei fylla bensin. Dei køyrer inn på ein bensinstasjon, og guten går ut. Då høyrer han ein klirrande lyd frå bildøra. Då han ser etter, oppdagar han at det heng ein krok i dørhandtaket …

 Karusellen

Nokre ungdommar braut seg inn på et tivoli etter stengetid og sette seg i ein karusell som blir kalla ”tornado.” Ein sit rundt kanten i den sirkelforma karusellen som tar til å snurra rundt, aukar i fart og til sist stiller seg på høgkant. Ein av ungdommane klarte å få i gong karusellen etter at dei andre hadde sete seg oppi, og hoppa deretter på i fart.

Etter ei stund blei dei leie og var i ferd med å bli kvalme. Ein av dei sa: ”Korleis skrur me den av?” Men det fanst jo ingen som kunne stenga av maskineriet. Dei blei sitjande heile natta medan karusellen med jamne mellomrom auka farten og sette seg på høgkant.

Då tivoliet opna neste morgon, var bare eit par av ungdommane i live. Kroppen klarer ikkje denne typen sentrifugalkraft over lengre tid.

”Menneske kan også slikka”

Ei jente hadde ein hund som pla leggja seg på ei matte ved sida av senga hennar når ho sov. Dersom ho vakna midt på natta, pla ho strekka ned handa og lata hunden slikka på fingrane hennar. Då kjente ho seg alltid så trygg, og sovna straks igjen.

Ei natt vakna ho av ein lyd i rommet. Ho strekte ned handa, og då hunden slikka fingrane hennar blei ho roleg og sovna igjen. Jenta vakna om morgonen, og såg at hunden ikkje låg på matta som vanleg, men tenkte ikkje noko meir på det, og gjekk ut på badet for å dusja og pussa tennene.

Der blei ho møtt av eit frykteleg syn. Hunden ho var så glad i låg på golvet med halsen skoren over. På veggen hadde nokon skrive med blod: ”Menneske kan også slikka!”

Barnevakta kom ikkje

Et ektepar hadde bestemt seg for å reisa to veker på ferie til Mallorca, og mormor skulle komma og passa barnet deira medan dei var bortreiste. Ho blei forseinka, og foreldra let barnet deira bli fastspent i barnestolen og reiste av garde for å rekka flyet. Mormora ville jo uansett komma innan kort tid.

Då dei kom heim igjen to veker seinare, sat barnet dødt i stolen sin. Mormor hadde vore i ei trafikkulykke og låg medvitslaus på sjukehuset.

Falluka i butikken

Ei ung, søt norsk jente var med på ein studietur til Paris. Ein ettermiddag gjekk nokre i gruppa på shopping. Jenta fekk auge på ein fin kjole i vindauget på ein av butikkane, og bad dei andre venta utanfor medan ho gjekk inn og prøvde den. Dei venta i over ein halvtime, og blei meir og meir urolege over at ho ikkje kom ut igjen. Eit par av dei gjekk inn for å henta henne, men i butikken var ho ikkje. Butikkinnehavaren såg uforståande ut då dei skildra korleis ho såg ut.

- Ei slik jente har eg aldri sett, sa han.

Reisekameratane forsto at noko alvorleg hadde skjedd. Dei kontakta politiet, og då dei undersøkte butikken, fann dei ei falluke i prøverommet. Jenta hadde truleg falle ned gjennom den og blitt tatt til fange av folk som dreiv med kvit slavehandel. Mest sannsynleg hadde ho blitt bedøva og bortført til eit bordell i Austen. Ho blei aldri funnen igjen.

Den avskorne armen

Dette skal ha hendt på ein studentheim for medisinarar i Bergen. Ei av jentene som budde der var veldig overlegen og sjølvsikker. I same korridor som henne budde to gutar, som begge prøvde å få henne interessert i henne, men ho gav heilt blaffen i dei.

Gutane fann ut at dei skulle skremma jenta. Under ei undersøking av eit lik fekk dei tak i ein avskoren arm, som dei hengde opp ved lysbrytaren på rommet hennar. Så venta dei i matsalen på å høyra eit skrik av redsel då jenta kom heim. Dei såg henne gå inn i rommet, men høyrte ingenting. Jenta viste seg heller ikkje i matsalen under middagen. Dei to gutane tenkte ikkje så mykje på det, og venta til neste dag. Men ho kom ikkje ut av rommet sitt den dagen heller.

