Magasinett

Utskrift

Trond-Viggo på konferanse

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Trond-Viggo Torgersen

Mot til å meina arrangerer ny konferanse i Oslo 10. og 11. mars. Konferansen heiter denne gongen ”Snakk med oss – då gidde me kanskje stemma”.

Fleire kjende namn er sette opp på konferanse-programmet. Mellom anna skal Trond-Viggo Torgersen, som leiar av regjeringa sitt utval om unge si makt og deltaking, vere med på konferansen. Han skal snakke om korleis ein kan gje dei unge makt på den politiske arenaen.

Torgersen skal også vere med på ein paneldebatt saman med ein representant frå kjernegruppa til Mot til å meina (MTÅM), professor i samanliknande politikk, Frank H. Aarebrot, fylkesordførarkandidat i Rogaland, Janne Johnsen og leiar av Nasjonalt Ungdomspanel, Vetle Wang Solheim.

I tillegg skal Merima Maja Brkic, som er forfattar og jobbar som rådgjevar for statsminister i Storbritannia, David Cameron, snakke om korleis det har vore å kome frå raude Årdal til det konservative Storbritannia.

Assisterande generalsekretær i Norsk redaktørforening, Arne Jensen, skal leia ein debatt kor klovn og lokalpolitikar Per Inge Torkelsen, statsvitar Svein Tore Marthinsen, nemnde Merima Maja Brkic og ein representant frå kjernegurppa i MTÅM er med.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete kjem til konferansen den andre dagen, og skal snakke om korleis kommunane skal få dei unge med. Rektor ved Markedshøyskolen, Trond Blindheim, avsluttar konferansen med å snakke over temaet – Kan vi marknadsføre dei unge til politisk engasjement og få dei til urnene?

Mot til å meina er eit toårig pilotprosjekt som har som mål å auke den politiske interessa og deltakinga blant ungdommar under 26 år i tre utvalde kommunar; Sauda, Hjelmeland og Time.

Kjernegruppa i MTÅM består av elevar frå vidaregåande skular i desse tre kommunane. Denne gruppa skal gi råd om korleis det kan jobbast for å motivere ungdommar til politisk engasjement og politisk arbeid.

Det konkrete målet til MTÅM er å få fleire ungdommar på listene til lokalvalet til hausten og at prosenten av ungdommar som nyttar stemmeretten sin blir større.

Kjernegruppa i MTÅM har arrangert fleire konferansar tidlegare, mellom anna konferansen Demokratiet: Blåmandag eller grøn framtid? med 125 deltakarar i Stavanger i fjor vår.

Her finn du programmet for konferansen.