Magasinett

Utskrift

Kom igjen, få Cand.Mag i ”Island”

Skrive av Mette Karlsvik .

Mimir

Korleis kunne det gå så gale for Island, og korleis skal dei klare å kome seg heilt opp på føtene igjen? Er det dei folkevalde eller folket sjølv som skal få landet opp av dei økonomiske ruinane og oska?

I går kveld var det premiere på filmen ”The Shock Doctrine”. Premieren sto i Parkteateret, min favorittkonsertsal, med innleiing av Magnus Marsdal, ein gamal favoritt-sosialist.

Filmen er basert på boka med same namn, av Naomi Klein. Ho er meir kjent som forfattaren av ”No Logo”, og er ein kanadisk og etterretteleg sakprosajournalist som jobbar mykje ute i felten, som virkar å drive uhyre grundig research, og som eg beundrar.

Dei som les Magasinett tett, og har gjort det dei siste åra, vil sjå at denne Magasinett-skribenten har hatt ei greie for Island. Gjennom sju artiklar eller synsinger, har eg det siste året prøvd å gi dykk eit minstemål av kunnskap om dette broderlandet.

Så om du ikkje kan ”ditt Island” enno, så gå til arkivet, og lær! Du som har grunnfag i islandskunnskap, kan trygt gå vidare til neste nivå. Hald deg fast. No skal de nemleg få eit revolverintervju med ein nestan-revolusjonær:

Raud Ungdom-leiar

Mimir Kristjansson er halvt islandsk, men vaks opp i Stavanger. Medan dei andre islendingane demonstrerte, hadde kasserollerevolusjon og velta den nyliberalistiske og høgrekonservative regjeringa si, så var Mimir leiar i Raud Ungdom i Norge. Medan islendingane valde seg ei ny og nesten radikalt venstreorientert raudgrøn regjering, blei Mimir politisk journalist for Klassekampen i Norge.

Vi har tatt ein prat med han for å diskutere nettopp dette med ”Shock Doctrines” i forhold til Island. Men først, eit lynkurs i ”Sjokkdoktriner”:

1. ”Sjokkdoktrine” er eit omgrep laga av Naomi Klein

2. Omgrepet korleis ein kan behandle nasjonar som er i ”sjokk”.

3. Sjokka kan kome etter revolusjonar, regjeringsskifte, kriser eller andre typar ekstreme omveltningar.

4. Døme på sjokkdoktrinar, er når USA prøver å innføre amerikansk politikk i Irak etter krigen: Eit Irak som er ”i støypeskeia”, og som skal bygge seg opp att.

5. Var Island ”i sjokk” etter finanskrisa, etter ”kasserollerevolusjonen”, etter vulkanutbrot og det merkelege lokalvalet, kor eit tulleparti vann?

6. Og om dei var i sjokk, har USA eller andre interessentar prøvd å påverke måten Island blir bygga opp etterpå?

Nyliberalisme

Det er på tide å ringe Mimir Kristjansson, sosialist og smarting, og få hans meining om desse tinga:

MK: Hei Mimir! Eg såg deg på scena på Litteraturhuset! Takk for eit interessant framlegg! Eg noterte litt på ein serviett, og har rabla noko om at Island burde vere nemnt i Sjokkdoktrinen (Naomi Klein, 2007). Kan du seie litt meir om dette?

Mimir: Som i mange av eksempla i Sjokkdoktrinen har nyliberalismen nytta Island sin økonomiske ruin til å innføre ein endå meir nyliberal politikk. Denne politikken ville neppe hatt folkeleg støtte før krisa, og har i alle fall ikkje folkeleg støtte no. Når den likevel ser ut til å få gjennomslag skuldast det regelrett utpressing frå internasjonale institusjonar som EU og IMF.

MK: Kven er nyliberalismen, i dette tilfellet?

Mimir: EU og IMF! Medan førstnemnte stiller ei rekke krav om tilpasning til EU-standardar for å vurdere islandsk medlemskap, stiller sistnemnte ei rekke krav knytta til utbetaling av lån og strukturprogram. Gjennomgangstonen i begge er at Island, for å stabilisere økonomien sin, må gjennomføre ytterlegare liberaliseringar av realøkonomien. Sentralt her er å få «balanse i budsjetta», som betyr budsjettkutt, og «å gjenvinne tillit i marknaden»: Ein må gjere opp gjelda si, ukritisk til krava frå kreditorane.

MK: Kva tenkjer du om måten UK og Nederland “prøvde å presse gjennom” ei bindande avtale – i ei tid då folket var i sjokk?

