Magasinett

Utskrift

180 forfattarar på bokfestival

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Karl Ove Knausgård

Kva har Karl Ove Knausgård, Gro Harlem Bruntland, Gatas Parlament, Unni Lindell, Radioresepsjonen og Harald Eia til felles? Jo, dei skal alle vere med under Oslo bokfestival i helga.

Bokfestivalen er Norges største festival som har som mål å fremje boka og lesegleda. I løpet av dei tre dagane festivalen varer blir Oslo fylt av hundrevis av små og store litteraturarrangement. Karl Johans gate og Spikersuppa blir bilfritt festivalområde med utescene, boksal, liv og røre. Fem scener i Operaen blir fylte av litteratur laurdag og sundag.

- Vi er utruleg stolte over å kunne presentere eit så breidt og spennande program. Det er tross alt første gong Oslo bokfestival blir arrangert, men vi trur vi har klart å lage eit program der alle bokelskarar vil finne noko. Og alt program er gratis for publikum, seier festivalsjef Eivind Volder Rutle.

- Vi er sjølvsagt veldig nøgde med at Karl Ove Knausgård kjem, han skal snakke fleire stader på festivalen, men høgdepunktet er kanskje arrangementet "Mens vi venter på sekseren". Knausgård er ei litterær superstjerne, og han skal jo runde av romanløpet sitt i haust. Vi er like spent som festivalpublikummet på kor mykje han kjem til å røpe om den siste boka, held festivalsjefen fram.

I tillegg til Knausgård kjem populære forfattarar som Cecilia Samartin, Susan Abulhawa, Unni Lindell, Knut Nærum, Lars Saabye Christensen og Joralf Gjerstad. Sistnenmde skal snakke om sin nye sjølvbiografi saman med Margit Sandemo, som også kjem med bok om sitt liv denne hausten.

Bak festivalen står ein samla bokbransje. Forlag, bokhandlarar og bokklubbar har gått saman om å lage ein folkefest med litteraturen i sentrum.

Sjå programmet for festivalen her: http://www.oslobokfestival.no/