Då ho heller ikkje viste seg den tredje dagen, tenkte dei at det var best om dei gjekk inn i rommet deira og såg etter kva som hadde hendt. Då dei kom inn, sat ho samankropen i senga med oppsperra auger og gnaga på armen. Ho hadde blitt gal av skrekk.

Den lamme jenta

Ei jente hamna på sjukehus etter ei trafikkulykke. Ho hadde blitt lam frå halsen og ned etter ulykka, og var djupt deprimert. Personalet snakka med henne om at ho ikkje var dømd til å liggja urørleg; det fanst elektriske rullestolar om kunne styrast med rørsler frå munnen. Men dei klarte ikkje venna henne til tanken på eit liv i rullestol.

Plutseleg endra jenta  seg, og ville læra seg å køyra den elektriske rullestolen. Ho trena hardt, og alle på avdelinga gleda seg over framstega hennar.

Ein dag skulle ho for første gong få køyra aleine på vegane rundt sjukehuset. Då kjørte ho rett ned i innsjøen like ved – og drukna seg.

Tatoveringane

To unge kvinner reiste på ferie til Amsterdam. Dei gjekk utan noko bestemt mål rundt om i gatene, og etter kvart innsåg dei at dei ikkje visste kvar dei var. Dei blei svoltne, og gjekk inn i ein kinesiske restaurant. Kvar denne restauranten låg, var det seinare umogleg å finna ut.

Medan dei åt, mista begge kvinnene medvitet. Dei vakna splitter nakne på eit sjuskete hotellrom. Kroppane deira var fullstendig dekka med dei mest avskyelege tatoveringane ein kan tenka seg.

Den eine kvinna tok kort tid etter sjølvmord. Ho haldt ikkje ut tanken på kva som kunne ha skjedd med henne i timane då ho hadde vore medvitslaus. Den andre skilde seg, og lever nå heilt isolert, bokstaveleg tala merkt for livet.

Ei underleg drukningsulykke

Ei venninne fortalte om ei drukningsulykke som skulle ha skjedd sist sommar i Middelhavet: Ein solskinsdag hadde sju personar reist ut på havet i ein stor, fin seglbåt. Dei hadde planlagt å vera ute heile dagen. Fleire mil ute til havs bestemte dei seg for å ta ein dukkert i det friske vatnet.

Alle hoppa uti vatnet omkring båten og koste seg retteleg. Men då dei seinare skulle komma opp i den, viste det seg å vera komplett umogleg. Av ein eller annan grunn fanst det ingen stige å klatra opp i. Rekka var for langt oppe til at dei kunne komma seg over den, og om bord var det som nemnd ingen igjen.

Dagen etterpå, då båten ble funnen drivande på vatnet, fant ein sju døde kroppar flytande rundt båten.

 Djevelen i klesskapet

Nokre ungdommar fekk lyst til å laga til ein såkalla spiritistisk seanse, der ein kunne få kontakt med det overnaturlege. Dei gjorde som ein plar: Skreiv ein sirkel av bokstavar på eit papir og stilte eit glas opp ned. Så la alle ein peikefinger laust på glaset, og så var dei klare til å stilla spørsmål og sjå kvar glaset rørte seg.

Ei jente fekk ein idé. Kvar finst djevelen? spurte ho. Glaset bevega seg over papiret frå den eine bokstaven til den andre. Alle sa bokstavane høgt: ”I k-l-e-s-s-k-a-p-e-t.” Det fanst eit klesskap i rommet ved sida av, og jenta reiste seg, fniste litt nervøst og gjekk inn i dit.

I neste augneblink kom det mest grufulle skrik dei nokosinne hadde høyrt. Dei sprang inn i det andre rommet, og fann jenta medvitslaus framføre klesskapet. I andletet hadde ho raude kloremerke. Då ho blei medviten igjen, fekk ho ikkje fram eit ord. Ho var blitt stum.

Sidan har ho vore innlagt på eit mentalsjukehus, blir det sagt.

Det er særleg den svenske folkekulturforskaren Bengt af Klintberg som har samla og jobba med vandrehistorier, som desse døma er henta frå. Du kan lesa fleire av dei i tre bøker han har gitt ut:

Den stjålne svigermor og andre moderne vandrehistorier (1987)

Den stulna njuren. Sägner og rykten i vår tid (1994)

Glitterspray och 99 andra klintbergare (2005)

(Dei to sistnemnde er ikkje gitt ut på norsk)