Magasinett

Utskrift

Tung, hard og svart nynorsk

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Illustrasjon

Nynorsken har vanskar med å halda på utbreiinga si. Men hjå rocken sine hardaste og skumlaste fyrar er nynorsk meir populært enn i nokon annan type musikk.

Medan det før andre verdskrig var ein av tre nordmenn som nytta seg av nynorsk som skriftspråk, gjer bare ein av ti det same i dag. I norske skular er sidemål ikkje lenger ein eksamen ein må ta, nynorske skulekrinsar går over til bokmål og undervisinga i nynorsk blir meir og meir overflatisk. For å nemna noko.

Særleg i populærkulturen, som musikk, film og vekeblad, er nynorsk lite utbreidd. NRK har framleis ein del av filmane og seriane sine teksta på nynorsk, men utanom det er situasjonen nitrist sett med Ivar Aasens briller. Når såg du til dømes ein film på kino med nynorske tekstar? Kor mange norske vekeblad skriv ”korleis,” ”ikkje” og liknande? Kor ofte høyrer du songar med nynorsk tekst på radioen?

På engelsk

Nå er rett nok bokmålet også utsett, ettersom stadig fleire som driv med ulike former for kultur, til dømes innan musikkindustrien, vel engelsk heller enn norsk. Som det norske Grand Prix-bidraget.

Ein del norske artistar syng rett nok på bokmålnært språk, mange færre på nynorsk. Odd Norstoga er i Nitimen med grisen sin i ny og ne, og i si tid var trønderske Gåte eit hipt rockeband. Men dei er einslege svaler, og det gjer som kjent ingen sommar. Sjølv Tone Damli Aaberge, med den nynorskaktige dialekten sin, vel å syngja I love you og I’m getting butterflies i staden for Eg elskar deg og Eg kjenner fivrelder.

Eit knallhardt unntak

Ein bestemt type musikk er derimot eit unntak, nemleg black metal. Heilt frå den tidlege byrjinga har band i denne sjangeren vore særs glade i å ha tekstar på morsmålet. Først og fremst bokmål, men ofte også nynorsk. I Håvard Rems nye bok om den norske black metal-historien, Innfødte skrik, tar han i eitt av kapitla føre seg val av språk i tekstane.

Rem har sett på over 700 slike band fram til i dag. Ein tredel song og/eller syng stort sett på norsk, i tillegg til rundt 15 prosent som bruker eller brukte både norsk og engelsk. Langt fleire av desse brukte nynorske tekstar i forhold til i andre sjangrar. Enkelte brukte også tysk, latin, islandsk og norrønt.

Dømet Enslaved

Enslaved, som blei skipa av Grutle Kjellson og Ivar Bjørnson i 1991, har vore eit band med stor kjærleik til nynorsken, og har nytta den i mange av sine songar. Her eit døme frå ”Krigaren eg ikkje kjende,” frå albumet Mardraum/Beyond the within” (2000):

Eg vakna brått
Ein kald og mørk morgon
Med buskapen daud og trellane rømde
All mjøden var drukken og venene reist

Då la eg i veg til lovande land
For atter å vende heim med ære
Alle som sto i vegen for meg
Skulle kjenne min styrke og vreide

Ved ein flod sto ein gammal og støl mann
Han vokta ein båt som eg trong
Eg skulle hogge han ned
Men sverdet brast og
Den gamle sto der og flirte

Seinare har gruppa gått over til stort sett å syngja på engelsk, og tida vil visa om dei vendar tilbake til morsmålet sitt igjen.

Nynorsk = norrønt = kult

Kvifor vel mange fleire som spelar steinhard rock å syngja bokmål- og nynorsknært enn i dei fleste andre musikkstilane? Svaret har nok noko med emna banda og musikarane har vore opptekne av. I motsetning av kva mange trur, handlar langt frå alle tekstar i black metal om satanisme og djevelskap. Svært mange skildrar derimot scenar og handlingar frå Noreg i vikingtida og i norrøn mytologi, med kampar og strid på liv og død. Noko Enslaved-teksten er eit døme på.

Ettersom innhaldet er frå ei tid frå tusen år sidan, har ein kanskje tenkt at då er det tøft å nytta eit språk som mest mogleg er knytt til denne tida. Det kan ein særleg sjå i ein spesiell type blackmetal, som blir kalla viking metal. Som namnet seier er ein her endå meir opptatt av tema frå vikingtida. Her blir det då også brukt endå oftare norsk språk: 75 prosent av desse banda har brukt norske tekstar, deriblant nynorsk. Og som nemnd har enkelte også brukt endå meir vikingtid-aktige språk, som islandsk og norrønt.

Blir det fleire?

Norsk black metal er ein sjanger som har gjort det vel så bra i utlandet som i Noreg. I mange europeiske land studerer faktisk tilhengjarar av Enslaved og andre norskspråklege band norsk og norrønt for å forstå tekstane betre.

Vil så bruken av nynorsk i ein meir og meir populær musikkstil (til dømes kom Keep of Kalessin til finalen i den norske Melodi Grand Prix-finalen i år) også gjera nynorsk meir populært elles? Det skal denne artikkelforfattaren ikkje prøva å gissa. Eit lite poeng som gjer at ein ikkje skal vera for optimistisk: Det hjelper kanskje ikkje å bruka nynorske tekstar når det er vanskeleg, ofte umogleg, å høyra kva ein faktisk syng…