Magasinett

Utskrift

Nokon i framtida tenkjer på deg

Skrive av Live K. Torvund .

Sapfo

Det er ei som stirar på meg frå skjermen når eg skrur på datamaskinen. Ho lener seg mot ein knaus med overarmen, slik at eine handa heng tom og slapp. I den andre held ho ei lyre, henslengt og liketil. Henslengt på ein alvorleg, elegant og alt anna enn slaskete måte.

Brysta hennar er bare, men det er augo ein blir fanga av, mørke som himmelen og havet i bakgrunnen, der ein berre ser ei stripe lys heilt nede ved horisonten. Triste, bestemte, sterke auge.

For totusenfemhundre år sidan gjekk ho rundt, songaren og poeten Sapfo. Ho såg nok ikkje ut som på måleriet eg har som skrivebordsbakgrunn, men me kan tenkja oss at ho i blant gjekk barbeint på den greske øya Lesbos med lyra i handa. Glad eller trist, opprømt eller sint, med ord og toner i hovud og hals.

Me veit lite eller ingenting om ho. Det nokon seier er sikkert, vil andre seia at me absolutt må tvila på: Hadde ho ei dotter som heitte Kleis eller var Kleis ein ung kjærast? Hoppa ho frå ei klippe fordi ho var ulukkeleg forelska eller døydde ho i si eiga seng? Var ho stygg eller vakker? Me kan finna kjelder som seier både det eine og andre, men alle er dei frå lenge etter at Sapfo sjølv levde, og ingen kan me stola heilt på.

Me veit at ho fanst for me har nokre av orda hennar, sjølv om dei også ofte er usikre, halvvegs utviska. Men dei finst! Som gamle greske teikn me kan lesa og tyda, fragment av dikt. Kjærleiksdikt til både menn og kvinner, songar til jenter som skal gifta seg og dra vekk frå familie og fridom, vonde spørsmål og ei stemme som rettar seg mot oss her, heilt der framme i 2010, oss som ho ikkje kan førestilla seg tydeleg, men som ho aner at skal lesa dei orda ho skriv:

You may forget but

 

Let me tell you

this: someone

in some future

will think of us

Tekstane til Sapfo blei til i ei tid då ein gjekk frå munnlege overleveringar til å skriva ned dikt og songar. Me kan tenkja oss korleis orda blei uttalt på gamalt gresk, me kan tenkja oss korleis lyrene høyrtest ut, kva slags stemme Sapfo hadde, men me veit ikkje. Ho er mystisk, mest mytisk, som ein av dei greske gudinnene eller heltane, men me er ganske sikre på at ho fanst og eg er heilt sikker på at ho framleis finst. Ho finst, og gjennom omskrivingar til vårt alfabet og omsetjingar som er fulle av spørsmål utan svar i etterorda, er ho sterkt tilstades.

SapfodiktDet er som om totusenfemhundre år berre er dagar når eg les orda hennar. Nokre dagar har gått, men framleis finst dei same kjenslene, dei same tankane, den same kjærleiken her. Eit par tusen rundar har planeten gått rundt sola, men eg og Sapfo kan likevel vera i same rom, medan planeten har same stødige gong rundt seg sjølv og stjerna no som då.

Eller kanskje veit me heller ikkje om kjenslene var dei same i Hellas for så lenge sidan, me veit ikkje om kjærleik var det same, kanskje tyda orda andre ting. Språket, mytene, musikken var heilt annleis og det er som om me ikkje kan sjå det, berre ana det som var, slik Sapfo ana det som skulle koma.

Om ein forsøker seg på å lesa litt filosofi eller litteraturhistorie ender ein fort opp i det gamle Hellas med alle dialogane, tragediane, komediane, illiadane. Det er fantastiske tekstar og tankar, verdt ein kikk eller to, eller eitt tiår eller tre med studier. Sapfo er også der blant alle dei greske mennene. Ho syner at også jenter kunne dikte, då som no, at dei kunne syngja og elska. Det er fint, og sjølv om mennene meinte at kvinner verken hadde sjel eller stemmerett kunne ingen hindra orda hennar i å bli verande heilt til i dag.

Det er noko merkeleg fint med at det er så lite me veit om ho. Dagane våre er fulle av fakta. Det er så mange ting å vita, så mange svar og så mange quizleikar. Me kan slå opp alt på den store verdsveven og visst er det også fint å kunna finna svar på kven og kva og kor. Men å ikkje vita sikkert gir ei heilt anna kjensle. 

Me kan nok ikkje venta at me nokon gong finn ut mykje om Sapfo som er til å slå i bordet med. Me kan berre lesa det ho har skrive, eller som den engelske omsetjaren skriv: Det dei seier ho har skrive. Me må berre tru at ho har vore til og me må berre førestilla oss kven ho var og korleis dikta eller songane hennar hadde vore om dei var heile. Dei fragmenta me kan lesa er likevel så sterke, så klare at når me fyrst har oppdaga dei er det umogleg å lata som om dei aldri har vore til.

Sapfo skriv om vakre sandalar og stoff og om å heller enn dette ønska seg ein enkel blomekrans. Ho skriv om å alltid elska mest dei som sårer djupast og om å håpa at ei lukkeleg natt skal bli dobbelt så lang. Eller ho skriv som her om å vera så trist at ein aldri nokon gong kan bli glad att:

It is clear now: 

 

Neither honey nor

the honey bee is

to be mine again

Nett som oss veit ho ikkje kva ho vil

This way, that way

 

I do not know

what to do: I

am of two minds

eller forsøker som ein kan kjenna seg att i å, kanskje fåfengt, gi seg sjølv gode råd

Sappho, when some fool

 

Explodes rage

in your breast

hold back that

yapping toungue!

Sapfo tvinger oss til å merka at me finst i tid og at desse døgera me lever er nokre av uendeleg mange døger, samstundes syner ho oss at nett desse døgera då me er til er aller viktigast. Slik kan dette livet vera heilt tilfeldig og veldig kort, men samstundes avgjerande, alvorleg og fantastisk. Ho minner oss om at det har funnest så mange dagar og menneske før oss og også om at det kanskje også finst nokon ein gong, ein stad i det me kaller framtida som vil tenkja på oss. Sapfo får sjølv avslutta:

Although they are


Only breath, words

which I command

are immortal

Om du vil lesa meir av eller om Sapfo finst det fleire bøker og også ho finst på verdsveven. Eg har brukt dei engelske gjendiktningane til Mary Barnard: Sappho, a new translation fordi eg liker dei best. Men det finst ei norsk av Svein Jarvoll og ei svensk av Vasilis Papaageorgiou og Magnus William-Olsson.