Island under press

Gordon BrownMimir: Det er mange aspekt av Icesave-saka som ber preg av at Island, og Europa, var i ein sjokktilstand. For det første ville islendingane neppe gå med på den første Icesave-avtala om dei ikkje var under press frå EU og IMF.

Det er verdt å merke seg at det juridisk tvilsame Icesave-kravet blei gjort til kvar for alle utbetalingane av lån til Island. Vi snakkar med andre ord om ein rein utpressingsstrategi her. Storbritannia brukte terrorlovar for å konfiskere eigedommen til Landsbanki. Eg trur at det bidro til å sjokkskade den islandske regjeringa.

Viss islendingane ikkje var lamma av kriser og sjokk, er det grunn til å tru at dei i staden for å akseptere avtala, ville forfulgt eit juridisk spor, der ein gjekk lengre i å betvile islendingane sitt totale juridiske ansvar for Icesave.

Det er også verdt å merke seg at sjokkdoktrinen i denne samanheng også blei benytta i Nederland, og særleg i England. Det er ingen grunn til å tru at det engelske folket til vanleg ville akseptert den behandlinga vesle Island fekk av Gordon Brown og finansminister Alistair Darling (nok ein gong er bruken av terrorlovane botnmålet) dersom ikkje landet sjølv var i økonomisk krise.

Sjokktilstanden i islandsk politikk blei bekrefta under striden av folkerøystinga om Icesave, då den islandske regjeringa satsa alt på å hindre folk i å møte opp og stemme mot avtala. Kvifor ein radikal venstreregjering i denne sammenhengen gjekk mykje lenger enn høgreopposisjonen er det vanskeleg å forklare utan å sjå på sjokktilstanden som lamma islandsk politikk.

Vil trekke EU-søknad

Men det beste eksempelet på sjokktilstand i islandsk politikk er eigentleg den pågåande EU-prosessen. Rett etter krisa sa eit panikkgripe fleirtal av islendingane at dei ville gå inn for EU-medlemskap. Dette er, i endå større grad enn her heime, ein unntakstilstand i islandsk politikk. Også to av partia på høgresida, sjølvstendighetspartiet (høgre) og Framskrittspartiet (Senterpartiet), opna for EU-medlemskap.

I dei kriselignande tilstandane som herska på Island etter bankkollapsen kunne ein begynne ein prosess med å få Island inn i EU, ein prosess som no går sin skakke gong. Men allereie no, sjølv om vi framleis er langt frå nokon normalsituasjon på Island, seier seksti prosent av islendingane at dei vil trekke attende søknaden om EU-medlemskap.

MK: På servietten min har eg også notert noko slikt: At Island sendte inn ein søknad til EU, er eit sterkt signal. At dei tar den attende, er eit endå sterkare signal. Om det var noko slikt du sa: Er attendetrekkinga av søknaden så sterkt eit signal fordi det viser eit land som har innsett at dei ikkje “var seg sjølv” då dei søkte? Eller “var dei seg sjølv”? Og vil du seie at Island er på veg attande til ein meir normal tilstand? Kan Island finne ein balanse? Lande?

EU-flaggMimir: Island befant seg i ein psykose då politikarane sendte EU-søknaden. No er motstanden mot unionen attende på eit normalt nivå, det vil si at eit solid fleirtal er skeptiske. Seksti prosent seier dei no vil trekke attende søknaden, som i utgangspunktet er eit sterkare signal enn å bare si nei til EU, fordi det i tillegg til eit «vanleg nei» innebærer ei torpedering av den prosessen som no er i gang, og som ein ikkje endå kjenner det heile og fulle utfallet av.

Vi kan nok sjå teikn til at islendingane no vender attende til sin normaltilstand, det vil si ein særeigen islandsk «isolasjonisme». Etter eit tiår med enorm internasjonalisering, der Reykjavik har agert som trendhovudstad og islendingene har marknadsført seg som verdas mest opne og dynamiske folk, kan mykje tyde på at islendingene ser seg attende til røtene og lar utenomverda halde fram.

Tilbake til det trauste

På ein måte minner denne reaksjonen meg om Danny de Vitos Pingvinen i Tim Burton-filmen Batman Returns, som kjem opp frå kloakken og blir hylla som ein helt, før han blir avslørt, og dermed trekk seg ned i kloakken på ny. På samme måte er kanskje islendingane no på veg attende til kloakken, det vil seie attende til trauste, trygge Island uten finansspekulantar, catwalkar og secondhandbutikkar.

