Magasinett

Utskrift

Skriv på stasjonen!

Skrive av Toyni Tobekk .

Sitat

Har du eit favorittsitat? Kvifor ikkje dele det med alle som reiser via Oslo S? Deichmanske bibliotek i Oslo bed oss om å sende inn favorittsitata våre, som går direkte ut på tavla på jernbanestasjonen.

Sitatet ditt kjem på den seks meter lange tavla temmeleg med ein gong du sender det inn, og sitata kan sendast inn via SMS eller via nettsida favorittsitat.no.

- Me blir minna på bokas evner til å gje deg gode reiser, og det er ein bra stad å gjere det her på sentralstasjonjen kor reisa står i fokus, sa prosjektleiar Reinert Mithassel i Deichmanske bibliotek til NRK då tavla opna fredag sist veke.

Prosjektet er ein del av Leseåret 2010 som skal skape større leseglede blant oss, fortel Bergens-Avisen. Tavle-prosjektet starta allereie i sommar, under Øya-festivalen, då biblioteket samla inn hundrevis av sitat frå publikummarane. Sitata blir å sjå til midten av november.