Magasinett

Utskrift

Antikvariske politikarar

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Per Inge Torkelsen

- Eg kjem til å kummulere unge når eg skal røyste neste haust, for det finst altfor mange antikvitetar som meg i politikken i dag, slår Venstre-politikar og klovn Per Inge Torkelsen fast under ei Mot til å meina-samling på Strand videregående skole.

Torkelsen nærmar seg 60 år, og han har vore politisk aktiv sidan slutten av 60-talet. Den første gongen han verkeleg viste sitt politiske engasjement for offentlegheita, var det innføring av fargefjernsyn han demonstrerte mot.

- Eg er vel ikkje akkurat stolt av det nå, men eg hadde i alle fall tenkt sjølv. Eg ville prøve å gjere ein forskjell, seier 57-åringen.

- Det er viktig å bruke hovudet og engasjere seg, legg han til.

Synnøve KvammeNettopp dét har Synnøve Kvamme (19) i Granvin ungdomsråd og Bevar Hardanger gjort. Ho har kjempa i fem år mot staten si kraftutbygging i heimbygda. Ho har demonstrert mot utbygginga både lokalt og utanfor Stortinget, uttalt seg i fleire media og snakka med sentrale politikarar.

- Du tenker kanskje at det er nokre andre som kan kjempe for sakene du bryr deg om, men kva om alle tenkte slik, spør ho dei rundt 50 andre- og tredjeklassingane ved studiespesialisering på Tau.

Sjølv er ikkje Kvamme aktiv i eit politisk parti, men har tru på at du kan vere politisk engasjert utan å vere med i eit parti. Ho meiner det burde vore lovfesta at alle kommunar skal ha eit ungdomsråd.

Hjelmeland kommune har eit ungdomsråd, men det er få ungdommar som står på listene til dei lokale politiske partia.

- Eg er 53 år og den yngste ordførarkandidaten i Hjelmeland ved neste val. Slik kan det ikkje vere, slår ordførar Bjørn Laugaland fast.

Han oppmodar innstendig dei unge om å engasjere seg i lokalpolitikken:

- Vi treng hjelp. Engasjer dykk uavhengig av kva dykk måtte meine.

Mot til å meina