Magasinett

Utskrift

Helse i telefonkøen

Skrive av Marianne Magnussen .

Jente

Når ein ventar, kan ein mellombels sleppe laus ein multiengasjert hjerne og la den springe fritt rundt i marka, jage opp fuglar eller hoppe i søla. Mentale luftepausar kan gjere travle liv meir uthaldande. Telefonkøar er difor ein potensiell helseressurs.

For ti år sidan skreiv underteikna eit ironisk kåseri for Magasinett om korleis ein gjennomført effektiv norsk kvardag kan vere. Det var på den tida eg enno ikkje hadde skjønt at det gjekk an å ha fleire faner oppe samstundes i Windows, eller at ein fint kan snakke i telefonen medan ein vaskar golv. Ti år seinare er temaet ultraeffektivitet ikkje like komisk frå mi side. Eg har i dag vanlegvis minst ti faner oppe på skjermen samstundes. Eg liker å snakke i telefonen medan eg gjer husarbeid. Og rekningane har eg vent meg til å betale under førelesingane på høgskulen. Særleg dersom førelesaren snakkar seint. Hjernen har delvis vorte tilpassa det moderne norske tempoet, sidan han ofte føretrekker å kjøre med dual-core prosessor når han er i arbeidsmodus.

For tjue år sidan var eg ekspert i å vente. Eg kunne vente i det uendelege på at skulebussen skulle kome utan å bli irritert. Eg kunne fiske i timevis utan å få korkje napp eller føle at eg kasta bort tida. Etter kvart som eg vart meir vaksen, fann eg derimot ut korleis eg kunne fylle fleire og fleire ventepausar med noko produktivt. Gjere lekser på bussen. Ta telefonar i friminutta. Pugge gloser under jogging. Lese bøker medan eg fiska. Dette etter kvart intense livet fungerte faktisk glimrande i eitt par år. Men omsider byrja varsellampa så smått å blinke.

Oppvask på kontoret

Ryggen tok til orde ein morgon, og banka på kontordøra til Hjernen, som sat og ivrig la planar for dagen. ”Orsak, men eg er i ferd med å stivne til når vi har så høgt tempo over lang tid. Kan vi ha ein halv times pause midt på dagen, der eg kan kople heilt av?” spurde den trufaste arbeidaren. Men svaret var avvisande: ”Vent til helga. Du har jo klart deg greitt i vekedagane hittil. Du må berre tenke positivt!” Dette framprovoserte rett og slett ein trussel om streik: ”Eg nektar å jobbe full dag utan pause! Dessutan nektar eg å jobbe overtid kvar dag!” Ryggen gjekk ut og lukka døra hardt igjen etter seg, og Hjernen hadde ei aning om at diskusjonen var tapt. Men etter å ha skaffa seg meir kompetanse om temaet, fann Hjernen ut at Ryggen sine krav faktisk ikkje var urimelege. Han vedtok difor ei rekkje reformer for å leggje om livsstilen. Det innebar å måtte seie oftare nei til interessante prosjekt, la vere å alltid gjere ting på den mest effektive måten og å senke forventningane til produktiviteten med eitt par hakk. Hjernen var glad han hadde alderen på si side. Det er enklast å endre seg når ein framleis er ung.

No har det gått nokre år, og Hjernen har med tida lært seg å setje pris på eit meir balansert liv. Ikkje berre for Ryggen si skuld, men og for sin eigen del. Eit par gongar i løpet av studiekvardagen tek han seg no ein mental luftepause. Då hoppar han ut av vindauget, spring rundt i marka, klatrar i tre eller byggjer slott i nysnøen. Eller berre kviler litt og tenker på ingenting. Å måtte stå i telefonkø, gjer Hjernen heller ikkje like utålmodig som før. Han har funne ut at dette er eit potensielt ekstra friminutt. Særleg viss det er fin ventemelodi, låg takst og det er minst fem minutt ventetid.

Skadeleg stress

Stressrelaterte fysiske plager har vorte svært vanleg i Noreg, også blant ungdom. Legevitskapen har vedgått at psykisk stress har negativ verknad på kroppen, både gjennom immunsystemet, hormonsystemet og nervesystemet. Det kan mellom anna gjere at vi vert lettare sjuke, får lågare smerteterskel eller at vi har vanskelegare for å roe ned når vi fyrst får sjansen. Alle har ein stressrespons som gjev tidleg melding når ein er i ferd med å tøye grensene for langt. Smerter i hovud, rygg eller mage kan vere eit slik teikn. Viss ein lyttar til signala, kan ein klare å snu i tide, før ein møter veggen eller det som verre er. Mykje forsking viser at det truleg er ein samanheng mellom stress og diverse kroniske sjukdommar, og det er semje hjå fagfolk om at stress kan gje hyppigare infeksjonar og til og med alvorlege hjarteproblem. Stressrelaterte sjukdommar er ikkje berre noko som eldre kan få, så ein sikringsmargin er lurt å ha også for ungdom.

Eg er førebels korkje psykolog eller hjerneforskar, og hevdar ikkje at dagdrøyming er like sunt for alle. Folk som gjer dette for mykje, opplever kanskje at det hindrar dei i å få gjort mange viktige ting, slik at dei indirekte vert meir stressa av det. Poenget mitt er at hjernane og kroppane våre treng tilstrekkeleg med avkopling gjennom kvardagen for å halde ut i mange år. Og dette er noko vi sjølv må ta ansvar for, på same måten som jamleg fysisk trening, dersom vi ønskjer å ta godt vare på helsa.

Personleg intelligens

Vi blir stressa av ulike ting, og difor kan du ikkje utan vidare lære av andre å finne balansen mellom kvile og aktivitet. Bestemor di synest kanskje at det å bestille billettar på Internett er mest slitsamt, medan du gjer dette utan å blunke. Far din blir kanskje heilt matt berre ved tanken på å lære deg å køyre bil, medan mor di får energi av å sjå kor flink du er blitt bak rattet. Kva gjer deg mest sliten eller stressa av dei tinga du eigenleg er fri til å la vere å gjere? Dersom du blir betre kjent med dine eigne grenser og kjensler, aukar du den såkalla personlege intelligensen din. Då vert det lettare å ta vare på seg sjølv.

Staten bruker om lag 200 milliardar årleg på helse, men nesten alt går med til å hjelpe folk som allereie er blitt sjuke. Ein god del av dei fysiske plagene er relaterte til stress. Viss ingen har fortalt deg at du ikkje er ein maskin, tyder det ikkje at du alltid vil klare like mykje som du gjer i dag. Det tyder derimot at førebygging av stressrelaterte plager ikkje er nok integrert i den offentlege oppsedinga i Noreg. Viss du vanlegvis berre får skryt når du er aktiv, kan det vere at du fortener minst like mykje ros om du tek det litt meir med ro. Men det kan hende at du er den som må klappe deg sjølv på skuldra.