Magasinett

Utskrift

Island #7

Skrive av Mette Karlsvik .

Islandsk natur

Mette Karlsvik er på besøk i eit land som ligg i økonomisk ruin. Eit land utan pengar, som satsar stort på kultur for å byggje seg opp igjen i eigne og andres auge.

Eg kjem til Reykjavik med flyruta SK4748, og blir henta av Ingunn i ein bil, på busstasjonen Hlemmur. Ho er kunstnar-mamma, og driv eit kunstnarsenter utanfor Reykjavik. Eg skal bu der i tre veker.Tre veker, sju dagar, med nesten 24 timar solskinn i døgnet! Alle gode ting er tre og sju. Men meir om eventyr, myter og mystikk seinare. No om Island, landet som ein gong var så kjent for språk, lese - og skriveevne, og intelligensia. Vi kjente islendingar som kloke, moralske, og med klåre bilde av kva som er viktig i livet - og ikkje:

Viktig: Familie, kjærleik, venleik, som musikk, kunst og landskap. Og sjølvsagt historier, og det å skjønne seg sjølv og historia si.

Ikkje viktig: Å samle meir eigedom enn ein treng for å overleve.

Frå nittitalet var det økonomisk boom på Island. Staten sette ikkje grenser for bankane. Bankane lånte ut så mykje pengar som folk ville ha. Folk ville ha så mykje som dei fekk. Dei fekk og fekk, og kjøpte og kjøpte. Mange slutta i jobbane sine, og blei pengeflyttarar. Produksjonen stogga. Det kunne ikkje vare. 7. oktober 2008 kollapsa bankane. Staten måtte finansiere krasjet. Private finans-karar hadde tatt svære, gyldne fallskjermar og reist til Rikistan. Attende satt eit heilt, fattig folk. Eit sint folk. Revolusjon! Bort med leiarane! Island, som dei kjente det, var som utradert. Eit nytt land ligg i støypeskeia.

Som Frankrike i 1789, eller Irak, på nittitalet. Kva slags land skal ein bygge frå ruinane av det gamle? Det er dette eg kjem til Island for å finne ut av. Eg kjem til eit land på nullpunkt. Eit økonomisk og på mange måtar politisk nullpunkt. Kulturelt sett har dei som sagt ei arv. Den nordiske fortellarhistoria begynte her. Snorre var den første romanforfattar i Norden. Han skapte ikkje "forteljinga". Nei, skal ein tru psykologar, så er forteljing eit ur-instinkt. Men meir om overlevingstaktikkar seinare.

Vidare om Snorre: Det som Snorre gjorde nytt, var å skrive forteljingane ned. Slik blei gamalnorsk tatt vare på. Slik er det at Island ikkje har dialektar. Der skreiv og snakka dei det same språket. Mens i Norge, kor vi ikkje hadde eit skriftmål, blei det snakka i hytt og vêr. Islendingar kultiverte tidleg det eine språket. På Island blei sjølv dei barbariske vikingane kultiverte. Då dei kom til Island, la dei frå seg våpna, og blei gardbrukarar. Drive jorda, og kultivere.

- Kulturen, seier islands utanriksminister, på eit spørsmål om kva dei bruker pengane sine på for tida. Økonomien er altså på eit nullpunkt. Men så snart dei har noen middel, løyver dei pengane til statsstipend for kunstnarar.

- Slik skal Island sitt gode namn og rykte bli ivareteke, seier ministaren, til "Skønlitteratur på P1". Dansk Radio, altså.

- Er det særleg ansvarleg då, sidan de skal bygge ein økonomi opp frå botnen, spør den danske journalisten.

- Å basere ein nasjon på kultur, er ansvarleg, svarar ministaren. Hurra, tenkjer eg, mens Ingunn parkerar bilen utanfor eit nedlagd meieri. Ho tar ein av sekkane mine, og viser meg først ein liten jordlapp, som eg har tinga på. På jordlappen får eg så nokre frø. Inne på meieriet skal eg sove, ete og ha skrivestove. No og då skal eg forlate denne tjukkmjølk - dunstande herlegheita, og ta turar rundt på Island.

Eg skal mot vulkanen, hente oske, og ta med att til jordlappen min. Eg skal til Reykjavik, Allthingi, og intervjue nokre av politikarane som har innteke kontora. Kort sagt, så skal eg sjå, bære og skjønne ruinane av Island. På den måten kan eg kanskje begynne å sjå det nye Island: Kva Island kan vekse fram frå oska, og blomstre, i åra som kjem?