Magasinett

Utskrift

Tilbake på barneskulen

Skrive av Mette Karlsvik .

Sko

Mette Karlsvik har vore på forfattarbesøk i trondheimsskular denne hausten. Her har ho treft dagens elevar, i tillegg til at ho har treft på seg sjølv som 10-åring.

Trondheim Kommune har over femti barneskular. 53 grupper femteklassingar fekk denne hausten vitjing av meg. Og forfattarbesøk, det visste dei vel kva var. Den Kulturelle Skolesekken i Trondheim har sendt forfattarar som Marit Kaldhol og Bjørn Ousland rundt i åra før. Dei var vante litteraturkonsumentar, trondheimsungdommen. Dei var ikkje redde for å stille spørsmål. Slik var det at også eg, vitjaren, lærte noko av skuleturneen:

1. Femteklassingar i Trondheim lar seg ikkje lure.

2. Femteklassingar i Trondheim høyrer på kva ein seier.

3. Særleg godt høyrer trondheimselevar etter når ein fortel dette:

Som journalist måtte eg gjere som sjefen sa. Nokre gonger var det det same som oljeselskapa i byen sa. Som forfattar er ein sin eigen sjef. Då kan ein vere kritisk til oljeindustrien.

1. Femteklassingar høyrer godt etter, og særleg når det handlar om miljøvern.

2. Femteklassingar kan ganske mykje om global oppvarming, og det på trass av at dei ikkje har om det på skulen før i sjuandetrinnet.

3. Femteklassingar lurar på kor mykje forfattarar tener.

4. Dei lurar på kor mange år forfattarar er.

5. Dei lurar på om forfattarar kjenner andre forfattarar, og særleg Jo Nesbø.

6. Femteklassingar spør:

Kor lang tid tar det å skrive ei bok?

Kor lang er den lengste boka du har skrive?

Har du ein onkel?

Kva heiter onkelen din?

Har du hund?

Femteklassar i Trondheim har minst ein elev som kan noko særskilt. På Nardo er det ein ekspert på Boeing-fly. På Åsvang er ein ekspert på fysikk og elektronikk, og i ein andre klasse på Nardo, ei jente som kan alt om elbilar. I to av 53 grupper hadde conversesko kome på moten. I to av 53 grupper var kosedressar på moten. Tre femteklassar hadde ein elev som trong høyreapparat. Halvparten av alle klasseromma hadde problem med DVD/smart-boards. 40 av 53 skuletimar blei forseinka fordi det var eit problem med teknikken. Dei tekniske problema var oftast å få bildet, frå DVD-spelaren, opp på lerrettet. I 48 av 53 grupper hadde elevane ”figurstrikk” rundt handledda. Dei liker å få autografar på underarmene sine. Særleg gjeld dette dei femteklassene som tidlegare har hatt rosenborgspelarar på besøk på skulane sine. Av dei femteklassingane som svarar meg når eg spør kva dei vil bli når dei blir store, så svarer 1/4 av dei fotballspelarar, 1/4 svarer noko som har med dyr å gjere, og resten svarer, kanskje til ære for den som vitjar, forfattar. Og så spør dei, til slutt:

Kor gamal må ein vere for å få lov til å bli forfattar?

Og då svarar læraren deira før meg. Ho, som sitt borte til høgre, og har vore ganske så usynleg fram til no, seier:

De er då forfattarar alle saman! De har då laga bok! Vi laga ei bok i fjor, og ei i år. Jau, dei er dyktige til å skrive forteljingar, desse elevane våre, seier læraren. Læraren held fram, og eg assosierer. Eg tenkjer på kva eg var som femteklassing. Eg var ikkje eingong femteklassing, men fjerdeklassing, eg, som begynte skulen før seksårsskulen. Forteljingar trur eg ikkje at vi skreiv. Og tanken på å bli forattar var like fjern som Madonna, A-ha og Michael Jackson. Børni kunne kanskje ha blitt forfattar, om han ville. Eller Linda, Tomas, Chris. Men eg, nei, eg var mest oppteken av at eg var så rar, og trudde kanskje at det var ein sjeldan og døydeleg sjukdom eg hadde, som gjorde meg så annleis og utanfor.

Det ringer ut. Elevane strøymer ut døra. Eg pakkar saman tinga mine, og kjenner det som om eg pakkar saman skuletida mi. Hausten på trondheimsskulane har vore eit oppgjer med mi eiga, ofte smertefulle tid på barneskulen. Det var godt å kome dit som vaksen. Vaksen-Mette henta fram fjerdeklassingen. Eg trøysta dette barnet i meg. Og ikkje minst, så fekk eg svar på ein del spørsmål som eg då hadde, og som eg ikkje eingong visste at eg hadde.