MK: Er du stolt over at folket, trass i sjokktilstanden, har stått på retten sin til (eg siterar Einar Már som siterer afrikanske aviser) “ikkje bli eit u-land”?

Mimir: Ja. Det islandske folket er no eitt av få folk i Europa som er frykta av regjeringa si. Det er særleg imponerande korleis det store fleirtalet islendingar møtte opp og stemte mot Icesave-avtala, trass innstendige åtvaringar og oppfordringar frå den sittande regjeringa om å bli heime. Det er også viktig å merke seg at dei fleste av krava frå demonstrantane frå høsten 2008 er oppfylt.

Regjeringa måtte gå av (og blei erstatta med ei historisk raudgrøn regjering), banksjefen måtte gå av, og det blei folkerøysting om Icesave-avtala. Derimot er eg mindre stolt over islandsk venstreside, som ikkje har klart å kanalisere denne misnøyen inn i reell politisk endring.

MK: Både Einar Már og du snakka om at dei raudgrøne “sviktar”. Kva legg de i det?

- Venstre-grøne sviktar

Mimir: Konkret svikta regjeringa i Icesave-saka, då dei gjekk mykje lengre enn høgresiden i å hevde at islendingane måtte gjere opp for seg på engelskmennene og nederlendarane sine vilkår. Meir overordna sviktar dei i form av at det ikkje blir gjennomført systemovergripande reformer på Island, slik ein i alle fall skulle vente at Venstre-grøne gjekk inn for. Dermed finnest det ein fare for at Island no lader opp til eit nytt finanseventyr, for så å begynne på spiralen igjen.

MK: Ser du på Island, (av i dag), som på eit nullpunkt, som eit nytt land kan vekse fram frå?

Mimir: Både jau og nei. Island er på eit nullpunkt i den forstand at det gamle systemet har brote saman, og at eit nytt no må bli bygga opp. Samtidig ser vi ingen tendensar til at eit nytt samfunn veks fram, men at nyliberalismen kjem opp frå oska som ein fugl føniks. Korvidt denne nye nyliberalismen blir ein annen enn den som gjekk konkurs i krisa, vet vi ikkje. Men det er grunn til å frykte at vi framover vil få endå sterkare krav om liberaliseringar, både i velferd og i forvaltninga av naturressursane.

MK: Kva meiner du med “den nye liberalismen” her?

Mimir: Det same som siste gongen du spurte. Spørsmålet her er om ein no får eit nytt finanseventyr kombinert med nedskjæringar i offentleg sektor for å trygge statsfinansane, og sal av naturressursane for å skaffe kapital. I så fall får ein eit nytt samfunn, men då eit verre enn det ein hadde i forkant av krisa.

Kjøpar sin marknad

MK: Islandske naturressursar blir privatiserte. Er dette ei “sjokkdoktrine”-sak: at nokon (private (nord-amerikanske) selskap) utnyttar ein situasjon av (post)-krise?

Mimir: Ja. I Island er det no kjøpar sin marknad. Dei som vil investere eller starte næringsverksemd får skalte og valte nestan som dei vil. Dette gjeld også ein del av den gamle eliten (som førte islendingane ut i uføret), som no er i gang med å starte opp nye firma og tjene seg opp nye formuer. At IMF har brukt Islands økonomiske ruin til å stille krav (som i det store og det heile ikkje er offentleggjort), og at desse vilkåra sannsynlegvis rettar seg inn mot privatisering av velferd og privatisering av naturressurser, er det liten tvil om. Viss islendingane var i ein annan økonomisk situasjon, ville ein aldri ha fått gjennomslag for denne typen liberalisering, særleg ikkje med ein så radikal regjering som ein har i dag.

MK: Kva er så radikalt med den regjeringa som dei har i dag? Det at det sitt så mange raude i regjering?

Mimir: Enkelt svara: Ja. Du må hugse kva slags jordskjelv det eigentleg er at Samfylkingen og dei Venstre-grøne no styrer saman med fleirtal i ryggen. Sistnemnte auka i oppslutning frå 14,3 til 21,7 prosent i 2009. Og det er første gong sosialdemokratane er større enn det konservative sjølvstendepartiet, som normalt er ørna blant partia på Island. Der var det mange, meg inkludert, som hadde store forventningar til at ein slags Ap/SV-regjering no skulle gjere grep for å få Island på fote. Det mangla då heller ikkje på folkeleg støtte for å gjennomføre slike reformar. Men den gang ei.