Magasinett

Utskrift

Nye unge røyster på scena

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Ungdommar

For første gong skal det vere ei Ung fortellerscene på den sjuande Fortellesfestivalen på Dramatikkens Hus i Oslo som byrja onsdag.

På den unge forteljarscena fortel ungdommane historiar på eigne premiss. Dei unge forteljarane du kan sjå og høyre laurdag ettermiddag er Birrah Yunis,Tonje Elisabeth Berntsen, Mosina Khan, Joshua Amundsen, Ole Kristian Gaustad, Vithushika Parameswaran, Marwa Anwar Ali, Jørgen Rudsengen, Usuru, Hildegunn Telhaug, Anna Bøgwald, Kayi Wong og Leyla Sakar.

Det finst barn og ungdom i Norge i dag som har jobba med munnleg forteljarkunst i fleire år. I dei siste vekene gar ungdom frå Strømmen og Oslo jobba saman med musikar Andreas Lønmo Knudsrød. Resulatet av dette samarbeidet blir iscenesett på Ung Fortellerscene under festivalen.

Fortellerfestivalen saman med medarrangørane Norsk Fortellerforum, Fortellerscenen og FabelAkt lokkar med latter, refleksjon og eitt og anna grøss.på

I tillegg til dei unge forteljarane er det også fleire rutinerte forteljarar som deltar på festivalen, som til dømes Abbi Patrix, Sara Benincasa, Clare Muireann Murphy, Pelle Olsson og mange fleire.

Vil du lese meir om festivalen, kan du gå inn på fortellerfestivalen.no.